The big challenge: Ein festival for folk flest?
«Store og flotte ord, men handlingar talar som kjend høgare enn ord, og det å setje ein skyhøg pris på billettane gjer festivalen utilgjengeleg for mange studentar. Kven er neste generasjon som skal forsøke å løyse framtidas utfordringar viss ikkje studentane?» skriv studentleiaren i denne ytringa.
Cecilie Bjørnsdotter Raustein er leiar for Studenttinget ved NTNU.
Espen Halvorsen Bjørgan
16.-19. juni 2019 skal NTNU arrangere sin internasjonale vitskapsfestival The big challenge. Festivalen skal vere for alle som er interessert i utfordringane vi kjem til å møte i framtida, og målet skal vere å dele kunnskap, og å inspirere den neste generasjonen. Dette er store og flotte ord, men handlingar talar som kjend høgare enn ord, og det å setje ein skyhøg pris på billettane gjer festivalen utilgjengeleg for mange studentar. Kven er neste generasjon som skal forsøke å løyse framtidas utfordringar viss ikkje studentane?
No er det ikkje slik at NTNU ikkje er klar over at prisen dei har satt er for høg. Det har dei fått klar og tydeleg beskjed om, og dei skal ha ros for at dei har forsøkt å samarbeide. Litt. Etter at vi har vore i dialog med dei om dette har det nemleg vorte mogleg å kjøpe billettar for enkeltdagar, noko som gjer det billigare å delta om ein ikkje ynskjer å få med seg heile festivalen. Likevel kan ikkje desse prisane seiast å vere særleg studentvenlege.
Vårt ynskje er, og har heile tida vore, at det skal verta mogleg for studentar å kjøpe festivalpass utan konsertbillettar til ein sterkt redusert pris. Slik vi ser det har NTNU med denne festivalen skapt seg ei fantastisk moglegheit til å invitere studentane inn i forskinga, som det alltid vert snakka høgt og fint om at ein ynskjer, men så har dei berre vald ikkje å utnytte dette potensialet.
Vi står fast på vårt ynskje, og vi vil igjen utfordre NTNU til å gripe denne moglegheita. Vi vil utfordre NTNU til å setje orda om forskingsnær undervising og studentar som får innblikk i vitskapen ut i handling. Vi vil utfordre NTNU til å faktisk gjere dette til ein festival for studentar flest. Det er tross alt slik at særleg her i Trondheim utgjer studentane ein ganske stor del av det ein kan kalle «folk flest».
Følg UA på Facebook, Twitter og Instagram.
Les flere ytringer her.