- Det er kjekt å sjå at vi treffer når vi prøver noko nytt
Viserektor ved NTNU i Ålesund, Anne-Lise Sagen Major, er nøgd med årets opptak, men meiner det framleis er arbeid å gjere for å skape god kjønnsbalanse.
Både viserektor og frivilligheita er klar for å ønske dei nye studentane velkomne til Ålesund.Solveig Mikkelsen
- Me har klart å fylle alle bachelorstudia, og sjukepleiarstudiet som hadde ledige plassar er no også fylt opp. Så eg er veldig nøgd, seier viserektor ved NTNU i Ålesund, Anne-Lise Sagen Major.
1372 tilbod om studieplass i Ålesund er sendt ut.
Ålesund er kjend for
sine maritime studium. Desse har også i år lange ventelister og høge
poenggrenser for opptak. Innan nautikk, shipping management og ingeniør i
fornybar energi låg krava på over 50 poeng.
- Alle desse tre programma utdannar kandidatar som næringslivet har stort
behov for framover, og vi befester vår posisjon innan maritim utdanning, seier
Sagen Major.
Medisinstudiet i
Ålesund har ei av dei høgaste poenggrensene på NTNU. Studiet har eit delt løp,
med dei to første åra i Trondheim og dei siste fire i Ålesund.
- Vi gleder oss også ekstra til å ta imot det første kullet som søkte
medisin i Ålesund då opptaket starta for to år sidan, seier Sagen Major.
Nye masterprogram treff godt
- Vi har i år to nye masterprogram, og begge har mange søkjarar. Det er
kjekt å sjå at vi treffer når vi prøver noko nytt, seier Sagen Major.
Ei av dei nye
masterprogramma, Management of Innovation and Sustainable Business Development,
har treffe veldig godt internasjonalt. 18
tilbod om studieplass er sendt ut, som er eit høgt tal for eit internasjonalt
masterprogram.
- Som i resten av landet er det nedgang i søkjarar frå utanfor EU/EØS,
men vi har klart å treffe EU/EØS-søkjarane i den nye masteren. Vi kan ikkje
vite heilt sikkert kva tala blir før studiestart, seier Sagen Major.
Den andre nye masteren
er mekatronikk og automatisering, som er eit samarbeid mellom to institutt.
Masteren kombinerer mekanikk, elektronikk og programmering.
- Vi har fylt alle studieplassane på denne nye masteren og har fleire på
venteliste. Det er spesielt kjekt å sjå at vi får til samarbeid på tvers av
institutta.
Eit anna masterprogram
som har vore svært attraktivt, er helsesjukepleiar-masteren, som har 240 på
venteliste.
Vil tenkje lenger enn
opptakstiltak for å få god kjønnsbalanse
- Det er på våre ingeniørstudium som det er på dei fleste andre;
jenteandelen er for låg. Og på sjukepleiar har vi for få gutar, seier Sagen
Major.
Fleire av
teknologiinstitutta i Ålesund har samarbeid med næringslivet om prosjekt for å
skape større interesse for ingeniørutdanninga blant jenter frå ung alder, samt
for å skape gode vilkår for kvinner i arbeidslivet.
- Vi har to bachelorar med kjønnspoeng i år, men vi ønskjer å jobbe meir
langsiktig med kjønnsfordelinga. Men kjønnspoeng eller kvoter er ikkje nok. Ein må skape endring mykje tidlegare, og samarbeide med heile verdikjeda for kunnskap frå barnetrinnet til VGS, seier Sagen Major.
For å rekruttere
fleire gutar til sjukepleiarutdanninga har NTNU Ålesund satsa på fellesskap
mellom gutar, gjennom Ole-prosjektet. Ole-prosjektet gir mannlege
sjukepleiarstudentar eit sosialt og fagleg nettverk, som skal gi støtte gjennom
studietida.
60 nye studentar byrja allereie i sommarferien
Utover samordna opptak har NTNU Ålesund eit opptak av
ingeniørstudentar med yrkesfagleg bakgrunn. Det er 67 prosent av
ungdomsskuleelevar i Møre og Romsdal som vel yrkesfagutdanning. Sagen Major
meiner det er viktig at mange vel å ta vidareutdanning for å dekkje regionale
behov.
- I Møre og Romsdal har vi mykje industri, og dei med fagbrev som så tar y-vegen og blir ingeniørar, er veldig ettertrakta i næringslivet, seier Sagen
Major.
Y-vegen gir moglegheit
for å gå rett frå fagbrev til ingeniørutdanning. Dei som treng å ta
kvalifiserande realfagsemne, får moglegheit til å ta dette over sommaren. Dette
kallast TRES-vegen, det tredje semesteret. Det er omkring 60 studentar som er
på Ålesund campus no for å førebu seg på å bli ingeniørstudentar til hausten.
- Eg vil spesielt trekkje fram linjeforeningane ved desse ingeniørstudia
som tek dei nye studentane godt imot no i sommar. Fleire frivillige vel å bruke
ferietida på å skape sosiale arrangement, for å med ein gong skape fellesskap
og inkludering. Det er veldig kjekt å sjå, seier Sagen Major.