Ytring

Kva skal vi med sivilingeniørar?

- Etter snart fem år på sivilingeniørstudiet har eg mange spørsmål om kva NTNU eigentleg vil med oss.

Student Elias Eide meiner sivilingeniørane blir slått knockout på i samfunnsdebatten.
Publisert

Dette er en ytring. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens mening.

I over 100 år har NTNU sitt flaggskip vore sivilingeniørutdanninga. Men har den gått frå å vere ei prestisjetung akademisk grad til å bli ei samlebandsutdanning? Er eigentleg dagens sivilingeniørar blant landets fremste akademikarar, eller har dei vorte landets best betalte Powerpoint-konsulentar? 

Fem år, 300 studiepoeng og nesten 40 emner og eksamenar skal til for å få den beskytta tittelen sivilingeniør. Det er ingen tvil at det har vore, og framleis er NTNU si desidert viktigaste utdanning. Med 17 ulike studieprogram som munnar ut i siv.ing.-grad er også NTNU landets viktigaste «leverandør» av desse studentane til arbeidslivet. Kva slags mål og visjonar NTNU har for utdanninga er difor avgjerande for korleis denne prestisjeutdanninga vil vere og sjå ut. Måla og visjonane verkar no diverre for å vere fråverande. 

Enig eller uenig?

Send oss din ytring på

Eg går sjølv i 5. klasse på Energi og miljø, men har nok aldri vore verdas beste student. Eg har kokt (alt for) mange øvingar, har konta mange fag og har langt frå dei beste karakterane. Motivasjonen for studiet og faga har til tider vore svært låg. I alle desse åra har eg brukt mykje tid på jobb i politikken og folkevalde verv. Trass dette ligg eg an til å fullføre graden på normert tid til sommaren. Etter snart fem år har eg mange spørsmål om kva NTNU eigentleg vil med oss. 

La oss slå fast ein ting aller først: svært mange av mine medstudentar er svært dyktige innanfor sitt fagfelt. Dei har i løpet av desse åra fått ein enormt fagleg sterk kompetanse som samfunnet kjem til å ha stor nytte av framover. Her må vi seie at NTNU leverer på samfunnsoppdraget. Eg meiner likevel ein kan stille mange spørsmål til om fagkombinasjonen, metodane og NTNU sine prioriteringar er riktige. 

Mine medstudentar har lese tusenvis av sider med pensum, samtidig har eit stort fleirtal ikkje lest ei einaste side i Adresseavisen i løpet av desse fem åra i Trondheim. Alt for få kjenner til maktfordelingsprinsippet og nesten ingen har høyrt om trepartssamarbeidet. Kva har skjedd, og korleis kom vi hit? Har talet på emner blitt så stort at det ikkje er plass til å lære om den grunnleggande samfunnsforståelsen? Kan studentane mindre før dei startar på universitetet? Akkurat no er det mange spørsmål og få svar. 

Men er det eigentleg eit problem at sivilingeniørar ikkje veit korleis maktfordelinga er i Noreg? Eg vil hevde det, og eg meiner vi allereie ser konsekvensane. Berre sjå på samfunnsdebatten. Sivilingeniørar er i praksis heilt fråverande. Juristane, siviløkomane og statsvitarane slår knockout på oss kvar einaste dag. Sjå til politikken. Kor mange sivilingeniørar finn vi på Stortinget? Ingen. Kor mange finn vi i regjeringa? Ingen. Kor mange finn vi i resten av toppolitikken? Nesten ingen. 

Etter snart fem år, uteljande forelesingar og eksamenar er eg eigentleg ikkje overraska over kvifor det er slik. I løpet av desse åra kan eg telle på ei hand dei professorane og andre forelesarane som verkeleg er engasjert i faget sitt og å formidle dette til oss. Dei fleste framstår som om det siste dei vil er å forelese. Dagsaktuelle problemstillingar har skjeldan blitt drøfta, i staden brukar dei berre same opplegg som tidlegare. Det same gjeld for øvingsopplegg. Og det same for eksamen. Tenk at landets største universitet i fleire fag driv med automatisk retting, slik at den skal gå raskast mogleg og dermed ikkje vektar forståing. Det er kanskje ikkje så rart studentane blir demotiverte når forbilda manglar.

Dette er det første NTNU må gjere noko med. Gode og engasjerande forelesingar, øvingsopplegg og høg kvalitet på eksamen må vere det aller viktigaste. Det hjelp ikkje å bygge ein einaste kvadrat med ny campus viss ikkje kvaliteten på dette blir betre. 

Så er det ikkje sikkert NTNU skal ha all skuld for denne utviklinga. Både utviklinga i grunnskulen og vidaregåande har sjølvsagt konsekvensar for universitetet. I tillegg kan det vere vi studentar også har litt å gå på. Eg vil likevel meine det er NTNU sitt institusjonelle ansvar å peike ut retninga. Men i staden for å stille seg spørsmål om dagens fagkombinasjon er riktig, om kvaliteten og opplegget på undervisninga godt nok og forventningane til studentane tydelege nok, er mi oppleving at dette i praksis ikkje blir snakka om eller debattert. 

Kunnskap er makt. Og skal NTNU målet sitt om kunnskap for ei betre verd treng vi sivilingeniørar i alle roller. Kva skal vi som samfunn forvente av ein sivilingeniør, og kva gjer landets største universitet? Vi treng svar før flaggskipet forvitrar.