Ytring

Formidlingsløft for NTNU

Vi ønsker oss større ambisjonar frå NTNU når det gjeld formidling, og vi vil oppfordre ny konstituert rektor til å løfte denne kjerneoppgåva.

Publisert Sist oppdatert

Dette er en ytring. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens mening.

Hausten 2023 sette dåverande prorektor for forsking og formidling, Tor Grande, ned eit utval som skulle gi råd om korleis formidlingskulturen kan styrkast på NTNU. No når vi går inn i eit nytt år, vil vi oppfordre konstituert rektor Tor Grande til å halde fram med arbeidet for å styrke formidlinga ved NTNU. 

Vi skriv som ivrige og erfarne forskingsformidlarar ved NTNU. Elise har formidla resultat frå eiga forsking i riksdekkande media og utforskar nye måtar å gjere formidling på, mens Unni blant anna har skrive populærvitskaplege bøker. Vi ser på denne delen av vårt arbeid som svært viktig og meiningsfylt. 

Forskingsartiklar er sjølvsagt også viktige, men dei blir dessverre ofte lese av berre ei handfull menneske, dei ligg bak betalingsmur og kan vere skrive i eit utilgjengeleg format på eit utilgjengeleg språk. Forskingsformidling er derfor svært viktig for å gi forsking og kunnskap ein verdi for samfunnet utanfor akademia. Institusjonane si plikt til å formidle kunnskap er også nedfelt i Universitet- og høgskulelova. Likevel blir formidling nedprioritert i akademiske institusjonar, ifølgje den offentlige utgreiinga om akademisk ytringsfridom

Dermed kan brukargrupper og allmennheita gå glipp av viktig ny kunnskap som dei kunne hatt nytte og glede av. Ikkje minst gjeld dette lærarar, som er målgruppa for vår eiga forsking ved lærarutdanninga.

Her er tre forslag til nyttårsforsett om formidling for NTNU i 2024:

1. For det første må forskingsformidling anerkjennast på ein betre og tydelegere måte enn i dag. Det må byggast opp ein infrastruktur på NTNU som gjer at fleire får lyst, rom og støtte til å utvikle seg som formidlarar. Inga Strümkes formidling er eit godt eksempel i så måte, men ho kan gjerne få selskap av fleire. I dag fell forskingsformidling mellom dei to stolane undervising og forsking. 

Det er mer snakk om undervisning på universitetet enn før, altså intern formidling, men det har førebels ikkje komme den allmennretta forskingsformidlinga til gode. NTNU bør sikre at fleire forskarar får støtte og tid til å drive med formidling.

Enig eller uenig?

Send oss din ytring på

2. For det andre meiner vi at NTNU bør gå i bresjen for å tenke nytt om forskingsformidling. Tidlegare har det blitt føreslått å etablere ein felles formidlingsplattform uavhengig av klikkbait og algoritmar, kanskje dette kan vere noko å vurdere for NTNU? 

Framtidas forskningsformidling treng heller ikkje å sjå ut som i dag. Med sine leiande forskingsmiljø innanfor teknologi bør NTNU også kunne bidra til å utvikle nye måtar å formidle på, for eksempel med utgangspunkt i VR eller kunstig intelligens.

3. For det tredje må det leggast til rette for ein kultur der tilsette tør og vil ytre seg i offentlegheita. Forskingsformidling og akademisk ytringsfriheit går hand i hand ifølgje utgreiinga om akademisk ytringsfridom. 

Ei av anbefalingane til Kierulf-utvalet var at formidling må verdsettast og premierast tydelegare dersom akademisk ytringsfridom skal stimulerast. Utvalet tok til orde for ei «aktiv fremelsking av akademiske ytringer gjennom anerkjennelse og oppfordringer, og årvåkenhet i å verne om ytringer og unngå innskrenkninger av det som måtte oppfattes som kontroversielt.» 

Leiarar skal ikkje stå inne for tilsette si deltaking i offentleg debatt, som Aksel Tjora skreiv i Universitetsavisa før jul. Å trygge den akademiske ytringsfridomensom verdi og målsetting i heile organisasjonen, er derfor ein viktig føresetnad for at forskarar skal ønske å drive med forskingsformidling. 

I det nye året ønsker vi oss at NTNU anerkjenner forskingsformidling på ein betre og tydelegare måte enn i dag. NTNU bør våge å tenke nytt om formidling, og må anerkjenne at fridom til å ytre seg er ei viktig føresetnad for at forskarar vil formidle. Kunnskap må faktisk formidlast viss han skal kunne bidra til ei betre verd.