Sit Råd ønsker å gi studentane det dei har bruk for. Sjølvtest for kjønnssjukdommar, foreningskurs og lavterskelsamtalar er blant tilboda.
Marianne Ingeborg Karlsen var som student aktiv i ISFiT og som leiar for Samfundet. I dag arbeider ho stadig kvar dag med studentar.Foto: Liva Rindom Tofte
Du finn Sit Rådi alle NTNUs tre studiebyar. Dei skal tilby tenester som hjelp studentar å meistre studietida betre. Tilboda er mellom anna lågterskel samtaletilbod, meistringskurs og foreiningskurs for studentfrivilligheita.
Marianne Ingeborg Karlsen er avdelingsleiar for Sit Råd. Ho er tidlegare NTNU-student, har jobba på NTNU og har no jobba i mange år i Sit Råd.
- Det kan vere vanskeleg å vite kvar ein bør søke hjelp. Kom gjerne til Sit Råd fyst, så hjelp vi deg vidare om du treng det, seier Karlsen.
Sit Råd jobbar med vanlege utfordringar som til dømes stress, einsemd og kjærleikssorg. Sit Helsestasjon for seksuell helse, tar samtalar om tema som prevensjon, kropp og kjønnsidentitet, og Sit Psykisk helseteneste som tilbyr korttidsbehandling av milde til moderate psykiske vanskar.
Studentar kan heilt diskré teste seg for kjønnssjukdommar
- Me har fått opp stasjonar for sjølvtesting av kjønnssjukdommar på toalett på Dragvoll, Gløshaugen og på Dronning Maud. Dette har studentar etterlys i mange år.
Det har lenge eksistert eit sjølvtest-tilbod på Gjøvik, og sidan 2022 har det vore ei prøveperiode med sjølvtest-toalett på Dronning Maud. Hittil i år har 665 studentar testa seg.
- Somme er svært opne om det og snakkar høgt om det når dei skal ta sjølvtest, andre synes det er ubehageleg, og har kanskje endeleg fått eit diskré nok tilbod. Somme går kanskje tilfeldig inn og kommer på «oi, det var jo lurt å gjere!».
Samtaletenesta for normale problem
Sjølv om namnet Sit Råd tilseier at det er råd å få, fortel Marianne at det viktigaste dei gjer er å gi rom for ein samtale og normalisere reflektere rundt det som er vanskeleg, og hjelpe studenten med å finne måtar å meistre det.
Samtaletenesta til Råd har høgt trykk. Dei har gjennomført 1300 samtalar frå januar til juni i år.
- Me skulle gjerne gitt samtalar til alle som treng det med ein gong, men det kan ta litt tid å finne ledig samtale. Nye samtalar blir lagt ut kvar 14. dag, så prøv igjen om du ikkje finn samtale, anbefaler Karlsen.
Kurs i økonomi og kjensler
Sit Råd har ei rekke kurs gjennom året, med tema som økonomi, small talk, kroppsbilete og mindfulness.
- Meistringskursa og gruppene me driv er stort sett fulle. Og me opplever å få veldig gode tilbakemeldingar. Det som ofte står ut er at studentane kan møte andre som har hatt like utfordringar. Det er noko veldig verdifullt i å sjå at andre også kjenner på stress, nedstemtheit og å ikkje strekke til. Og å kunne reflektere og finne løysingar saman.
Til hausten kjem eit nytt kurs som kjem om kjensler. Dette er for studentar som ynskjer å lære meir og forstå korfor me føler som me gjer.
- Me tar utgangspunkt i den emosjonsfokuserte retninga, og skal gi psykoedukasjon om følelsar. I fyste runde skal me halde det for sjukepleiar studentar, for å sjekke korleis det fungerer før me eventuelt utvidar.
Viktig støtte for studentfrivilligheta
- Me har gjennomført nær 130 kurs og grupper denne våren for til saman 1 400 studentar. Dei fleste har vore bestillingskurs frå studentforeiningar.
Sit Råd har sidan 2011 tilbudd kurs og coaching for studentfrivilligheta. Kursa er tilpassa den enkelte foreiningas ønsker.
- Studentfrivilligheta har egne typar utfordringar for arbeidsmiljø. Fritid og arbeid, venner og kollegaer, alt sklir inn i kvarandre. Og mange sitt på store lederansvar for fyste gong.
Karlsen fortel at ho skulle ønske alle studentforeiningane, og særs dei aller minste, visste om tilbodet til Sit Råd. Dei opplever at når ei ny foreining finn tilbodet, så fortsett dei å bruke det. Fleire av dei større studentforeiningane har fast rutine med å nytte kursa til Sit Råd.
Førebyggande arbeid med rus og seksuelle grenser
Dei siste to åra har Sit Råd jobba med å sette fokus på rus og seksuelle grenser. Bakgrunnen er at dei fleste overgrep i studentmiljøet skjer når rus eller alkohol er i biletet.
- Me møter nye slike historier kvart år. Spesielt å drive førebyggande arbeid opp mot fadrar trur vi er viktig.
Til hausten blir det arrangert seminar om temaet i alle tre studie byar.
- Me håpar å skape meir bevisstheit og inspirere foreiningar til å lage gode retningslinjer.