21 undervisarar får heva status: - Eit resultat av kollektivt arbeid

Espen Storli er ein av 21 som får status som merittert undevisar. Han gjer mykje av æra til kollegaane ved IMS.

Dette er dei nye meritterte undervisarane. Sjå full liste nedst.
Publisert Sist oppdatert
Fakta

Meritterte undervisarar

NTNU innførte meritteringssystemet for å anerkjenne dyktige undervisarar. Dei må søke om å få status som merittert undervisar. 

  • Ein merittert undervisar ved NTNU er ein som har utmerka seg ved å ha eit gjennomgåande og tydeleg fokus på studentane si læring i undervisningsverksemda si.
  • Den meritterte undervisaren har ei utforskande tilnærming til utvikling av eiga undervisning og utdanningane ved NTNU.
  • Undervisaren legg vekt på å planleggje, gjennomføre, vurdere og tilpasse undervisningspraksisen sin slik at han på best mogleg vis støttar opp under studentane sitt læringsutbytte. 

  • Undervisarar som samarbeider og deler gode erfaringar om undervisning, er viktige for å utvikle utdanningane våre.

  • Det er 36 meritterte undervisarar ved NTNU.

Torsdag morgon vart det publisert ein oversikt over dei 21 nye meritterte undervisarane ved NTNU. 

Anerkjenninga er til for å sette lys på god og systematisk undervisningspraksis som dei ulike undervisarane har utvikla over fleire år. 

På nettsidene til NTNU heiter det at meritterte undervisarar er bidragsytarar til utvikling av nye undervisningsformer som er forankra i forsking og erfaring på eige fagområde. 

Heile fellesskapet har stått på

Professor Espen Storli.

Professor Espen Storli ved Institutt for moderne samfunnshistorie er ein av dei nye meritterte undervisarane. Han fortel at det var veldig hyggeleg å få anerkjenninga og seier at dette er eit resultat av arbeid som kollektiv med andre på instituttet. 

Storli sitt forskingsarbeid ligg i økonomisk-historiske emner med vekt på utviklinga av internasjonal handel og næringsliv i det 20. århundre. Professoren har teke del i ei rekke internasjonale samarbeid og var ein av 17 unge forskarar i NTNU sitt stjerneprogram i 2014.

- Her har heile fagfellesskapet stått på for å få til god utvikling i alt frå innføringsemner til masterseminar, det gler eg meg over, seier Storli.

Postdoktor ved Harvard

Storli trekk fram arbeidet med eit komplementæremne for sivilingeniørar om miljø- og bærekrafthistorie der dei har brukt casemetode han plukka opp i si tid som postdoktor ved Harvard Business School.

- Alt går for seg med casearbeid, studentane les artiklar på 15-20 sider før kvar undervisningstime og så arbeider vi med desse. Vi brukar undervisningscaser spesialskrevne av tilsette på instituttet som fortel historiar og så er det opp til studentane å trekke ut sentrale poeng og diskutere seg fram til eit bilete basert på informasjonen dei har, forklarar professoren.

No for tida er det prosjektet «The Fate of Nations. Natural resources and historical development, 1880-2015» som står i fokus for Storli. Prosjektet utforskar korleis kontroll over globale verdikjeder i naturressursar påverkar utviklinga til forskjellige samfunn.

Dette er dei nye meritterte undervisarane ved NTNU i 2023

  • Førsteamanuensis Ellen Marie Bardal, Institutt for nevromedisin og bevegelsesvitenskap, MH
  • Førsteamanuensis Øyvind Bjerke, Institutt for lærerutdanning, SU
  • Førsteamanuensis Torstein Bolstad, Institutt for elektroniske systemer, IE
  • Dosent Jardar Cyvin, Institutt for lærerutdanning, SU
  • Professor Erlend Dehlin, Institutt for lærerutdanning, SU
  • Førsteamanuensis Luca Finocchiaro, Institutt for arkitektur og teknologi, AD
  • Førsteamanuensis Bassam Hussein, Institutt for maskinteknikk og produksjon, IV
  • Professor Anna Krulatz, Institutt for lærerutdanning, SU
  • Professor Magnus Borstad Lilledahl, Institutt for fysikk, NV
  • Professor Hanna Musiol, Institutt for språk og litteratur, HF
  • Førsteamanuensis Sobah Abbas Petersen, Institutt for datateknologi og informatikk, IE
  • Førsteamanuensis Kiran Raja, Institutt for datateknologi og informatikk i Gjøvik, IE
  • Førsteamanuensis Randi Stokke , Institutt for helsevitenskap i Gjøvik, MH
  • Professor Espen Storli, Institutt for moderne samfunnshistorie, HF
  • Førsteamanuensis Siri Marte Hollekim-Strand , Institutt for nevromedisin og bevegelsesvitenskap, MH
  • Dosent Alex Strømme, Institutt for lærerutdanning, SU
  • Førsteamanuensis Tim Torvatn, Institutt for industriell økonomi og teknologiledelse, ØK
  • Professor Steffen Wellinger, Institutt for arkitektur og planlegging, AD
  • Professor Øystein Widding , Institutt for industriell økonomi og teknologiledelse, ØK
  • Førstelektor Heidi Libæl Wold, Institutt for helsevitenskap i Gjøvik
  • Førsteamanuensis Ove Østerlie, Institutt for lærerutdanning, SU

Følg UA på Facebook og Instagram.