Semesteravgifta går opp 17 prosent

Frå høstsemesteret vil semesteravgifta vere på 700 kroner.

Studentar på NTNU skal betale 100 kroner meir i semesteret.
Publisert Sist oppdatert

Semesteravgifta for studentar på NTNU går no opp frå 600 til 700 kroner. Det er studentar sjølv som bestem kor mykje avgifta skal ligge på, og kva den skal brukast på. 

Arbeidsutvalget i Velferdstinget innstilte i mars på å auke semesteravgifta til 690 kroner. Velferdstinget, som består av studentar, vedtok å auke til ytterlegare 700 kroner. 

- Grunna prisvekst har utgiftene auka. Vi har gjort eit stort arbeid det siste året med å sjå på mulig kutt og nye måter å få støtte. Vurderinga til slutt var at om semesteravgifta ikkje auka, ville vi måtte gjere kutt i blant anna Sit Råd, seier leder for Velferdstinget sitt arbeidsutval, Øystein Fruseth Christiansen. 

Øystein Fruseth Christiansen, leder Velferdstinget

Pengane brukast i hovudsak på støtte til frivilligheta, Sit Råd, og Sit psykisk helse. 

- Vi ønsker ikkje å legge ei ekstra økonomisk byrde på studentar som allereie slit. Men eg trur studentane får mykje igjen for dei 100 ekstra kronene, seier Christiansen. 

Følg UA på Facebook og Instagram.