Student tiltalt for drapsforsøk: – Eg kjenner ikkje anger

 – Då eg får vita at eg ikkje får bestått, føler eg at eg får ein «bullshit-begrunnelse» igjen, sa studenten som er tiltalt for drapsforsøk på ein førsteamanuensis i Oslo tingrett.

GJERNINGSSTADEN: Det var i denne bygningen som Farmasøytisk institutt deler med Statens arbeidsmiljøinstitutt, knivangrepet på førsteamanuensen fann stad den 24. august i fjor.
Publisert Sist oppdatert

Mandag fortalde førsteamanuensis Ingunn Björnsdottir korleis ho frykta at ho ikkje ville overleva etter at den tiltalte 24 år gamle mannen hadde stukke henne både i buken og skåre henne i halsen under knivåtaket på henne på kontoret i Gydas vei 8 den 24. august i fjor.

Til saman hadde ho fått over 20 knivstikk. Redningskvinna hennar var ein kollega frå Farmasøytisk institutt som kasta seg over den tiltalte og fekk han ned i bakken, og ved hjelp av andre som kom til, klarte dei å få tatt kniven frå han. Kollegaen som greip inn fekk skader på den venstre handa og den høgre underarmen.

RETTSSAL 818: Rettssaka mot den 24 år gamle farmasistudenten som er tiltalt for drapsforsøk mot førsteamanuensis Ingunn Björnsdottir og for kokroppsskade mot kollegaen hennar, finn stad i rettssal 818 i Oslo tingrett.

– Skulda meg for å ha gjort feil som eg ikkje hadde gjort

Tirsdag var det den tiltalte 24-åringen frå Austlandet sin tur til å ta plass i vitneboksen. Mannen er tiltalt for drapsforsøk på Ingunn Björnsdottir og for kroppsskade på den kvinnelege kollegaen hennar. 

Det skriv avisa Uniforum.

Farmasistudenten tok utgangspunkt i det første møtet han hadde hatt med førsteamanuensis Ingunn Björnsdottir i juni 2023. Det var etter at han hadde stroke på ein av eksamenane på farmasi. 

– Eg spurte kva eg kunne gjera for å gjera opp for det. For eg visste eg hadde gjort ein stor feil, men det viste seg at det var dei mindre feila dei hadde gripe tak i. Mange av desse feila hadde dei ikkje gitt god nok grunngjeving for. Og Ingunn (Björnsdottir) skulda meg for å ha gjort feil som eg ikkje hadde gjort, sa han i retten.

På slutten av møtet føreslo han at førsteamanuensen kunne leggja ut fasit på oppgåver på nettet, slik at han kunne jobba med oppgåvene. 

– Då seier ho at møtet er over. Eg blei lei meg, for eg hadde ikkje fått det eg hadde kome for, altså grunngjevinga på kvifor eg ikkje hadde bestått. Du kan klaga til den du vil, sa ho til meg, hugsa den tiltalte.

Etter at han seinare på sommaren hadde fått vita av ein av dei andre førelesarane sine på Blindern at han også hadde stroke på konteeksamen, blei han fortvila.

– Då eg på hendingsdatoen får vita at eg ikkje får bestått, føler eg at eg får ein «bullshit-begrunnelse» igjen. Derfor bad han om eit nytt møte med førsteamanuensen seinare på dagen.

– Eg ville ha ein "back up"-plan

I timane før møtet følte han seg frustrert og fortvila og i undermedvitet kom han inn på at han hadde lese på nettet og i teikneseriar at nokre fekk ut frustrasjonen gjennom å planleggja massemord.

Ein time før møtet tar han turen innom husværet sitt i den andre enden av Majorstua, og plukkar med seg to knivar frå kjøkkenskuffa og legg dei opp i ryggsekken.

– Grunnen til at eg tok med meg to knivar, var at eg ville ha ein «back up»-plan. Deretter drar eg til møteplassen, og blir møtt av Ingunn som tar meg med opp på kontoret. Eg spør om eg kunne få sjå papira. Då ser eg at det var rare feil både på denne og den første eksamenen.

– Ho snakka til meg på ein nedlatande måte

I retten fortalde han at ein av grunnane til at han hadde stroke, var at han på den praktiske eksamenen ikkje hadde spurt ei kvinne som anten hadde forstopping eller var gravid, om ho hadde blod i avføringa. Og i tillegg hadde han sagt til ein av dei kundane som blei spelte av skodespelarar at han ikkje visste svaret på eit spørsmål, men at han kunne søkja det opp.

– Det verka som forvirringa kom frå skodespelarane og ikkje frå meg, sa han.

Den tiltalte var heller ikkje nøgd med måten førsteamanuensen gav han desse opplysningane på.

– Ho snakka til meg på ein nedlatande måte, som om ho snakka til eit barn. Og ho forkasta alt eg sa, mintest han.

Samtidig var han stillare enn han brukte å vera.

– På det møtet var eg ekstremt taus, for eg tenkte på kniven og om frustrasjonen som eg kunne kvitta meg med, sa han.

Det som fekk begeret til å renna over for han, var då førsteamanuensen sa at han ville trengja endå meir mengdetrening.

 – Då bestemte eg meg for å bruka kniven. Og då ho gir teikn til at møtet er slutt, seier eg til henne at ho hadde gjort ein ekstremt dårleg jobb, fortalde den tiltalte i retten. 

– Eg blei kjempestressa

Der gjekk det også fram at han trudde ho hadde heilt og fullt ansvaret både for oppgåvene og for å fylgja opp sensorane. Han meinte også at ho ikkje burde vera lærar på ein slik læringsinstitusjon.

 – Eg vurderer på nytt å bruka kniven, den store. Det har eg hatt fantasiar om, vedgjekk han i retten. Men då han tok innover seg at ho ville vera på Farmasøytisk institutt også det neste semesteret, auka frustrasjonen hans endå meir.

– Eg blei kjempestressa, for eg tykte det var ekstremt fryktinngytande. Då rekk eg å nå ned i sekken og finn den eine kniven. Då tenkjer eg på kvar eg kan bruka den mest effektivt. Så set eg den mot halsen og strupen hennar. Eg trudde eg var to centimeter frå henne, for det kjendest ikkje som om eg var nær henne. Då tenkjer eg at dette ikkje er proporsjonalt med det eg har opplevd. Derfor vel eg å ta kniven vekk frå halsen og stikka den i buken hennar og opp skjeden. Samtidig vurderer eg å gjera henne handikappa ved å skjera henne i ryggraden, fortalde han. 

– Ho kunne ikkje vita om ho var eit mål

Brått oppdaga han at den andre personen i rommet, kollegaen til Ingunn, hadde hoppa opp på ryggen hans, og prøvde å ta kniven frå han.

 – Her var det ein del heroisme i biletet. Ho kunne ikkje vita om ho var eit mål. Det hadde vore betre om ho hadde funne noko hardt å slå meg i hovudet med. Og så ropte ho nei, sa den tiltalte i retten. 

Han gjorde det klart at målet hans var å stikka førsteamanuensen i magen slik at ho kunne bli skada i tarmen og utvikla infeksjon, blodforgifting og diaré.

– Eg var heilt taus under denne handlinga, for om eg hadde brukt stemma, ville eg kanskje ha drepe henne, trudde han. 

– Då kunne ho føla det slik eg følte det

Den tiltalte forklarte at inntrykket hans var at den kvinnelege kollegaen til Ingunn Björnsdottir hadde forstått at ho ikkje var målet. Inntrykket hans av Björnsdottir var eit anna.

 – Det var første gong eg såg henne reflektera og kanskje tenkte: «Eg kjem til å døy». Då kunne ho føla det slik eg følte det, sa han i retten.

Etter den frie forklaringa blei han spurt ut av aktor Alvar Randa. 

AKTOR: Alvar Randa er aktor i saka mot farmasistudenten.

– Korleis kunne det hjelpa deg om du skulle skada nokon?

– Eg har sett i teikneseriar og på nettet at dei som har kniv, dei har makta.

– Du tok med deg ein kniv heimanfrå?

– Ja, det var den næraste eg fann.

– Og kvifor ein til?

– Om eg skulle velja å bruka kniven, tenkte eg at det var greitt å ha ein ekstra «back up»

– Kjenner du noko anger for det du gjorde?

– Ikkje overfor Ingunn, men overfor den personen som hadde blitt skada. Eg følte at eg hadde kasta bort tida til dei tilsette, til politiet og til skattebetalarane.

– Det hadde vore pinleg

Forsvarsadvokat Petar Sukilic ville vita kvifor han hadde brukt kniven mot halsen til Ingunn Björnsdottir.

FORSVARAR: Petar Sekulic er forsvarar for farmasistudenten frå Austlandet .

– Var det for å drepa henne?

– Det var berre for å bruka kniven for å skada henne, svara den tiltalte. 

Og Petar Sukilic peika på at Björnsdottir frykta at ho ville døy.

– Kva tankar gjorde du deg då du stakk henne i buken?

– Målet var å få den til å gå inn i tarmen, gi henne blodforgifting og diaré.

– Tenkte du at ho kunne døy? spurte Petar Sekulic.

– Nei eg var ikkje bevisst på det. Men ho kunne kanskje ha døydd av stikka eller av å ha blødd i hel. Kanskje det kunne ha skjedd om dei ikkje hadde ringt til naudetatane. Det hadde vore pinleg om det var eg som måtte ha gjort det, forklarte han.

Etter at aktor Alvar Randa og forsvarsadvokat Petar Sekulic var ferdig med sine spørsmål, var det sakkyndig Torgeir Husbye sin tur.

– Veit du kva som skjer ved menneske med knivstikk?

– Eg har smerter i augo, og vil overføra dei til andre.

– Veit du kor alvorleg det er med blodforgifting?

– Nei, svarte tiltalte.

Ein av dei andre sakkyndige, Alexander Flaata ville vita kva type behandling den tiltalte hadde fått i fengselet.

– For no er du til utgreiing for autisme?

– Ja. Det eg har er asberger. 

– Kva inneber det?

– Me er karakteriserte med overærlegdom og har litt høgare IQ enn gjennomsnittet, svara den tiltalte 24-åringen. 

«Slepp kniven, slepp kniven»

Dei neste som kom i vitneboksen, var dei to andre som kom til då dei høyrde skrik frå kontoret til Björnsdottir. Den første var ein kvinneleg farmasøyt og sensor. 

– Eg kom inn på kontoret og såg han brukte kniven mot Ingunn. Kollegaen vår var der også, men me klarte ikkje å hindra han i å bruka kniven. Men brått fall han ned på golvet, og då kasta me oss opp på ryggen hans. Men han heldt framleis på kniven, heilt til det kom ein mann inn og sa «Slepp kniven, slepp kniven», fortalde ho.

– Eg høyrde skrik

Han som då kom inn var ein av dei tilsette i Statens arbeidsmiljøinstitutt som Farmasøytisk institutt deler hus med.

– Eg høyrde skrik, men eg trudde det var frå sommarfesten til arbeidsgjevaren vår. Då gjekk eg inn i gangen i 4. etasje og fekk auge på noko som likna ein slåsskamp. Så såg eg at ein av dei hadde ein kniv i handa. Akkurat då fekk eg ikkje med meg kven som hadde kniven. Då ropte eg «slepp kniven». Eg kasta den ut av rommet og ut på gangen, fortalde han. 

Sjølv tenkte han at han hadde gjort sitt.

 – Ja, eg tenkte at andre ville ta hand om gjerningsmannen. For eg ville konsentrera meg om å gi hjelp til Ingunn. Så ville dei andre at eg skulle stå vakt sidan eg var mann. Men me let han få vaska hendene sine, sidan me ikkje såg på det som eit problem, fortalde han.

– Han hadde eit tomt uttrykk i ansiktet, men han var roleg til politiet kom, la han til.

– Han skjelv med beina, men elles er han roleg

Og politimannen som kom først til åstaden, tok også plass i vitneboksen i ettermiddag. Han fortalde om personar som stod ute og venta på dei og førte dei inn i rett bygning og til rett kontor, då dei kom. 

– Den tiltalte sit på kontorstolen nærast vindauget. Eg begynner å prata med han, han skjelv med beina, men elles er han roleg. Eg tenkte eg at eg skulle bruka det vindauget til å gå bort til han og setja handjern på han. Sidan eg hadde gløymt mobilen min, kunne eg ikkje gjera opptak av tilståinga hans. Men kvar gong han snakka om eksamenen som han ikkje hadde bestått, begynte han å gråta. Det var tydeleg at den betydde mykje for han.

Aktor Alvar Randa ville gjerne vita kva inntrykk politibetjenten hadde av han, då han møtte han.

– Han var roleg og beina skalv. Han sa han ville gjort det på nytt med førsteamanuensen, men han beklaga det, dersom han hadde skada den andre personen. Han viste ingen teikn til anger, sa politibetjenten.

Rettsaka mot den tiltalte farmasistudenten held fram i Oslo tingrett onsdag. Då vil det koma fleire vitne frå Universitetet i Oslo.

Følg UA på Facebook og Instagram.