Det sa statsvitskapsprofessor Scott Gates i ein samtale om
Trump 2.0, skriv Uniforum.
Rundt 40 personar dukka opp på Scene Humsam på Blindern for å høyra kva USA-ekspertar frå UiO trur vil skje i den andre presidentperioden til Donald Trump som tar til no klokka 18.00.
– Teknologimagnatar har kome inn
Scott Gates tok utgangspunkt i skilnaden mellom dei som var med i Donald Trumps første regjering, og dei som støttar han no når han er klar for sin andre presidentperiode.
– I 2017 var det mange tradisjonelle konservative republikanarar som deltok saman med MAGA-aktivistar. (MAGA-= Make America Great Again/Red.merknad). I dag er det kome inn teknologimagnatar med Elon Musk i sentrum. Samtidig prøver også Facebook-grunnleggjaren Mark Zuckerberg å koma inn i varmen. Trump vil få full støtte frå alle som støttar desse teknologimagnatane, trudde Scott Gates.
Men han meinte det var eit stort stridsspørsmål som skiljer dei to gruppene.
– Teknologimilliardærane vil gjerne kunne tilsetja høgt utdanna innvandrarar, medan MAGA-rørsla ikkje vil ha innvandring i det heile tatt, konstaterte han. Scott Gates peika på at teknologane og MAGA-rørsla også hadde heilt forskjellige synspunkt på kva forhold USA bør ha til Kina.
– Problematisk
Claudia-Yvette Matthes var opptatt av kva som kan bli den største konflikten mellom Europa og USA.
– Den auka påverknaden frå Elon Musk og Mark Zuckerberg innanfor sosiale media, med Zuckerberg som fjernar all faktasjekking, kan føra til at europearar og folk i USA les heilt forskjellige ting på Facebook. Det kan bli problematisk, trudde ho.
Også i synet på krigen mellom Russland og Ukraina og kva som vil skje i forholdet mellom Israel og palestinarane etter våpenkvileavtalen som blei inngått i helga, spådde ho kan vera område der EU-landa og USA kan ha ulike oppfatningar.
– Korleis vil han takla Putin, og vil ein avtale enda opp med at europeiske soldatar må gå vakt på grensa mellom Russland og Ukrainia? spurte ho seg.
Matthes var også sikker på at høgare tollsatsar på varer frå Europa i USA, ville kunna skapa usemje over Atlanterhavet.
– Det fjerde problemet vil vera klimapolitikken. Europa er godt i gang med å fylgja opp klimavtalar, medan USA truleg vil skrinleggja alle klimaavtalar landet har inngått, frykta ho.
– Verre enn det dei trudde
Scott Gates hadde ingen tru på at Donald Trump ville klara å løysa Ukrainia-konflikten verken på 24 timar eller på 90 dagar.
– Den realiteten har også folk rundt Donald Trump blitt klar over. For dei har funne ut at situasjonen i Ukrainia er mykje verre enn det dei trudde.
Når det gjeld immigrasjonspolitikken, vil den, ifylgje Scott Gates truleg bli eit spel for galleriet. – Dei vil ha ein politiaksjon mot eit slakteri utanfor Chicago med full mediedekning og arrestera kanskje eit par hundre illegale innvandrarar som dei vil prøva å senda tilbake til heimlandet. Det vil vera langt frå dei ti millionar illegale innvandrarane Trump hevdar bur i USA. Men då kan han visa handlekraft, trekte han fram.
"For ein fantastisk person ho er"
Scott Gates gav tydeleg inntrykk av at han heller ikkje er imponert over Donald Trump som forretningsmann.
– Han har ingen tru på at handel mellom land er eit gode. Handel er berre eit gode for Trump dersom det er til fordel for USA, sa Scott Gates.
Så viste han til ein statsleiar som hadde klart å gjera inntrykk på Donald Trump.
– Då Trump truga med å innføra 25 prosent toll på alle varer frå Mexico, kontra Mexicos president Claudia Sheinbaum utspelet med at landet ville auka kontrollen for å hindra at illegale innvandrarar tok seg over grensa til USA. "For ein fantastisk person ho er", sa Trump om henne då. Lærdomen er at Trump ville bruka utspela sine for å oppnå andre ting, var Gates overtydd om.
– Det einaste Trump klarte i den førre presidentperioden sin var å få redusert skattane. Han klarte ikkje å gjera endringar i helsereforma til Obama. Grunnen er at han har eit dårleg forhold til Kongressen, forklarte han det med.
– Deregulering er viktig for MAGA-rørsla
For Scott Gates er det ein ting som vil skilja Europa og USA under Donald Trumps presidentperiode.
– Deregulering er viktig for MAGA-rørsla. Og den største striden mellom Europa og USA vil stå nettopp om dereguleringa av internet, var han sikker på.
Claudia-Yvette Matthes peika på at også dei tyske gjestane som var inviterte til presidentinnsetjinga, viser kva politiske krefter Donald Trump støttar i Europa.
– Det er ein representant for det høgreekstreme Alternativ for Tyskland og ein representant for Det kristeleg-demokratiske partiet. EU-president Ursula von der Leyen har få alliansepartnarar igjen i EU-landa.
– Han er 78 år og overvektig
Scott Gates fekk også spørsmål om korleis han såg for seg faren for auka polarisering i USA under Donald Trumps presidentperiode. Han svarte på spørsmålet ved å koma inn på Donald Trumps alder og helse.
– Han er 78 år og overvektig. Om han døyr, vil det ikkje vera nokon som kan overta hans posisjon som leiar for MAGA-rørsla. Visepresident J.D. Vance har i alle fall ikkje det som skal til. Det er Trumps person som har skapt auka polarisering, meinte han.
– Kanskje det kan dukka opp ei heilt ny stemme i amerikansk politikk som kan ha eit breiare fokus, håpa han.
– Delstaten hindrar Trump i å gjera så mykje skade som frykta
Scott Gates såg det heller ikkje som heilt håplaust for klimaet, sjølv om Donald Trump no inntar Det kvite hus. For han peika på USAs rikaste delstat.
– Alt som skjer i California har mykje å seia for resten av USA også på klimaområdet. Men det vil vera for sterkt å seia at California reddar jorda, sa han, samtidig som han understreka at om California hadde vore eit land, ville det ha vore verdas sjuande største økonomi.
– I alle fall så hindrar delstaten at Trump ikkje gjer så mykje skade som du kanskje fryktar, la han til.
40 TILHØYRARAR: Rundt 40 personar kom til Scene HumSam i dag for å høyra ein panelsamtale om korleis Donald Trumps andre presidentperiode vil bli. (Foto:Ola Gamst Sæther)
Professorkollegaen deira Dan Banik frå Senter for utvikling og miljø sette fingeren på utspelet til Donald Trump om at USA kunne kjøpa Grønland frå Danmark.
– Eg vil ikkje at Grønland skal bli ein del av USA. Men for innbyggjarane på Grønland var det jo eit godt påskot for å kunna få betre vilkår frå kolonimakta Danmark. Kanskje dei kan bli endå meir sjølvstendige.
Scott Gates hadde gjort den same refleksjonen om Grønlands sjølvstende over frukostbordet.
– Det burde media ha dekka endå betre, tykte han.
– Eit grunnleggjande problem
Samtidig kom Gates også med eit spark til Det demokratiske partiet.
– No viser det seg at dersom du har ei inntekt på 100 000 dollar i året, vil du stemma på Det demokratiske partiet. Men for dei som har ei årsinntekt på 50 000 dollar, så er oddsen to til ein på at dei vil stemma på Det republikanske partiet. Det er heilt motsett av det det har brukt å vera at ein familie med ei samla inntekt på 150 000 dollar stemmer på det konservative partiet for forretningsfolka, og ikkje på partiet som skal vera stemma for den organiserte arbeidarrørsla. Det er eit grunnleggjande problem for Det demokratiske partiet, sa Scott Gates.
Håpar på dei frivillige organisasjonane
Claudia-Yvette Matthes såg håp i inspirasjonen som folkelege rørsler i USA tidlegare hadde brakt vidare til Europa.
– Grasrotrørslene i USA har vore sterke, og europearar har ofte blitt inspirerte av privat aktivisme og engasjement, sa ho. Ho viste til at det sivile samfunnet og dei frivillige organisasjonane har vore flinke til å stå på for å slå ring om klimavernpolitikken.
– Så eg håpar det vil bli ein framtidig veg til inspirasjon både for det amerikanske og dei europeiske samfunna, sa Matthes.