Sandra Borch er ny forskings- og høgare utdanningsminister
Borch trer inn for Moe etter habilitetsbrot: tek over som statsråd.
Den nye forskings- og høgare utdanningsministeren Sandra Borch (Sp) saman med tidlegare forsknings- og høyere utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) på Stortinget. Foto: Stian Lysberg Solum / NTBStian Lysberg Solum
På ein pressekonferanse i dag litt over halv tolv annonserte statsministeren at Sandra Borch (Sp) trer inn i posten som forskings- og høgare utdanningsminister.
Støre skryt av arbeidet til Borch i si rolle som landbruksminister og fortel at han ser fram til at ho trer inn og at ho kan ta vidare sine gode evner til UH-sektoren.
Statsministeren skryt av Moe og seier i ein pressekonferanse i dag at dei vil fortsette arbeidet til Moe med ny statsråd.
Tidlegare i dag meldte Tv2, VG og ei rekke andre medier at dei erfarte at Sandra Borch kom til å bli innstilt som ny forskings- og høgare utdanningsminister.
Sandra Borch (Sp) har vore landbruksminister. Den posten blir no fyllt av parlamentarisk nestleiar i Senterpartiet, Geir Pollestad, melder VG
Ueinig med forskarmiljø
I går skreiv NRK om at Borch hadde uttalt at fugleinfluensa ikkje klarer seg like godt i kulde og meinte at med klimaendringane klarte viruset seg betre.
Silje Granstad i Veterinærinstituttet seier til NRK at etablert vitskap på feltet kan fortelje om det stikk motsette.
Sindre Heyerdahl i E24-podcasten seier til VG at han trur Borch kjem til å gå ut og omformulere seg og tykkjer det er uheldig å uttale seg i strid med forsking når ho skal bli minister for forsking.
Positiv til ny statsråd
Leiaren av Studenttinget, Morten Eidsvaag Althe ser fram til god dialog med den nye ministeren om dei store prosessane i sektoren.
- Vi håper campussamling som er viktig for både NTNU og Trondheim er eit tema vi kan ha ein god dialog om.
Vidare seier Althe at han forventar ein minister som tek innspela og meiningane til studentane på alvor.
- Eg ser fram til fruktbare diskusjonar om vegen vidare for UH-sektoren og så vil eg gjerne invitere ministeren til å kome på kontoret og ta ein kaffé.
Forskarforbundet forventar endringar
Leiaren av Forskarforbundet, Guro Elisabeth Lind gratulerer Borch som ny statsråd og gler seg til samarbeidet.
- Dei siste to åra er det sett i gong ei rekke politiske prosessar med for korte fristar, for liten involvering og for dårleg kunnskapsgrunnlag.
- Eg forventer at regjeringa involverer betre, og at kunnskapspolitikken er kunnskapsbasert. Då vil regjeringa også få betre resultat, seier Lind.
Lind ber Borch få fart på arbeidet med å følge opp løfta i regjeringsplattforma.
- Ikkje mogleg å fortsette
Ola Borten Moe gjekk av som statsråd og nestleiar i Senterpartiet etter fleire aksjekjøp som resulterte i brot på hablitetsreglement.
I ein pressekonferanse fredag 21. juli sa Moe at han trudde det skulle vere mogleg å rydde opp og halde fram som minister, men at han på det tidspunktet innsåg at dette ikkje var mogleg.
- Dette er mitt eige ansvar og noko eg beklagar svært sterkt, sa Moe.
Moe hadde kjøpt aksjar i Kongsberg Gruppen, Yara og Sparebank 1 Midt-Noreg.
Han fortalde den gong at han ikkje hadde noko konstitusjonelt ansvar for selskapa, men erkjente at aksjehandlinga kom med brot på hablitetsreglar og regjeringa si eigne habilitetsreglar.
Økokrim-sjef Pål Lønseth sa til E24 at dei vil undersøke aksjekjøpa til Borten Moe og sa at innsidehandel er ein aktuell føresegn å sjå nærare på for å finne ut om det er grunnlag for å opne ei etterforsking.