Sjå innsida: No har det nye treningssenteret på Helgasetr opna
Treningssenteret på Solsiden forsvinn om eit år. 3500 kvm med nytt treningsareal på Øya skal gi breiare tilbod.
Det er allereie fleire besøkande på det nye treningssenteret som er den av nye campus Helgasetr. Vilde Kvellheim jobbar på Sit Trening som gruppetimeinstruktør.Foto: Liva Rindom Tofte
- Eit nytt treningssenter på campus betyr at det er lett å ta ei økt kombinert med skulearbeid, og det trur eg mange studentar vil setje pris på, seier direktør for Sit Trening, Tor-Arne Hetland.
Treningssenteret på nye campus, Helgasetr, gir studentane 3500 kvm med nytt treningsareal. Senteret går over tre etasjar og inneheld blant anna klatrehall, løpebane, yogasal, sykkelhall og functional training box.
Helgasetr-bygget er NTNUs nye campus på Øya, og har vore eit samarbeidsprosjekt mellom Statsbygg, NTNU og Sit.
Treningssenteret skulle eigentleg vore opna i mai, men var utsett til august. No er eigentreningsareala opna for bruk, medan gruppetimerom og klatrevegg stadig manglar ferdigstilling.
Med dei store vindauga kjem fin belysning, men òg mykje innsyn.
- Det er blanda kva folk meiner om det, så vi prøver å ha eit variert tilbod. Om du ikkje ønskjer å bli sett, er det rom utan innsyn. Me må likevel sjå ann kor mykje innsyn det blir når det blir mørkare.
Få gutar på gruppetimar
Eit populært tilbod hos Sit-trening er gruppetimar. Det nye treningssenteret får fire salar for gruppetimar: yogasal, sykkelsal, HIIT-sal og aktivitetssal. Instruktørane er hovudsakeleg studentar.
Vilde Kvellheim studerer digital forretningsutvikling og jobbar på Sit Trening som gruppetimeinstruktør.
- Sit har kurs der du kan lære å bli instruktør, så ein treng ikkje noko utdanning for å vere instruktør. Dei som er PT, har eit grundigare kurs.
Ho fortel at det er flest jenter som drar på Sit sine gruppetimar.
- Gutane kjem oftast om nokon tek dei med, men vi ønsker jo at dei skal ha lyst å komme aleine også. Sist haust var det ei konkurranse der gutar som drog på nok gruppetimar kunne vinne premie. Eg trur spelelementet treff gutane godt.
Treningssenteret Portalen på Solsiden forsvinn om eit år. Kvellheim synes det er trist at senteret på Solsiden, der ho sjølv har vore instruktør, leggast ned. Studentane i denne delen av byen må då dra til nye Helgasetr eller Gløshaugen. Direktøren for Sit Trening seier det var uunngåeleg å flytte.
- Det er veldig leit å miste den bydelen, men det er dyrt å leige eit areal som Portalen. På Helgasetr eig vi sjølv, seier Hetland.
Funksjonell trening og klatreveggar
I kjellaren finn ein eit rom dedikert til funksjonell trening, som er eit sosialt alternativ til tradisjonell styrke- og uthaldstrening. Den nye «functional fitness boxen» gir rom for trening som Sit tidlegare ikkje har hatt moglegheita til å tilrettelegge for.
- For dei som ikkje vil stå med stang og ta knebøy, er dette eit meir aktivt og sosialt tilbod. Eg synest det kjekkaste med denne typen trening er å sjå samhaldet og driven som oppstår i gruppene, seier Hetland.
Dei nye klatreveggane er laga for både nybegynnarar og erfarne klatrarar. Buldring er tilgjengeleg for alle, medan klatring i den 13,5 meter høge veggen krev brattkort eige utstyr. Emil Jordhøy frå NTNUI Tindegruppa har jobba tett med Sit under oppføringa av klatreveggen.
- Vi får det vi treng av opplæringsvegg, veggar med ulike vanskegradar og buldrevegg. Det er mykje spanande her, og eg trur det kan bli eit godt klatremiljø, seier Jordhøy.
Han jobbar no med å sette opp utsyr og grep, og håpar veggane skal vere klare til bruk i byrjinga av september.
Direktør Hetland er også svært nøgd med den nye store hallen vi finn rett under den nye campus-kantina.
- Vi håpar den nye fleirbrukshallen kan gi ein løft til NTNUI basket, då det er lagt parkett og handballklister blir ikkje lov her. Dette er ein veldig fin hall, seier Hetland, før han klappar høgt for å demonstrere at hallen har god lyddemping.
Som tribune rundt hallen er det lagt ei smal løpebane på kring 110 meter.
- Det er litt krappe svingar, så eg trur ikkje Ingebrigtsen kjem til å springe her med det fyste, seier Hetland.
PT for psyken
For dei som synest det er skummelt å starte på treningssenter, tilbyr Sit Trening gratis PT-timar i PT-labben. Dette er eit mindre rom med treningsapparat som kan brukast for opplæring og veiledning.
- Med PT-ordninga satsar vi på dei som ikkje trenar frå før, eller som er motiverte for å begynne å trene, men ikkje veit kvar dei skal starte. PT-intro er inkludert i medlemskapet, fortel Hetland.
I eit samarbeid med Sit Psykisk helse tilbyr senteret òg PT-timar og oppstartmedlemskap til dei som står i kø for psykologhjelp.
- Ein får ei samtale om kva type trening ein ønsker å starte med, og så støtte til korleis ein kan komme i gang. Dei som står i køen har det vondt, og køen er alt for lang. Om eit treningstilbod kan ha ei lita førebyggande effekt er det veldig fint, avsluttar Hetland.