Ytring

Å få fyken er ikkje ei omstilling

- Uklart språk uroar. Generelle og skoddeleggande vendingar som svar på konkrete spørsmål uroar.

- Det er sjølvsagt ubehagelege realitetar å stå i, også for leiarane. Derfor trur eg det er desto viktigare at språket dei brukar, er klart, at orda deira har det innhaldet som ein normalt forstår med dei, og som vi finn att i ordbøkene, skriv Leiv Inge Aa.
Publisert Sist oppdatert

Dette er en ytring. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens mening.

Den 30. oktober møtte NTNU-leiarar på nivå 1, 2 og 3 dei tilsette ved Institutt for lærarutdanning (ILU). Som alle veit, er ILU råka av nedbemanning. Nedbemanning er ei substantivering av verbet nedbemanne, som tyder å ‘minke talet på tilsette’ (Nynorskordboka). Nedbemanninga er allereie i gang for fullt ved at 13 tidlegare tilsette har fått innvilga sluttpakkar. Minkinga av talet på tilsette held fram ved at 15 nye etter planen skal få avskil frå dei faste stillingane sine. Avskil og avskilting, det er dei harde fakta per i dag.

Likevel brukar leiarane våre, på alle nivå, stort sett ei anna nemning for denne prosessen: omstilling. Omstilling er ei substantivering av det refleksive verbet omstille seg, som tyder å ‘tilpasse seg nye tilhøve’ (Nynorskordboka). Det kan vere å tilpasse seg det grøne skiftet, nye kundegrupper eller nye arbeidsoppgåver.

Enig eller uenig?

Send oss din ytring på

Å få fyken er ikkje ei omstilling. 

No kan det bli nye arbeidsoppgåver på somme av ILU sine tilsette, har vi lært, men det veit vi ikkje enno. Dersom omstilling var regelen, og nemninga var brukt med rett innhald, skulle det – med visse, frå starten av – innebere nye stillingar til alle dei 15 som per no skal seiast opp. Det ville gitt eit anna arbeidsmiljø denne hausten. 

I somme e-postar og informasjonsskriv har vi òg lese den rette nemninga, nedbemanning, det skal vere sagt. Men når omstilling blir brukt som ei samlenemning både for ‘det å nedbemanne’ og ‘(kanskje) det å omstille seg’, blir realitetane skoddelagde. Skal vi sparkast eller få nye stillingar? Er det ei planlagd skoddelegging eller eit umedvite sjølvvern mot sanninga? 

Det er sjølvsagt ubehagelege realitetar å stå i, også for leiarane. Derfor trur eg det er desto viktigare at språket dei brukar, er klart, at orda deira har det innhaldet som ein normalt forstår med dei, og som vi finn att i ordbøkene. Uklart språk uroar. Generelle og skoddeleggande vendingar som svar på konkrete spørsmål uroar. 

Så kan ein seie at den majoriteten som trass alt blir att etter nedbemanninga, nettopp må omstille seg, både fagleg og sosialt. Dermed er ikkje ordbruken direkte feil. Men han er upresis, og han er usolidarisk mot dei det ikkje ventar fleire arbeidsoppgåver.

Vi håpar sjølvsagt at det faktisk endar med meir omstilling og mindre nedbemanning enn det ser ut til akkurat no. Og at neste gong nokon seier omstilling, så meiner dei det som står i ordbøkene.