statsbudsjettet

Grande: - Dette var dessverre slik vi hadde forventa

I absolutte tal utgjer forslaget til rammeløyving for UH-sektoren ei auke på 180 millionar, som er ein realnedgang på 3,5 prosent.

Tor Grande: Eg er sjølvsagt skuffa, men det var som forventa. Svein Stølen: - Ein realnedgang i budsjetta på 3.5 prosent er rett og slett bare trist.
Publisert Sist oppdatert

Artikkelen er sist oppdatert 12.10 med kommentarer frå Svein Stølen og Tor Grande.

Regjeringa foreslår å løyve 48,5 milliardar kroner til forsking og utvikling (FoU) i 2025-budsjettet, skriv KD på sine heimesider. Av dette går 46,4 milliardar kroner til universiteta og høgskulane.

Delar av dette skriv seg frå rammeløyvinga til universitet og høgskular som har FoU som ein del av samfunnsoppdraget Det er ein nominell auke på om lag 180 millionar kroner frå 2024-budsjettet, og svarer til ein realnedgang på 3,5 prosent. Nedgangen skriv seg i hovudsak frå tekniske endringar, som til dømes lågare løyvingsbehov til Noregs kontingent til EUs rammeprogram for forsking og innovasjon på grunn av endra valutakurs og lågare proporsjonalitetsfaktor. Medrekna Skattefunn, er FoU-løyvingane på om lag 52,2 milliardar kroner. FoU som andel av BNP blir anslått til 0,89 prosent ekskludert Skattefunn, og 0,96 prosent inkludert Skattefunn. Tala er førebelse anslag og dermed usikre.

Viktige forskingssatsingar i 2025:

  • Ei storstilt satsing på FoU i oppfølginga av langtidsplanen for forsvarssektoren.
  • Forsking på kvanteteknologi, som fullt opptrappa vil utgjere 70 millionar kroner i året.
  • Forsking på høgare yrkesfagleg utdanning og fag- og yrkesopplæring, som fullt opptrappa vil utgjere 25 millionar kroner i året.
  • Forsking og utvikling om korleis vi kan omstille transportsystemet (Transport 2050), som fullt opptrappa vil utgjere 24 millionar kroner i året.
  • 15 millionar kroner til samfunnsoppdraget om berekraftig fôr.

Universitet og høgskular:

Regjeringa foreslår 46,4 milliardar kroner i rammeløyving til universitet og høgskular i 2025. Sjølv om det for sektoren samla er ein realnedgang på 1,3 prosent samanlikna med 2024, er det ein realvekst på 0,2 pst. samanlikna med 2019, det vil seie før pandemitiltaka, står det å lese. 

Det er berre fem andre land i OECD som bruker meir på høgare utdanning samanlikna med brutto nasjonalprodukt (BNP) enn Noreg. Og det er berre sju andre OECD-land med ein like stor del av dei unge vaksne som har høgare utdanning.

120 millionar meir til desentralisert og fleksibel utdanning

– Vi held fram med å levere på ei av dei viktigaste satsingane til regjeringa: kunnskap og kompetanse i heile landet. Det er heilt naudsynt for å ta Noreg framover. I fjor auka vi rammeløyvinga til universitet og høgskular med 200 millionar kroner for å styrke det det fleksible og desentraliserte utdanningstilbodet. Det var ein del av ei flytting av midlar frå søknadsbaserte ordningar. Neste år foreslår vi å auke potten med 120 millionar kroner for å gjere utdanning tilgjengeleg for fleire gjennom å styrke det desentraliserte og fleksible tilbodet, seier Oddmund Hoel.

Av dette går 13,1 million til NTNU.

Utdanningsforbundet: - Skuffa

- Vi er svært skuffa over at regjeringa ikkje følger sine eigne ambisjonar om meir praksisnære lærarutdanningar, seier leiar for Lærarstudentene i Utdanningsforbundet, Kaspara Halkjelvik.

Det er ikkje sett av midler til å sikre at lærarutdanningane kan tilby gode praksisstudier.

325 nye studieplassar

Regjeringa si satsing inneber 24,3 millionar kroner til 325 nye studieplassar:

  • 100 nye studieplassar i IKT. Dei blir fordelte til Universitetet i Oslo (20), Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (20), OsloMet - storbyuniversitetet (15), Universitetet i Søraust-Noreg (15), Universitetet i Bergen (10), Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (10) og Universitetet i Agder (10).
  • 50 nye studieplassar i medisin. Desse går til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet for tilbod i Ålesund og Levanger (15), Universitetet i Oslo for tilbod i Innlandet (15) og Universitetet i Bergen for tilbod i Førde (20).
  • 10 nye studieplassar på veterinærutdanninga på Noregs miljø- og biovitskaplege universitet. Desse kjem på toppen av dei 10 studieplassane som kom i revidert budsjett for 2024.
  • 165 nye studieplassar til arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning. Midlane blir fordelte mellom Høgskolen i Innlandet (10), Høgskulen på Vestlandet (20), Nord universitet (10), OsloMet – storbyuniversitetet (35), Universitetet i Søraust-Noreg (10), Universitetet i Agder (20), Høgskulen i Volda (20), Dronning Mauds Minne Høgskole (30) og Steinerhøyskolen (10).

Stølen: - Nok eit svakt budsjett

- Nok eit svakt budsjett for forskning, innovasjon og høyere utdanning, skriv UiO-rektor Svein Stølen på si fb-side.

- Ein realnedgang i budsjetta på 3.5 prosent er rett og slett bare trist. Europa (og Norge) heng, som Mario Draghi og Enrico Letta så tydeleg har peikt på, i aukande grad etter andre deler av verda. Under «Davos-møtet» for forskning, teknologi og innovasjon her i Kyoto nå, høyrer vi offensive representantar for mange regjeringar, som ser på investering i kunnskap som noe av det viktigste vi kan gjere for å løyse samfunnsutfordringar, for omstilling og vekst, skriv Stølen.

Grande: - Skuffa, som forventa

- Førsteinntrykket er jo at den situasjonen vi står i no på NTNU, den held fram, seier NTNU-rektor Tor Grande til UA i Ålesund.

Tor Grnde i Ålesund
Tor Grande på plass i Ålesund.

- Det forsterkar den dramatiske situasjonen. Vi er jo nøgde med at vi har fått nye studieplassar innan IKT og medisin. Men i ei tid då Norge treng å satse på kunnskap og kompetanse, så vel regjeringa eigentleg å la sektoren stå på staden kvil eller gå tilbake til 2019. Det svekkjer rett og slett vår moglegheit til å bidra til omstilling – ei omstilling som Noreg treng, seier Grande.

 - Er du skuffa over budsjettet?

- Dette er jo dessverre det vi hadde forventa. Eg er sjølvsagt skuffa. I ei tid kor Norge treng å sates på kunnskap og kompetanse, vel regjeringa dessverre å levere ein svakt budsjett for sektoren. Det svekker vår evne til omstilling, seier Tor Grande.

Følg UA på Facebook og Instagram.