Fredag morgon møttes språkpolitisk utval ved NTNU for tredje gong i 2023. Første prioritering på lista til utvalet gjeld den store språkdebatten ved universitetet.
NTNU sitt språkpolitiske utval meiner at ein skal arbeide systematisk for å oppfylle kravet i språklova om å bruke minst 25 prosent av både bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument.
Utvalet sine forslag
Eit av dei moglege forslaga utvalet har til tiltak, er at språkpolitikk skal inkluderast i NTNU sine strategiar på alle nivå. Eit anna forslag som kan kome med er å halde fram med å leggje vekt på nynorskkompetanse i stillingsutlysningar der det er relevant.
I tillegg har utvalet diskutert og kan kome til å sette følgjande område på dagsordenene i 2024:
Klart og forståeleg språk retta mot studentar
Kultur for språk og medvitne språkval ved NTNU
Norskopplæring: Styrka krav i foreskrift krev meir systematisk oppfølging ved NTNU. Vilkår for tilsette som tek norskkurs.
Prodekan for utdanning på Det humanistiske fakultet, Kjersti Faldet Listhaug er leiar av det språkpolitiske utvalet. Ho seier at dei lev av å formulere seg og at å arbeide med medvita til dei tilsette kring språk er å heve kvaliteten på arbeidet.
Det språkpolitiske utvalet vart starta samstundes som nye språkpolitiske retningslinjer vart vedteke. Utvalet skal arbeide med å følgje språksituasjonen ved universitetet og gi rektor råd og foreslå tiltak for å oppfylle dei nye språkpolitiske retningslinjene.
Vanskeleg å få tid til norskkurs
Listhaug presenterte ein spørreundersøking lagd av Nicole Busby, leiar av forskingsgruppa Vocabulary and the multilingual mental Lexicon (Voclex). Dei løfter fram arbeidet til Voclex for å få data om språksituasjonen ved universitetet.
I undersøkinga svara 363 internasjonale tilsette på spørsmål om språkbruk i arbeidsdagen sin. Bland dei som har budd i Noreg i minst to år svara 88 prosent at dei har teke norskkurs. Mange sa også at dei gjer meir utover dette.
Mange svara også at dei ikkje kjenner eit behov for å kunne norsk for å kunne jobbe ved NTNU, men har likevel altså stort sett teke norskkurs, fortel Listhaug.
Ein stor del av dei internasjonale tilsette i midlertidig stilling seier at det kan vere vanskeleg å prioritera norskkurs ved sidan av jobben særleg om dei skal vere i Noreg ein kort periode. Fast tilsette seier òg at det er vanskeleg å få tid til norskopplæring i tillegg til resten av jobben.
Fast tilsette som har vore i Noreg i minst tre år svara stort sett at dei kan norsk godt nok til arbeidsdagen, fortel Listhaug, men mange svara òg at det tok dei meir enn tre år å nå eit slikt ferdigheitsnivå. Fleire seier at å ta leiarstillingar kan vere vanskeleg fordi det krev ferdigheit til å lese og skrive store mengder norsk som ein gjerne må om ein er leiar av noko slag.
Ønsket til dei internasjonale tilsette er i følgje studien å få tid sett av til å lære språket og meir fleksibilitet i norskkurs.
Stor variasjon mellom ulike institutt
Ph.d-kandidat Gabriela Warden fortel at ved nokre institutt er det pliktarbeid å ta språkkurs, andre har ikkje det. Her trekk førsteamaneunsis Andrew Weir fram at dette blir urettferdig og at ein må få lik praksis over heile universitetet.
Videre seier Warden at nokre tilsette opplever at kollegaar snakkar engelsk til dei. Dette hender etter fire-fem samtalar, sjølv om dei kan flytande norsk. Stipendiaten trur dette handlar om at ein ikkje ser lengre enn til om nokon har eit etternamn dei tenkjer stammar frå eit anna land.
Utvalet var samde i at gjensidig respekt og auka medvit på språkbruk er viktig for å løyse problemstillingar som dette.