Ny UH-lov: Rektor er ikkje bekymra

Undervisningsspråk og sensorkrav vart diskutert under tirsdagens styremøte.

Styremøte, Anders Lie Hagen
Publisert

Frå 1. august 2024 inntrer ei ny lov om universiteter og høyskoler (UH-lova). 

I sitt opningsinnlegg la Tor Grande fram somme av endirngane. Her at fagleg fridom omformulerast til akademisk fridom, nye fuskereglar, at postdokar skal vare i 3-4 år, nye reglar for undervisningsspråk og krav om to sensorar.

Krav om norsk eller samisk undervisingsspråk

Den nye UH-lova slår fast at undervisningsspråk bør vere norsk eller samisk. Avvik frå dette skal ha ei tydeleg fagleg begrunning.

Nicolai Winter-Hjelm tok opp at dette kan ha negative konsekvenser, spesielt for masterprogramma. 

- NTNU ønsker å ha mange internasjonale studentar, om undervisningspråk skal vere norsk vil desse elevane ha mindre valmoglegheit. Med det vil NTNU vere mindre attraktiv for internasjonale studentar, sa han.

Winter-Hjelm meinte at NTNU som organisasjon bør sei tydelig i frå om dei negative konsekvensane dette vil ha.

To sensorar på alle 15 poengs fag

Krav om to sensorar ved eksamenar på 15 studiepoeng vart også diskutert. Denne endringa har tidlegare fått stor motstand frå universitet og høgskular, då det vil kreve stor ressursbruk.

Styremedlem og studentrepresentant Anders Lie Hagen utrykka usikkerhet ved om NTNU er parat til å imøtekomme dette kravet. 

- Faga med 15 studiepoeng eller meir som blir ramma av endringa er i hovudsak på Dragvoll, og det er ikkje mange, sa prorektor for utdanning Marit Reitan.

Grande viste til at NTNU allereie har praksis med å ha to sensorar på masteroppgåver, og at det nye kravet truleg ikkje vil føre til store endringar. 

Styremedlem Aksel Tjora peika på at han har to store fag med 15 studiepoeng kvart semester, og at det nok ikkje vil bli smertefritt å innfri kravet.

Følg UA på Facebook og Instagram.