Rettspsykiater: - Han har ingen filter

– Han meiner det han seier og seier det han meiner. Han har ingen filter. Slik vurderte rettspsykiater Ragnar Husby 24-åringen som er tiltalt for drapsforsøk og kroppsskade på to tilsette ved Farmasøytisk institutt.

Farmasistudent til angrep med kniv
– Om han hadde vore psykopatisk, ville han tenkt gjennom kva som skulle koma ut. Men denne tiltalte har ikkje dette filteret, sa rettspsykiater Ragnar Husby (bøygd i midten).
Publisert Sist oppdatert

Det var i går den tiltalte 24 år gamle farmasistudenten forklarte for retten kvifor han hadde gått til åtak med kniv på førsteamanuensis Ingunn Björnsdottir i lokala til Farmasøytisk institutt i Gydas vei 8, den 24. august i fjor. Ho blei påført over 20 knivstikk over heile kroppen frå halsen til buken og det eine beinet, medan redningskvinna hennar blei påført kutt på den venstre handa og på den høgre overarmen, skriv Uniforum.

Farmasistudenten hadde nettopp fått vita at han hadde stroke på konteeksamen, og derfor ville han ha eit møte med Ingunn Björnsdottir og den kvinnelege kollegaen hennar. I retten gjekk det også fram at han trudde Björnsdottir hadde heilt og fullt ansvaret både for oppgåvene og for å fylgja opp sensorane. Han meinte også at ho ikkje burde vera lærar på ein slik læringsinstitusjon.

Den tiltalte gjorde det klart at målet hans var å stikka førsteamanuensen i magen slik at ho kunne bli skada i tarmen og utvikla infeksjon, blodforgifting og diaré.

– Eg var heilt taus under denne handlinga, for om eg hadde brukt stemma, ville eg kanskje ha drepe henne, trudde han. Den tiltalte meinte også at dette var proporsjonalt med det han sjølv hadde opplevd. 

– Det var første gong eg såg henne reflektera og kanskje tenkte: «Eg kjem til å døy». Då kunne ho føla det slik eg følte det, sa han i retten i går. 

– For det er ingenting han vil oppnå

På den tredje dagen i retten var det først fengselspsykiater Håkon Moen Schjelles tur, før dei to rettspsykiatrane Ragnar Husby og Alexander Flaata slapp til. Dei har saman levert inn ein rettspsykiatrisk rapport til retten. For veteranen Ragnar Husby var det han opplevde i retten i går heilt unikt i dei tiåra han har jobba som rettspsykiater.

– Me har knapt fått ei slik forteljing som me fekk i retten. Den er også historisk for oss. For det er ingenting han vil oppnå. Det han tenkjer, kjem ut. Om han hadde vore psykopatisk, ville han tenkt gjennom kva som skulle koma ut. Men denne tiltalte har ikkje dette filteret, konstaterte Ragnar Husby. 

Følg UA på Facebook og Instagram.

– Han meiner det han seier, og seier det han meiner. Han har ingen filter, gjentok han. 

– Me kan ikkje gjera noko for å redusera valdsrisikoen

Nettopp derfor trudde rettspsykiater Alexander Flaata at det ville bli vanskeleg å gjera noko for at tiltalte skulle få auka sjølvinnsikt. 

– Me kan ikkje det, så lenge han ikkje erkjenner ein tilstand eller svikt. I dag finst det ingen veg vidare, meinte han. 

– Derfor kan me ikkje gjera noko for å redusera valdsrisikoen, la han til.

Ragnar Husby peika på at i fengselet vil den tiltalte kunna få behandling.

– Alle i fengsel har rett på behandling. Om han vil ha behandling, kan han få det. Og ein person som lir av Asberger, må begynna med å erkjenna signal. Ein må kunna diskutera det.

Husby forklarte det med at ein berre sllk kan finna fram til ein strategi for å kunna meistra sosiale relasjonar for å unngå konflikt.

– Dette handlar om mangel på samfungering, ikkje om mangel på intelligens. Du kan ikkje bruka ein hammar for å reparera ei klokke, brukte han som døme.

– Tiltalte har manglande evne til å takla stress

Husby peika på at dei hadde sett litt på historia hans og funne ut om kva som var grunnen til at han handla som han gjorde. 

– Av og til går det i stå for han. Tiltalte har manglande evne til å takla stress, og det er noko som karakteriserer dei som har Asberger.

Dommar Hanne Signe Nymoen ville vita om dei kunne rekna det som skjedde som eit eingongstilfelle eller om det var fare for gjentaking.

– For han har sagt at han ville gjera det på nytt, men ikkje ta med seg kniv? 

– Det leier mot å tolka det han seier. For det seier han også som ein med Asberger. Han har stressintoleranse. Det blir til eit samanbrot. Han bestemmer seg for å reparera det. Men å gå til åtak med kniv på nokon er eit samanbrot, slo han fast. 

Etter Husbys oppfatning har han i dag eit dårleg utgangspunkt. Også måten han omtalar rettleiaren sin på, er det ingen andre som deler. 

– At det skal vera sadisme gjer greia heilt " far fetched "og bisart, tykte han. 

– Eit egosentrisk sjølvbilete

Dommar Hanne Signe Nymoen spurte om det ville vera sannsynleg at han ville handla på same måte i ein liknande situasjon i framtida.

Det svarte rettspsykiatar Alexander Flaata stadfestande på.

– Det vil vera sannsynleg og vanskeleg for han å takla stress. Men det vil ikkje skje i større grad enn utan ein slik diagnose, understreka han. 

Ragnar Husby omtalte den tiltalte som ein person som hadde eit for høgt sjølvbilete.

– Det er ein kjent dynamikk når det er ei misoppfatning av eige sjølvbilete i høve til andre sitt bilete av denne personen. Det er eit narsisistisk sjølvbilete. I dette tilfellet er det meir eit egosentrisk sjølvbilete. Og det er det som gjer at han ikkje reflekterer i ein slik situasjon. Sjølv oppfattar han det som har skjedd som ei krenking, fortalde Husby. 

Psykiateren meinte det likevel var eit lite håp for han. 

– "Cluet" i hans tilfelle er at han må erkjenna at det han har gjort er feil og gå ut av den egosentriske posisjonen sin, konstaterte Husby. 

– Det er uvanleg

For dommar Hanne SIgne Nymoen var det også viktig å få vita om dei var overraska over at 24-åringen som er tiltalt for drapsforsøk og kroppsskade, aldri tidlegare er blitt straffa. 

– Det er uvanleg, svarte Flaata, men det er heller ikkje ukjent. Eg har hatt eit par slike saker tidlegare. Sjølv er han i dag i Forsvarets sanitet, og har opplevd at søkjarar med gode karakterar frå vidaregåande fell gjennom når dei vil inn i Forsvaret.

– Dei klarer ikkje å kopla teori med praksis og klarer heller ikkje å handla i stressa situasjonar saman med andre folk. Derfor stryk dei. Personar med Asberger fell lett saman, var erfaringa hans.

Han trudde også det var tilfellet med den tiltalte som ikkje klarer å forstå kvifor han har stroke i fleire eksamenar i farmasi.

– Det var dårleg emosjonell kontakt

Tidlegare på dagen var det fengselspsykiater Håkon Moen Schjelle som fortalde om opplevinga si av tiltalte. Han var den som tok imot han i fengselet rett etter hendinga den 24. august i fjor. Då var dei først redde for at han skulle ta livet sitt.

– Folk er som regel ganske nedfor når dei blir sett i varetekt, forklarte han.

Fengselspsykiater Schelle fekk også i oppdrag å gjera ei utgreiing av den tiltalte.

– Det første møtet hadde me den 30. august. Det var dårleg emosjonell kontakt. Spesielt var det tilfellet med tanke rundt hendinga. Det kunne sjå ut som ein psykose eller depressive reaksjonar. Han hadde plagsame forestillingar om lukt og blod som gjekk utover appetitten, hadde den tiltalte sagt til han.

På spørsmål frå den tiltalte sin advokat Petar Sekulic, måtte han svara på kor ofte han hadde hatt møte med han i fengselet. 

– Ein gong i veka, svara han. Og han hadde møte saman med ein kvinneleg kollega som var spesialist på autisme. 

– Ho slutta i mai i år, og då måtte eg overta. 

– Men de sette ein diagnose på den tiltalte? spurte Petar Sekulic, og las sjølv opp diagnosen. 

– Han oppfyller kriteria for å få diagnosen Asberger. Kva inneber det? 

– Det er ei hjerneutvikling som fører til ei sterk kognitiv og psykisk liding. Det kan ikkje behandlast bort. Den som har det, har det med seg heile livet, understreka han.

– Dei har ofte problem med kommunikasjon og sosiale samlingar. Samtidig er dei opptekne av sære tema, og er avhengige av faste reglar og rutinar. Og det er vanskeleg å få dei til å endra syn, sjølv om det påviseleg er feil, la han til.

– Dei har problem med å setja seg inn i korleis andre tenkjer

Og han kom også med eit anna trekk ved dei som har Asberger.

– Dei har problem med å setja seg inn i korleis andre tenkjer eller oppfattar ting. Og så forstår dei ikkje ting som blir sagt mellom linjene.

Petar Sekulic ville også ha eit svar på om det var sannsynleg at farmasistudenten ville gjenta handlinga han er tiltalt for. 

– I samtalane med meg vil han rettferdiggjera denne handlinga der han utførte 21 knivstikk mot ein person. Eg har rådd han sterkt til å ha fleire møte. Men han er ueinig.

Han peika også på eit typisk trekk ved den tiltalte. 

– Han seier ting der kjenslene ikkje samsvarar med temaet. Og så kan han le på feil stader, fortalde Håkon Moen Schelle. 

Hadde ikkje hatt problem med han

I retten i dag blei det også vist til ein samtale med mora til den tiltalte. Ho hadde fortalt at familien aldri hadde hatt problem med han, og at han var den mest intelligente av barna hennar.

Dei to rettspsykiatrane Ragnar Husby og Alexander Flaata kom på slutten inn på at dei ikkje kunne garantera at 24-åringen frå Austlandet ikkje ville gjenta handlingane han er tiltalt for. 

– Me kan ikkje vera 100 prosent sikre på om han vil utføra slike handlingar i framtida. Han er ung, og me har ikkje intervjua alle familemedlemane hans. Ragnar Husby la til fylgjande: 

– Det er ein stor sjanse for at han opplever stressituasjonar i framtida som han vil oppleva som krenkingar.

På spørsmål frå dommar Hanne Signe Nymoen om mogleg behandling av tiltalte, svarte Husby. 

– At han er villig til å gå til behandling, er ein start. Men responsen på behandlinga er dårleg, slik fengselspsykiateren sa, peika han på. 

Synte fram bilete frå åstaden og av kroppsskadene

Då rettspsykiatrane var ferdige, synte aktor Alvar Randa fram bilete frå åstaden for knivangrepet i Gydas vei 8. Det blei også vist bilete av skadene til førsteamanuensis Ingunn Björnsdottir og den kvinnelege kollegaen hennar. Deretter blei det også lagt fram i retten bilete av då den hovudfornærma tok imot den tiltalte i resepsjonen, og då den tiltalte blei ført ut av politiet etter at han hadde gjennomført knivangrepet på dei to UiO-tilsette.

Retttsaka held fram i morgon med prosedyrar frå aktor og forsvarar.