– Å bli aktivist krasjar med rolla som undervisar og Midtausten-ekspert
Dei to Midtausten-ekspertane Bjørn Olav Utvik og Brynjar Lia ved UiO støttar ikkje oppropet om å innføra akademisk boikott av Israel. – Eg meiner at me som har Midtausten som forskingsfelt bør vera blant dei siste til å kutta banda til forskarkollegaer og relevante forskingsinstitusjonar og universitet i regionen, seier Brynjar Lia.
OPNE KANALAR: – Det er viktig for dei som forskar på konflikten å halda opne kanalar. På den andre sida er det mange israelske universitet som er nært knytte til staten og til militærapparatet, og derfor har eit medansvar for krigshandlingane, seier professor Bjørn Olav Utvik på Institutt for kulturstudium og orientalske språk ved UiO.Ola Sther
Den 15. januar fekk UiO-rektor Svein Stølen overrekt 537 underskrifter frå studentar og tilsette med ei oppfordring til at UiO innfører akademisk boikott av Israel. Oppropet tar til orde for ein boikott av akademiske institusjonar, men ikkje av einskildforskarar.
Svein Stølen lova å bringa oppfordringa vidare til universitetsdirektør Arne Benjaminsen slik at oppropet i ei eller annan form også vil bli nemnt på møtet i Universitetsstyret 6. februar.
Så langt har ingen norske universitetet innført akademisk boikott av Israel. Heller ikkje Universitetet i Oslo. Forklaringa rektor Svein Stølen gir på det i eit lesarinnlegg som nyleg stod i Khrono, er det som står i UiOs etiske retningslinjer: «UiO er imot bruk av akademisk boikott som et politisk virkemiddel og arbeider for at vitenskapelige nettverk kan benyttes på en positiv måte i konflikter der diplomatiske kanaler brytes ned.»
Mellom dei 537 personane som har skrive under på oppropet, er det svært få Midtausten-ekspertar.
Ein av Midtausten-ekspertane som har vald ikkje å setja namnet sitt på oppfordringa til boikott er Bjørn Olav Utvik. Han er professor i Midtausten-studiar på Institutt for kulturstudium og orientalske språk ved UiO. Han har fleire forskingsopphald bak seg både i Iran, Egypt og seinast i Marokko. Dessutan har han vore FN-soldat i Libanon. Han har aldri forska på konflikten mellom Israel og Palestina, men kjenner historia godt, og har fleire gonger besøkt Israel og dei palestinske områda.
– Det er gode grunnar til å engasjera seg mot sønderbombinga av Gaza
Også han har fylgt med på utviklinga i krigen mellom Israel og Hamas etter åtaket på israelsk jord den 7. oktober. Så langt har 25 000 sivile blitt drepne av israelske bombeangrep i Gaza, medan rundt 1200 israelarar blei drepne og 242 blei tatt som gissel under aksjonen til Hamas.
I Noreg har ein nasjonal underskriftsaksjon med krav om akademisk boikott av Israel fått over 700 underskrifter, medan ein lokal underskriftsaksjon på UiO har fått 537 underskrifter. Underskrifta til Utvik er ikkje på nokre av dei. Han forklarar gjerne valet sitt.
– Det er gode grunnar til å engasjera seg mot sønderbombinga av Gaza. Når det gjeld akademisk boikott er det eit vanskelegare spørsmål. Det er viktig for dei som forskar på konflikten, å halda opne kanalar. På den andre sida er det mange israelske universitet som er nært knytte til staten og til militærapparatet, og derfor har eit medansvar for krigshandlingane, trekkjer han fram overfor Uniforum.
– Å bli aktivist krasjar litt med rolla som undervisar og Midtausten-ekspert
Bjørn Olav Utvik understrekar at han ser positivt på initiativ til protest mot Israels krigføring mot Gaza. Om kvifor namnet hans likevel ikkje er å finna på dei omtalte underskriftsaksjonane, seier han:
– Det handlar om rolla mi som Midtaustenekspert, og som undervisar, der oppgåva mi er å bidra med kunnskap og analyse. Eg snakkar gjerne i klartekst basert på slik eg forstår situasjonen historisk og i dag. Men å bli aktivist krasjar litt med rolla som undervisar og Midtausten-ekspert, seier han.
– Ein boikottkampanje bør vere meir målretta
Uniforum har også vore i kontakt med professor Brynjar Lia. Han er professor i Midtaustenstudiar ved Institutt for kulturstudium og orientalske språk (IKOS). Sidan slutten av 1990-talet har han forska på jihadisme og militante islamistrørsler. Dessutan har han forska på islamisme i Egypt og palestinsk politikk og statsbygging.
Brynjar Lia har ingen tru på akademisk boikott av Israel.
– Det første eg tenkjer på, er at ein generell norsk akademisk boikott av israelske akademiske institusjonar og forskarar framstår som lite treffsikkert og dermed ikkje så formålstenleg som ein kunne ynskja seg. Ein boikottkampanje bør vere meir målretta. Akademiske institusjonar har som kjent ofte ein overrepresentasjon av personar på venstresida i politikken. Mitt inntrykk er at det også er tilfelle i Israel. Derfor vil ein generell akademisk boikott kunne føre til at norske akademikarar må kutte banda til personar og institusjonar som er sterke motstandarar av den politikken Israel no fører, fryktar han.
Brynjar Lia meiner det også er feil at Universitetet i Oslo skal ta initiativ til akademisk boikott av eit land som Noreg som stat, ikkje har innført sanksjonar eller straffetiltak mot.
– Eit anna viktig moment er at Norge ikkje har innført diplomatiske, politiske eller økonomiske sanksjonar eller straffetiltak mot Israel som stat, mot israelske institusjonar eller israelske einskildpersonar. Å byrja med akademisk boikott når ingen av desse elementære elementa i ein boikottkampanje er på plass, blir derfor å byrja i feil ende. Eg tenkjer at målretta sanksjonar og spissa boikott-tiltak på relevante politikkområde er mykje viktigare og føremålstenleg enn ein generell akademisk boikott, spesielt dersom Norge gjer dette i samarbeid med andre europeiske land.
– Bør vera del av ei større internasjonal sanksjonspakke
Brynjar Lie ser at det kan vera formålstenleg å ha akademisk boikott på nokre område.
– Det er likevel gode grunnar til ein akademisk boikott på nokre forskingsområde, til dømes innanfor den høgteknologiske sektoren der samarbeidsprosjekta kan ha militær relevans. Sameleis gjeld dette universitets- og forskingsinstitusjonar som påviseleg bidreg aktivt til okkupasjonsregimet på Vestbreidda og Gaza. Men det bør vere målretta boikott-tiltak mot utvalde israelske akademiske institusjonar, og det bør vera del av ei større internasjonal sanksjonspakke, synest Lia.
– Å bryta slike akademiske og personlege kontaktar vil ha minimal effekt
Samtidig understrekar han kor viktig det er for dei som steller med forsking på Midtausten, å ha tett kontakt med forskarkollegaer og forskingsinstitusjonar i området.
– Eit tredje moment har med Midtaustenforsking å gjera. Eg meiner at me som har Midtausten som forskingsfelt, bør vera blant dei siste til å kutta banda til forskarkollegaer og relevante forskingsinstitusjonar og universitet i regionen. Å bryta slike akademiske og personlege kontaktar vil ha minimal, om nokon, effekt på israelsk politikk i dei okkuperte områda og vil gjera oss meir kunnskapslause og mindre i stand til å forstå kva som skjer i regionen, er han sikker på.
– Vil bli stilt krav om boikott av andre land i regionen
Midtaustenforskaren Brynjar Lia trur heller det ikkje blir lett å skilja mellom boikott av einskildspersonar og institusjonar, slik boikottaksjonen tar til orde for.
Fakta
Israel-Hamas-krigen i tal:
25 000 døde i Gaza, over 10 000 er barn
1200 døde i Israel etter åtaket frå Hamas, 29 er barn
242 gissel hos Hamas i Gaza
2 millionar personar er internt fordrivne i Gaza
200 000 israelarar er evakuerte til trygge område.
– Oppropet tek rett nok ikkje til orde for boikott av einskildpersonar, men dette skiljet mellom personleg og institusjonelt samarbeid trur eg det kan vera vanskeleg å oppretthalda i praksis. Vil til dømes ein sampublikasjon med ein israelsk universitetsprofessor vere eit institusjonelt samarbeid? Dette skiljet må i så fall spesifiserast på detaljnivå, meiner Lia.
Han trur at ein akademisk boikott av Israel også vil føra med seg ein diskusjon om innføring av boikott av andre regime i regionen.
– Spørsmålet om akademisk boikott av Israel reiser også prinsipielle spørsmål om kva kriterium me bør leggja til grunn for ein slik type boikott. Meir konkret vil ein akademisk boikott av Israel føra til at det blir stilt krav om boikott av andre land i regionen også. Midtausten har som kjent nokre av dei mest autoritære og undertrykkande styresetta i verda der det føregår grove brot på grunnleggjande menneskerettar.
Så viser han til kva andre land i regionen har på rullebladet sitt når det gjeld okkupasjon av landområde.
– I tillegg til Israel er fleire andre statar i regionen okkupasjonsmakter. Marokko i Vest-Sahara og Tyrkia på Nord-Kypros. Mange statar har delteke aktivt i militære intervensjonskrigar i nabolanda og bidrege til store lidingar for sivilbefolkningane. Dette gjeld til dømes Saudi- Arabia og Dei sameinte arabiske emirata (FAE) i Jemen, Tyrkia i Syria, og Iran i Syria (og i mindre grad i Libanon og Irak). I kva grad og på kva måte skal brot på grunnleggjande menneskerettar leggja føringar på norsk akademisk samarbeid i regionen? spør han.
Ynskjer å stå i solidaritet med palestinske kollegaer
Uniforum har også spurt stipendiat i Midtaustenstudiar ved IKOS, Ingvild Tomren om kvifor ho har skrive under på boikottaksjonen.
– Eg har skrive under på oppropet av same grunnar som mine kollegaer har utdjupa i intervjuet med dykk, seier ho til Uniforum. Ho viser til at ho også ynskjer å stå i solidaritet med sine palestinske kollegaer.
«En akademisk boikott vil også sikre vår akademiske integritet»
Informatikkprofessor Maja van der Velden er ein av dei som har støtta initiativet for at UiO skal innføra ein akademisk boikott av Israel. Ho begynte som Midausten-forskar og arabist, men utdanna seg etter kvart til IT-ekspert, før ho blei professor i informatikk.
I eit innlegg i Uniforum grunngjev ho behovet for ein akademisk boikott av Israel med at det vil sikra at norske universitet vil gjera det dei kan for å forsvara den akademiske fridomen til palestinske akademikarar og studentar ved både palestinske og israelske universitet.
«En boikott vil sikre at norske universiteter gjør det vi kan for aktivt å forsvare den akademiske friheten til våre palestinske kolleger, inkludert palestinske studenter ved israelske universiteter som jevnlig opplever diskriminering og trakassering. Akademisk frihet er et av våre høyeste prinsipper, men det følger også med forpliktelser til å respektere andres akademiske frihet, samt våre institusjonelle forpliktelser til å beskytte menneskerettighetene. En akademisk boikott vil også sikre vår akademiske integritet og at norske institusjoner for høyere utdanning ikke selv bidrar til okkupasjon, apartheid eller krigsforbrytelser gjennom sine forhold til israelske institusjoner eller selskaper", skriv ho i Uniforum.
Oppropet om å innføra akademisk boikott av Israel vil bli diskutett på møtet i Universitetsstyret tysdag 6. februar. Det får Uniforum stadfesta frå UiO sentralt.