NTNU sin litteraturpris 2023
Pensjonert fotballsparkar blant dei nominerte til litteraturpris
Dei nominerte til NTNUs årlege litteraturpris er klar. I år går prisen til ei skjønnlitterær bok.
Dei nominerte, f.v. Carl Frode Tiller, Mariam Rasouli, Kari Anne Bye, Michael Stilson og Kristin Ribe.
Foto: Trine Melhus, privat, Geir Mogen, Eline Kjøl Berg, Siri Ursin
NTNUs litteraturpris på 20 000 kr går kvart år til eit norskspråkleg verk av ein nolevande forfattar med tilknyting til Trøndelag, vekselvis til skjønn- og faglitteratur.
I 2023 er
det skjønnlitteratur som står for tur. Kven som vinn blir kjend fredag 20.
oktober og du kan møte vinnaren av NTNU sin litteraturpris 2023 i samtale med
juryleiar Karolina Drozdowska under tildelinga av prisen tysdag 7. november, på
Litteraturhuset i Trondheim.
I fjor gjekk prisen til Torgeir Ekerholt Sæveraas for boka Wehrmacht i Norge: på vakt i krigens skjebnesone. Då gjekk prisen til faglitteratur.
Fem sterke verk om store tema
Originalitet og individuelt særpreg står sentralt i kvalitetsvurderinga
til juryen, som består av representantar for NTNU, Litteraturhuset i Trondheim
og Norsk Forfattersentrum Midt-Noreg.
- Vi er glade for å kunne
presentere ei liste med fem sterke titlar, som på kvar sin måte handlar om
universelle menneskelege erfaringar, som sorg, kjærleik, vennskap, lojalitet og
fridom, fortel årets juryleiar, Karolina Drozdowska, som er førsteamanuensis
ved Institutt for språk og litteratur, NTNU.
- Det er spennande å sjå kor mykje kvalitetslitteratur i ulike sjangrar som
kjem frå forfattarar med tilknyting til Trøndelagsregionen! Dei fem bøkene på
kortlista har fortent sin plass og alle med interesse for moderne norsk
litteratur bør lese dei, meiner juryleiaren.
Dei nominerte bøkene
Eg bur her no: dikt
Kari Anne Bye, Samlaget (2021)
- Eg bur her no er ei bok om kjærleik og tvil, om kor vanskeleg det kan vere å ta imot det gode, enda kor mykje ein har ønska seg det, står det i juryen si grunngiving.
Blomsten og trollet
Mariam Rasouli, Communicatio Forlag AS (2021)
- Den skakande historia i romanen er fortald frå synsvinkelen til ei kvinne, der verda er innramma av både huset sine fire veggar, og dei fysiske, kulturelle og religiøse murane som sperrar kvinner inne frå livet utanfor, skriv juryen.
Aktivasjon. Handlekraftig vital ENERGI i håp om å få til et møte med ALIENS
Kristin Ribe, Forlaget Oktober (2021)
- Forfattaren Kristin er midt i ei djup krise. To personar som stod henne nær har blitt borte frå livet hennar. Lamminga ho opplever vekslar med iherdige forsøk på energiutfalding og aktiv handling.
Kampfikseren
Michael Stilson, Cappelen Damm AS (2021)
- Ein actionfylt ungdomsroman om livet som fotballproff og siste bok i trilogien om fotballproffen Fredrik Markussen.
Flukt
Carl Frode Tiller, Aschehoug (2021)
- Romanen Flukt skildrar forholdet mellom dei levande og døde og strekk seg eit stykkje utover det vi til vanleg oppfattar som realisme, skriv juryen.