Heidrar Samfundets fyste kvinnelege leiar

Samfundet får for fyste gong få eit offentleg lokale som er namngitt etter ei kvinne.

Jemtland på plass som møteleiar for Samfundsmøte, med klubbe og stol som stadig er i bruk.
Publisert

Studentersamfundets nybygg opnar dørene 10. august. Tilbygget husar mange nye lokaler, og medføljande ei rekke nye namn. «Skala», «Vollan», «Vuelie» og «Siri» er blant namna som skal inn i studentvokabularet. 

Lokalet «Siri» tek namnet frå Samfundets fyste kvinnelege leiar, Siri Jemtland. Og med det skal Samfundet for fyste gong få eit offentleg lokale som er namngitt etter ei kvinne. Vi møter kvinna bak namnet, som no er pensjonert arkitekt.

Kva følte du når du fekk beskjed om at eit lokale på Samfundet skulle få namnet Siri?

- Då eg fekk beskjeden vart eg veldig overraska, og veldig smigra, sier Jemtland.

Som arkitekt har Jemtland blant anna teikna Siemens hovudkontor.

 Jemtland vart immatrikulert på NTH i 1953. Der skulle ho studere arkitektur, og vere ein av dei 90 jentene som gjekk på NTH den gongen. Ho vart raskt aktiv på Samfundet. I Samfundets Interne Teater var ho revy-skodespelar, og vart så fyste kvinnelege teatersjef, for så å bli fyste kvinnelege leiar for Samfundet. 

- Samfundet var halve utdanninga mi. Det var kjempefint! Spesielt den siste revyen eg var med på, Krussedull, då eg var teatersjef, var veldig gøy. 

Jemtland med styret sitt.

Kva tenker du om at eit offentleg rom på Samfundet for fyste gong er namgitt etter ei kvinne?

- Det er heilt fantastisk, eg blir veldig stolt, seier Jemtland.

Sterk symboleffekt

Rami Chumber er i dag leiar på Samfundet. Han meiner fyste kvinnelege leiar er ei milepæl for organisasjonen som er verd å merkere.

- Me meiner det har ei sterk symboleffekt å kalle opp dette lokalet etter Samfundets fyrste kvinnelege leiar. Det kjennes også svært passande å navngi dette lokalet etter ei historisk betydningsfull industriarkitekt. 

Likestilling og mangfald er høgt på agendaen, seier samfundetleiar Rami Chumber.

Også andre lokal i bygget får namn med betydning. Ei av scenene i nybygget får namnet «Vuelie», eit sørsamisk ord for joik.

- Navnet er eit symbol på den samiske kulturarva me har i Trondheim, og me håpar det blir ei påminning om Samfundets rolle som en inkluderande møteplass, seier Chumber.

Følg UA på Facebook og Instagram.