Nytt medisinstudium i Gjøvik går over all forventing

Gjøvik med nye fleksible studier: Svært mange søkjarar til nettbaserte studier og medisinutdanning over to studiebyar. 

NTNU i Gjøvik
Publisert

- Generelt held me høge søkjartal og har mange gode søkjarar, seier viserektor ved NTNU i Gjøvik, Gro Kvanli Dæhlin.

Medisin, paramedisin, digital infrastruktur og cybersikkerheit, og økonomi og administrasjon (nettbasert), har alle poenggrenser på over 50 poeng i den ordinære kvota.

Høge poenggrenser og lange ventelister seier noko om inntakskvaliteten. Dette blir viktig då det kan vere ei peikepinn på kor godt rusta og motiverte dei nye studentane er for å gjennomføre studiet dei har søkt seg inn på.

Dæhlin fortel at det som forventa er mykje færre internasjonale studentar frå utanfor EU/EØS, då dei no må betale skulepengar.

- Dette vil synast tydelegast på datateknologi og informatikkstudia, då det her har vore mange internasjonale studentar tidlegare.

Vil trekke helsearbeidarar til distrikta

Over 1000 håpefulle søkte på dei 20 plassane på Gjøviks nye medisinstudium. Dei som byrjar på det seksårige medisinstudiet byrjar til hausten i Trondheim, og tar så dei siste fire åra i Gjøvik.

Viserektor Gro Kvanli Dæhlin håpar den ny medisinutdanninga i Gjøvik kan føre til betre legerekruttering i regionen.

- Nye studium er alltid kjekt å følgje med på. I år har det nye medisinstudiet gått over all forventing, og fått mange gode søkjarar og lang venteliste, seier Dæhlin.

Rekrutteringa til sjukepleiarstudiet har vore vanskelegare. Då det nasjonale opptaket var ferdig, var det stadig ledige plassar på studiet. Dette endra seg likevel fort.

- Det har vore stor spenning knytt til sjukepleiarstudiet. Då dei ledige studieplassane var lagt ut i etterkant av det nasjonale opptaket, fekk vi fylt dei opp innan 30 minutt. Det er veldig kjekt å sjå, seier Dæhlin.

Det gjenstår stadig å sjå om søkjarane til dei ledige plassane er kvalifiserte.

Dæhlin håpar fleksible utdanningsløp kan trekke unge helsearbeidarar til distrikta.

- Det trengs fleire sjukepleiarar og legar i Innlandet. Erfaringa viser at modellen legeutdanninga vår baserer seg på, gir store fordelar, spesielt med tanke på rekruttering til sjukehus og kommunar i distrikta. Og frå 2025 skal vi også tilby ei fleksibel sjukepleiarutdanning som vi trur vil bringe fleire sjukepleiarar til Innlandet, seier Dæhlin.

Oppgang i nettbaserte studium 

Økonomistudia og dei nettbaserte studia i Gjøvik har hatt ei god auke i søkjarar dette året.

- Vi ser at dei nettbaserte studia er svært populære, og hadde mange gode søkjarar. Nytt av året er eit nettbasert maskinstudium, seier Dæhlin.

Dæhlin fortel at ho ønsker at flest mogleg studentar kjem til studiebyen og tar del i miljøet der. Men ho meiner også at dei nettbaserte studia er eit viktig tilbod, då somme ikkje har moglegheit til å flytte til studiebyen.

Designstudia i Gjøvik har hatt ein nedgang i søkjarar dette året, sjølv om det stadig er høge poenggrenser og lange ventelister på fleire av studia. Bachelor i grafisk design har over 100 søkjarar på venteliste.

- Dei siste åra har det jamt og trutt vore oppgang i søkjarar til designfaga, men i år ser vi ein liten nedgang, og det er vanskeleg å seie akkurat kvifor, seier Dæhlin.

Stort behov for ingeniørar

Ingeniørfaga held seg stabile, og vi ser ein liten auke i talet på søkjarar på venteliste frå i fjor.

- Teknologistudium har det også vore knytt forventningar til. Det er stor etterspurnad etter ingeniørar i regionen vår. Søkartala våre held seg stabile, og det er vi glade for. Vi kunne stadig godt hatt fleire søkjarar, då vi ønsker høg inntakskvalitet, seier Dæhlin.

Nytt av året er moglegheita til å søkje seg inn på den nettbaserte bachelorgraden i maskiningeniør utan fordjuping i matematikk og fysikk frå vidaregåande eller generell studiekompetanse. Det føregår gjennom det lokale opptaket og føreset at ein gjennomfører eit intensivt sommarkurs før studiestart.

- Vi står midt i ei klima- og energiomstilling som vil krevje ein god og stabil tilgang på dyktige ingeniørar og teknologar framover. NITO åtvarar om ein betydeleg nasjonal kompetansemangel viss det ikkje blir utdanna fleire ingeniørar innan 2030. Det har vi eit ansvar for å gjere noko med, avsluttar Dæhlin.

Følg UA på Facebook og Instagram.