- Eg rådde henne til å lata vera å senda lange epostar

– Eg prøvde å gi henne råd om det unødvendige i å skriva lange epostar. Og om å sjå at ei sak har fleire sider. Det hadde ho inga forståing for. Det konstaterte Jo Døhl, tidlegare fakultetsdirektør ved MN-fakultetet då saka mot UiO for usakleg oppseiing heldt fram i Oslo tingrett onsdag formiddag.

MYKJE KONFLIKT: – Det er kandidatar som ber om ny rettleiar. Men at det har vore mykje konflikt der er heva over ein kvar tvil, sa tidlegare fakultetsdirektør ved MN-fakultetet, Jo Døhl, då han vitna i Oslo tingrett der ein kvinneleg toppforskar har gått til sak mot UiO for usakleg oppseiing.
Publisert

På den tredje dagen av rettssaka mot UiO for usakleg oppseiing av ein kvinneleg forskargruppeleiar, var turen komen til vitnemåla frå tidlegare senterleiar Kjetil Taskén, tidlegare fakultetsdirektør Jo Døhl ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og administrerande direktør Janna Saarela ved Norsk senter for molekylærmedisin (NCMM).

Det skriver Uniforum.

Først ut var Kjetil Taskén som tidlegare var leiar for Bioteknologisenteret som seinare gjekk inn i Norsk senter for molekylærmedisin, der han heldt fram som administrerande direktør. Sidan 2018 har han vore leiar for Institutt for kreftforsking ved Oslo universitetssykehus (OUS). Samtidig har han vore i ei 20 prosent stilling som professor II ved Universitetet i Oslo.

VILLE BORA I VEGGAR: – Ho ville ha det på annan måte enn det som var avtalt på førehand. Derfor ville ho sjølv bora i veggar og setja opp slangar med meir, fortalde tidlegare direktør for Norsk senter for molekylærmedisin, Kjetil Taskén, då han vitna i Oslo tingrett onsdag.

Regjeringsadvokat Magnus Johan Færø ville straks få svar på spørsmålet om han hadde deltatt i tilsetjinga av den kvinnelege forskargruppeleiaren.

Kjetil Taskén: – Ja.

Advokat Færø lurte på om det då var ein pågåande konflikt i IT-seksjonen.

– Ja, stadfesta Taskén. Då ville advokat Færø gjerne vita kva rolle han hadde hatt.

– Konflikten handla om å skaffa utstyr til henne. Eg prøvde å mekla i konflikten. Og eg fekk assisterande IT-direktør til å sjå på saka. 

– Ho hadde liten sjølvinnsikt

På oppfordring frå advokaten gav han fylgjande vurdering av den kvinnelege forskargruppeleiaren:

– Ho hadde liten sjølvinnsikt og forståing av at det er to sider av ei sak. Eg sa at ho måtte ta omsyn til motparten og at begge partar måtte vera forsiktige med språkbruken for å koma kvarandre i møte, fortalde Taskén, som hadde kontakt med henne som ny gruppeleiar. 

Den tidlegare senterdirektøren kom også inn på ein konflikt som handla om innkjøp av ein prosessor til laboratoriet til gruppa som den kvinnelege forskaren var leiar for.

– Dette var tilleggsutstyr til større oppsett av utstyr ho hadde fått. Ho ville ha det på annan måte enn det som var avtalt på førehand. Derfor ville ho sjølv bora i veggar og setja opp slangar med meir. Tilsette på UiO kan ikkje gjera det, og i alle fall ikkje i leigde lokale, trekte han fram, og viste til at samarbeidet med dei som gjorde innkjøp ikkje fungerte.

– Eg skulle hindra sjølvtekt i UiOs lokale

Advokat Færø: – Det har vore påstandar om favorisering og nepotisme i denne saka?

Kjetil Taskén: – Ho seier at ho har fått minst ressursar. Men det er ho som har fått mest. Så det stiller eg meg heilt avvisande til.

Regjeringsadvokaten lurte også på om han var ute etter å skremma henne.

Taskén: – Eg skulle hindra sjølvtekt i UiOs lokale.

Advokat Færø viste til ein epost der ho (gruppeleiaren) omtalar måten ein administrativ tilsett behandlar saka på som “manic”.

– Du avviser denne språkbruken?

Taskén: – Ho (den administrative tilsette) gjorde ein fantastisk innsats over mange år. Eg bad henne (den kvinnelege gruppeleiaren) om ikkje å bruka slik ordbruk for å diagnostisera andre tilsette.

Då lurte advokat Færø på om han visste om fleire konfliktar i tilknyting til senteret. 

– Eg kjenner ikkje til det bortsett frå det eg har lese i media. Det har ikkje vore så mange andre konfliktar der eg har vore leiar.

– Det er ikkje heilt uvanleg

Når det gjeld spørsmålet om forfattarrekkjefylgje, lurte advokat Færø på om det ofte var grunnlag for konfliktar.

– Det er ikkje heilt uvanleg. Det dukkar av og til opp i komitear ved UiO. Vanlegvis blir dei løyste før dei kjem så langt, sa Taskén.

Ingvild Opøien, advokaten til gruppeleiaren meinte at den kvinnelege gruppeleiaren hadde kritisert veremåten og ikkje personar då ho hadde brukt psykiatriske diagnosar. Det var Taskén ueinig i.

– Eg meinte ordbruken generelt sett, og eg las det som ein karakteristikk av tilsette.

Opøien ville gjerne vita kvar han hadde sett oppslag i media.

– Eg har sett oppslag i Khrono og Uniforum om saka, sa Taskén.

Opøien: – Sende du brev til andre gruppeleiarar?

Taskén – Ja.

Opøien: – Er det andre konfliktar du har vore i?

Taskén: – Ja, det har eg opplevd.

– Om du skal ta doktorgrad, må du laga ein plan

Dommar Ingebjørg Tønnessen: – Medforfattarskap er viktig i akademia?

Taskén: – Ja, det er meritterande.

Då ville dommaren vita om det også gjald innanfor ph.d.-utdanninga, noko Taskén kunne stadfesta. 

Så ville Ingvild Opøien vita om det ville vera meir usemje mellom dei som engasjerer seg mykje enn dei som gjer lite av seg.

REPRESENTERER GRUPPELEIAR: Ingvild Opøien er advokat for den kvinnelege forskargruppeleiaren som har gått til sak mot UiO for usakleg oppseiing.

– Om du skal ta doktorgrad, må du laga ein plan. Og rettleiaren må fylgja opp, men doktorkandidaten gjer forsøk og mesteparten av arbeidet, svara Taskén. 

Dommar Ingebjørg Tønnessen viste til at professor i medisinsk etikk, Jan Helge Solbakk i vitnemålet sitt hadde vist til at denne delen av akademia er svært konkurranseprega.

– Det gjeld å bli først, og det kan vera ein hard tone. Er det slik?

– Eg er ikkje heilt einig i det. Der eg jobbar no samarbeider me. Av og til må me finna oss i at andre publiserer før oss. Det er eit meir kollegialt miljø enn det Solbakk skildra, meiner eg.

– Ho gjorde eit strålande og engasjert jobbintervju

Tidlegare instituttleiar og tidlegare fakultetsdirektør ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet Jo Døhl var også kalla inn som vitne. Han stadfesta overfor regjeringsadvokat Færø at han hadde vore med på tilsetjinga av den kvinnelege gruppeleiaren.

– Ja, det var eg. Det var 71 søkjarar. Eg sat i innstillingsutvalet. Eg var med på å plukka ut to kandidatar. Den eine var .. (namnet på gruppeleiaren), og den andre var ... (namn på annan søkjar). Ho gjorde eit strålande og engasjert jobbintervju og ho var ein god formidlar av forskingsideane sine.

Døhl opplyste også at gruppeleiaren begynte først i 2016 fordi dei måtte rigga opp utstyret i laboratoriet.

Dommar Ingebjørg Tønnessen ville gjerne vita kva type stilling gruppeleiaren blei tilsett i.

– Det var ein mellombels stilling. Du søkjer om ein periode og søkjer om forlenging 5 + 4 år, forklarte Døhl.

– Ein del friksjonar i IT-seksjonen

Han stadfesta også at det hadde vore ein del konfliktar ved senteret.

– Vinteren 2016 var det ein del friksjonar i IT-seksjonen ved Norsk senter for molekylærmedisin (NCMM). Eg sa meg villig til å mekla i konflikten overfor Kjetil Taskén. Det kom ein epost på fire sider frå gruppeleiaren med kritikk av IT-seksjonen. Eg tok det som eit oppstartsproblem.

Døhl kom også inn på ein epost frå ein av dei administrative tilsette ved senteret sommaren 2018.

– Eg hugsar det kom ei bekymringsmelding frå henne (den administrativt tilsette). Då oppfatta eg det slik at ho (den kvinnelege gruppeleiaren) kunna mista gode kandidatar på grunn av det. Eg hugsar ikkje om eg tok kontakt då. Men eg tok kontakt med henne 24. september 2018 på mitt kontor på Kjemisk institutt om problema på NCMM. Då prøvde eg å gi henne råd om kommunikasjonsform, og om det unødvendige i å skriva lange epostar. Og også om å sjå at ei sak har fleire sider. Det hadde ho inga forståing for, konstaterte han.

Døhl gav henne då klart melding om at det ville skaffa henne problem seinare. 

– Eg ville gi henne velmeinte råd, understreka Døhl som meinte at møtet hadde vart mellom 1 til to timar den ettermiddagen.

– Ikkje nødvendig å behandla stipendiatane sine røft

Han meinte også at leiarstilen hennar ikkje er oppskrifta på å fremja god vitskap.

– Me har jamleg artiklar i Science og Nature. Og å behandla stipendiatane sine røft er ikkje nødvendig for å yta god vitskap. Me har mange gode forskingsmiljø frå andre delar av fakultetet, opplyste han.

Døhl fortalde også at dei hadde gitt ein forskar i oppgåve å vera mentor for den kvinnelege gruppeleiaren.

– Det varte ut våren 2019. Vedkomande var tydeleg på at vidare relasjon til gruppeleiaren var meiningslaust. Han sa at samarbeidet hadde brote saman. Me forstår ikkje kvarandre, sa han til meg.

Advokat Færø ynskte også å vita meir om forholdet mellom senterdirektør Saarela og gruppeleiaren.

REPRESENTERER UiO: Magnus Johan Færø hos Regjeringsadvokaten representerer UiO i oppseiingssaka mot UiO i Oslo tingrett.

– Gruppeleiaren brukte relativt sterke ord som “Mafia implication”. Saarela kom til meg og sa ifrå om det i 2019. Mi rolle var at eg mottok epost.

Advokat Færø: – Kva kjenner du til av konfliktar?

– Eg kjenner dei gjennom klager ho (den kvinnelege gruppeleiaren) sende til fakultetet. I 2019 blei eg fakultetsdirektør.

Advokat Færø ville også høyra om det hadde vore ein konflikt mellom ein ph.d.-kandidat og den kvinnelege gruppeleiaren. 

– Ja. Ho meinte ho hadde drive plagiat i doktorgradsoppgåva si. Medforfattarerklæringa går ut på at medforfattaren har gjort eit genuint arbeid på det kandidaten disputerer på, forklarte han for dommarane. 

Så viste Døhl til at den versjonen som ho (den kvinnelege gruppeleiaren) hadde signert ikkje var den same som stipendiaten hadde signert, og gruppeleiaren hadde difor klaga på den.

– Derfor tok eg kontakt med Forskingsetisk utval for å høyra om fakultetet skulle gjera ei vurdering av saka. Deretter kunne me senda det vidare om det var dokumentmanipulasjon eller gjort i vinnings hensikt for å seia det slik, fortalde Døhl.

– Ho hadde ingen tillit til dei som undersøkte saka

Men han var ikkje nøgd med måten den kvinnelege gruppeleiaren hadde oppført seg på etterpå.

 – Ho har sendt ut epostar og har bede om namn på sakshandsamarar og alle telefonar me har hatt om desse saka. Eg ringjer og snakkar med folk på telefon. Og eg har fått mange epostar frå henne (den kvinnelege gruppeleiaren). Me blei einige med Forskingsetisk utval om dette. Me tok kontakt med alle dei fire forfattarane. Eg fekk epost frå henne (den kvinnelege gruppeleiaren) om at ho hadde ingen tillit til dei som undersøkte saka, gjenfortalde han til retten.

Døhl hugsa at han hadde kontakta ein av forskarane i Georgia Tech. Då fann han ut at den andre var forskaren i Georgia Techs student. 

– Då sende eg epost til studenten hans via LinkedIn. Då blei han irritert. Han ville ha seg fråbeden at eg tok kontakt med studenten hans, minnast han.

Døhl viste til at også den kvinnelege gruppeleiaren hadde sendt han epostar.

– Ho meinte at eg hadde uheiderlege formål ved å ta kontakt med dei via epostar og telefon, sa Døls. 

Han las opp ein epost han hadde sendt til gruppeleiaren som no har gått til sak mot UiO.

Og han las opp svaret frå gruppeleiaren. Der står det at dette er ei “gaslighting of me.” Det blir tolka som å hengja ut offeret, forklarte Døhl.

– Me gav henne medhald

Han hugsa godt denne dagen.

– Dette var fredag 7. juli. Den same dagen sende me ein rapport som gav henne (den kvinnelege gruppeleiaren) medhald i klagen om at .. (namn på ph.d.-kandidat) ikkje hadde signert den siste versjonen av avtalen. Derfor sende me det vidare til Forskingsetisk utval. I den versjonen var det ikkje tatt med at ho (den kvinnelege gruppeleiaren) hadde gjort mikroskoparbeidet, fortalde han. 

– Me konkluderte med at det likevel ikkje ville få noko å seia for godkjenninga av doktorgraden til vedkomande (ph.d.-kandidaten), la han til.

Advokat Færø ville vita om det var vanleg med konfliktar mellom ph.d.-kandidatar og rettleiarar.

– Det er kandidatar som ber om ny rettleiar. Men at det har vore mykje konflikt der er heva over ein kvar tvil. NCMMs formål er å bringa fram nye forskartalent som etter kvart skal rotera ut av institusjonen og finna nye jaktmarker. Eg trur at (namnet på kvinneleg gruppeleiar) sine metodar ikkje har vore heilt bra.

– Ho er ein glitrande og glimrande forskar

Advokat Færø lurte på når konflikten mellom Saarela og gruppeleiaren tok til.

– Saarela var ny. Men det smalt frå dag 1. Ho var ny, medan gruppeleiaren ikkje var det.

Regjeringsadvokaten ville gjerne vita korleis han ville skildra samarbeidsevnene til gruppeleiaren. 

– Ho er ein glitrande og glimrande forskar. Men kommunikasjonsforma hennar har brakt henne i konfliktar. I epostane hennar er det ikkje noko hierarki. Alle problema blir like store anten dei er store eller små. Epost er eit einsidig medium der motparten ikkje kjem til orde med ein gong, var erfaringa hans. Som sanningsvitne trekte han fram tidlegare dekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, Morten Dæhlen.

 – Han sa ein gong til meg at han ikkje kunne hugsa nokon personkonflikt som ikkje hadde starta med ein epost, poengterte han. 

Kvinna sin advokat Ingvild Opøien lurte på kvifor Døhl ikkje hadde tatt kontakt med universiteta sentralt.

– Eg tok kontakt med Georgia Tech og denne forskaren. Eg var i kontakt med han via epost, sa han. 

Opøien; – Det var ein uformell kontakt?

Døhl: – Ja.

Opøien: – Du tok saka til Forskingsetisk utval?

Døhl: – Ja, for ph.d.-kandidaten må ha vore klar over at ho ikkje signerte på den siste versjonen. Om det hadde vore dokumentfeil, ville me ha sendt medforfattarerklæringa over til Forskingsetisk utval.

Opøien: – Er det rart om ho ber om innsyn i dokument og kommunikasjon om den saka?

Døhl: – Ja, det synest eg. Me kan ikkje dokumentera alle samtalar.

Opøien: – Ho snakkar ikkje norsk. Er ikkje det ei forklaring?

Døhl: – Ho sende ein lang, lang harang av epostar. 

Opøien: – Har det vore problem med leiing på fakultetet?

Døhl: – Eg vil ikkje kommentera på andre konfliktar enn på NCMM. 

Opøien: – Kan det vera andre konfliktar på NCMM enn berre konflikten med gruppeleiaren?

– Og du må visa at du kan symja

Dommar Ingebjørg Tønnessen viste til namnet på ein tidlegare mannleg tilsett som hadde skildra NCMM som ein fæl arbeidsplass.

LEIA RETSSAKA: Dommar Ingebjørg Tønnessen leia retten i saka der ein forskargruppeleiar skuldar UiO for usakleg oppseiing.

– Var det litt riktig at det var mange greier med NCMM? 

Døhl: – NCMM er ein talentfabrikk, og du må visa at du kan symja. I eit notat tar eg tak akkurat i det punktet. Det eg har presentert har vore objektivt. Med dei siste skuldingane frå gruppeleiaren har det vore vanskeleg å ikkje ta det personleg. 

Opøien: – Føler du sjølv om du er fornærma, at du kan sjå at gruppeleiaren har eit grunnlag for dette?

 – Me har gitt henne medhald i at ph.d.kandidaten ikkje skreiv under på den siste versjonen, men me er ikkje einig i at det var ei kriminell haldning, stod Døhl fast på.

Dommar Ingebjørg Tønnessen tykte det var litt uklart då Døhl svarte på regjeringsadvokatens spørsmål om gjennomtrekk på NCMM.

– Var det for alle eller på gruppa til den kvinnelege gruppeleiaren? 

– Det burde Taskén ha svart på. Eg kan ikkje svara på det, avslutta Jo Døhl. 

– Vennleg med folk som er på same hjørnet som henne

Den siste som var kalla inn som vitne på den siste dagen av rettssaka var Janna Saarela, administrerande direktør for Norsk senter for molekylærmedisin (NCMM).

IKKJE FLINK TIL Å SKRYTA: – Eg er ganske finsk av meg. Så eg er ikkje flink til å skryta av folk, sa administrerande direktør Janna Saarela då ho vitna i oppseiingssaka mot UiO i Oslo tingrett på onsdag.

Advokat Færø ville gjerne høyra korleis ho ville omtala samarbeidsevnene til den kvinnelege gruppeleiaren.

– Ho kan vera svært vennleg med folk som er på same hjørnet som henne. Det er ikkje noko varmt samarbeidsforhold, svarte Saarela. 

– Me rekna med at det var noko som ikkje stemte

Færø ville gjerne vita meir om arbeidsmiljøet på senteret.

– Dei tilsette har lunsj og kaffi saman. Dei arbeider saman og dei kan samarbeida, var Saarelas inntrykk.

Færø lurte også på korleis gruppa til den kvinnelege gruppeleiaren fungerte.

– Gruppa hennar samarbeidde ikkje med andre grupper. Me rekna med at det var noko som ikkje stemte. Det skjedde då ph.d.-studentane tok kontakt med vedkomande som leia kjemigruppa. Dei fortalde at dei ikkje kunna halda fram med prosjekta sine, fortalde han meg. 

Men Saarela kunne likevel ikkje hugsa at nokon slutta i denne perioden. Færø viste til at på eit tidspunkt ynskte ikkje gruppeleiaren å forholda seg til senterleiaren, altså Saarela. 

– Det blei stilt spørsmål. Eg forstod at dei ikkje hadde nokre klager på meg. For eg behandla henne på same måte som eg behandla alle dei andre.

– Eg veit ikkje kva ho driv på med i dag

Saarela fortalde også at ho ikkje hadde sett henne sidan granskinga starta.

– Vanlegvis har eg hatt kontakt med henne via epost. Og eg veit ikkje kva ho driv på med i dag. Og alle studentane hennar er no overførte til andre grupper. Ho har akademisk fridom så ho treng ikkje vera til stades. Men ho kan ha vore i laboratoriet, trudde ho.

Advokat Færø var også opptatt av å få vita om ho hadde mange møte med dei tilsette.

– Minst eit møte kvar tredje veke, svara ho.

Regjeringsadvokaten spurte henne også ut om ho hugsa noko frå eit møte som ho hadde hatt med den kvinnelege gruppeleiaren og med UiO-jurist David Zvilgmeyer. Og då kom det opp ein diskusjon om gruppeleiaren skulle få delta.

– Møtet blei halde fordi me skulle diskutera flyttinga av nokre ph.d.studentar ut av gruppa hennar. Me ville finna ut korleis me kunne organisera dette og forsikra oss om at dette kunne gå vidare utan at dei ville bli forseinka. Då var ho ikkje klar til å diskutera dette. Seinare blei det aldri meir diskusjon om det temaet, hugsa Saarela.

Advokat Færø: – Ein av ph.d.kandidatane skifta gruppe?

Sarrilla: – Ein av dei sende meg ein rapport. Og ph.d.studenten og gruppeleiaren diskuterte det.

Regjeringsadvokat Færø viste til at gruppa til den kvinnelege gruppeleiaren fekk ei erstatning etterpå.

– Vil ikkje det seia at universitetet hadde gjort ein feil?

– Ingenting blei gjort feil, forsikra Saarela han om.

– Eg forventa at han ville oppdatera meg

Advokat Færø ville også vita om ho kjente til .. (namn på mannleg tilsett) og (namn på kvinneleg tilsett).

– Ja, dei var partnarar både profesjonelt og privat. Han (namnet på den mannlege tilsette) var også viseadminstrerande direktør. Han var viseadministrerande direktør då eg kom og hadde vore fungerande direktør etter at den førre direktøren hadde gått av. Eg forventa at han ville oppdatera meg, men det gjorde han ikkje. Han gjennomførte heller ikkje nokre av dei oppgåvene eg gav han, svara Saarela. 

Advokat Færø ville då vita om han hadde fått avskil.

– Det var ein prosess, sa ho. – Det var ein prosess, gjentok ho.

– Eg veit ikkje kva dei ikkje er nøgde med

Regjeringadvokaten lurte då på om leiarstilen til Janna Saarela kanskje ikkje var noko særleg.

– Eg prøvde heile tida å vera svært open og bringa ut informasjon til alle. Eg veit ikkje kva dei ikkje er nøgde med. Han (den mannlege tilsette) likte ikkje at det eg gjorde også fekk konsekvensar for partnaren hans.

Advokat Færø lurte på om veremåten til den kvinnelege gruppeleiaren var akseptabel i land utanfor Noreg.

– Absolutt ikkje, var ho sikker på. – Det ville ha ført til problem overalt, for dette er ikkje vanleg i andre land heller. Ho (den kvinnelege gruppeleiaren) brukar maktposisjonen sin på ein heilt upassande måte, tykte ho.

Ingvild Opøien, advokaten til den kvinnelege gruppeleiaren viste til eit brev frå Jens Petter Berg,dåverande prodekan for forsking ved Det medisinske fakultetet.

– Der står det at kommunikasjonslinjene i Norsk senter for molekylærmedisin ikkje fungerer som forventa.

– Det var I tida etter at Taskén hadde gått av og (namnet på mannleg tilsett) fungerte som administrerande direktør, svara ho.

Opøien: – Snakkar de med studentane regelmessig?

Saarela:– Ja, det gjer me. Ein gong i året møter me dei.

Opøien: – Burde ikkje du ha vore klar over problema i gruppa til (namnet på den kvinnelege gruppeleiaren)?

Saarela: – Ja, de burde eg. Men eg veit at dei blei rådde til ikkje å kontakta nokon.

Opøien: – Kven fylgjer opp dine studentar?

Saarela: – Viseadministrerande direktør.

Opøien: – Det har vore møte med studentar før. Kva seier dei om det?

Saarela: – Eg veit ikkje kva som blei diskutert i dei møta.

Opøien: – Veit du at det var møte med (tidlegare forskarkandidat i forhold med tidlegare mannleg tilsett) i fagforeininga?

Saarela: – Eg hadde sagt til henne at ho måtte byta rettleiar. Men eg hugsar ikkje når det var. Kan du hjelpa meg med å hugsa det?

Opøien: – Det var eit møte med deg og denne stipendiaten saman med fagforeininga.

Saarela: – Det kan eg ikkje hugsa. 

– Dei fann ikkje noko gale med forskargruppa hennar

Så kom advokat Ingvild Opøien inn på arbeidsvilkåra til den kvinnelege forskaren som har gått til sak mot UiO.

– De tilbaud henne ny arbeidskontrakt. Kvifor?

– Gruppeleiaren skal vera i stand til å utføra forsking og skaffa eksterne inntekter til senteret. Vedkomande må også klara å føra 1 til 2 ph.d.-kandidatar fram til ein avslutta doktorgrad. Evalueringa blir gjort av ein internasjonal komité. Også det rådgjevande styret vårt (Advisory Board) har møte med gruppa. Dei fann ikkje noko gale med forskargruppa hennar, slo Saarela fast i retten.

Opøien: – Etter at ho fekk beskjed om at ho ikkje kunna halda fram i jobben, kva gjorde du då?

– Eg sende henne ein epost. Men eg forstod på henne at ho ikkje ynskte vidare kontakt med meg. Eg har også invitert henne på møte, men eg har aldri ringt henne, fortalde ho.

Opøien: – No er samarbeidet med deg avslutta, og me kan halda fram ... , sa ho før ho blei avbroten av dommar Ingebjørg Tønnessen. – Eg avbryt deg for dette punktet har ho svart på.

 – Eg er ganske finsk av meg

Så kom Opøien inn på korleis Saarela hadde oppført seg overfor gruppeleiaren, dei gongene ho hadde markert seg fagleg.

– Eg gratulerte henne ein gong ho hadde fått publisert ein vitskapleg artikkel. Men det er vanskeleg å gjera noko meir når ho ikkje vil møta meg.

Opøien: – Ho har skaffa store forskingstildelingar til senteret. Kvifor gratulerte du henne ikkje?

Saarela: – Eg er ganske finsk av meg. Så eg er ikkje flink til å skryta av folk, var hennar vurdering av seg sjølv.

– Men eg har ikkje behandla henne annleis enn det eg har gjort med dei andre gruppeleiarane, la ho til.

Dommar Ingebjørg Tønnessen ville gjerne vita meir om forholdet mellom gruppeleiaren og ph.d.-studentane.

– Er det ph.d-studentane som hjelper gruppeleiaren eller omvendt?

– Det er typisk at det er gruppeleiaren som initierer prosjektet fordi emna blir utforma av gruppeleiaren. Dei skal forsikra seg om at ph.d.-studentane kan forska på eiga hand etter at dei er ferdige med doktorgraden, forklarte Saarela. 

Dommar Ingebjørg Tønnessen ville også vita kva posisjon gruppeleiaren hadde.

– Gruppeleiaren rekrutterer kandidatar og plukkar ut dei beste etter at dei har sendt inn søknader. Gruppeleiaren er hovudrettleiaren. Kandidatane bør derfor ha eit godt forhold til gruppeleiaren, fortalde senterleiar Janna Saarela.

Følg UA på Facebook og Instagram.