Ytring

Vis oss kor sidemålet skal kuttast

- Å ta til orde for eit lovstridig kutt i éin bestemt del av eit fag dei ikkje eingong er i stand til å omtale på ein presis måte, er billeg og pinleg retorikk frå dekanatet.

Argumentet deira om at omsettingsprogram gjer det irrelevant å lære sidemål, liknar på argumentet om at ein ikkje treng å lære seg hovudrekning når kalkulatoren alltid er tilgjengeleg, skriv undervisarar ved Institutt for lærarutdanning.
Publisert

Dette er en ytring. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens mening.

I NRK 21.8.2024 blir dekan Øyvind W. Gregersen og prodekan Karina Mathisen ved NV-fakultetet på NTNU siterte på at ein bør kutte i nynorskundervisning i vidaregåande for slik å få meir tid til realfag. Det er urovekkande at to leiarar, der ein av dei er kandidat til ei stilling som prorektor for utdanning ved universitetet, grip til ein kunnskapslaus retorikk. 

Aller fyrst må vi presisere at nynorsk og sidemål ikkje er det same. Sjølv om fleirtalet av norske elevar har nynorsk som sidemål, er det kring 11 % som har det som hovudmål. Når Gregersen og Mathisen er siterte på at dei vil kutte i nynorsk, er det truleg sidemål dei meiner. Spørsmålet blir kor mange timar realfag ein kan få ut av å droppe sidemålet. Ein studieførebudd elev har gått gjennom 393 timar norskundervisning i løpet av den vidaregåande opplæringa si. Av desse er nøyaktig 0 sette av til sidemål. Det er det opp til læraren å disponere timane slik at eleven «[meistrar] språklege formkrav på hovudmål og sidemål». 

Lat oss difor sjå på kor mange timar ein elev som har teke full realfagspott, har brukt på dette, i samanheng med kor mykje tid hen også har brukt på mellom anna få innsikt i språk og det å delta i ein skriftkultur: 

Enig eller uenig?

Send oss din ytring på

  • På VG1 vil eleven ha 280 timar realfag (140 timar naturfag og 140 timar matematikk), mot 113 timar norsk. 

  • På VG2 må eleven ha 112 timar norsk. Eleven kan velje minimum 84 timar matematikk, men gjerne 140. I tillegg kan hen velje tre programfag à 140 timar: mellom 84 og 560 timar realfag. 

  • På VG3 må eleven ha heile 168 timar norsk. Her kan eleven ha valt vekk realfag, men kan også ha opptil 420 timar realfag om hen ønsker dette. 

Om forslaget frå Gregersen og Mathisen er seriøst meint, må ein spesifisere nøyaktig kor mange timar av norskfaget som skal vike til fordel for realfaga, og så bestemme at ein skal sløyfe sidemålsundervisning for å få tid til det naturvitarane meiner er det viktigaste innhaldet i norskfaget.

Argumentet deira om at omsettingsprogram gjer det irrelevant å lære sidemål, liknar på argumentet om at ein ikkje treng å lære seg hovudrekning når kalkulatoren alltid er tilgjengeleg. Ein del vil nok meine at det er lurt å kunne noko hovudrekning likevel. Likeins meiner vi at det å utvikle språkkjensle over lang tid rustar individet til deltaking både i yrkesliv og samfunnet elles. For heller ikkje realfaga er språklause, men nyttar lesing og skriving som vegar til å både tileigne seg eksisterande, og formidle ny, kunnskap. 

Vi vil gjerne heie fram realfaga og stø tiltak som får fleire til å velje dei på vidaregåande. Men å ta til orde for eit lovstridig kutt i éin bestemt del av eit fag dei ikkje eingong er i stand til å omtale på ein presis måte, er billeg og pinleg retorikk frå dekanatet. Det fortel at dei ikkje ser verdien av kulturell danning, og stiller NTNU som breiddeuniversitet og som kunnskapsinstitusjon i dårleg ljos. Om dei framleis meiner at nynorsken må vekk, kan dei gjerne få dei tidlegare nemnde 0 sidemålstimane.