Knivangripen førsteamanuensis: – Eg tenkte at dette vil eg ikkje overleva

Mandag starta rettssaka mot farmasistudenten som er tiltalt for drapsforsøk mot førsteamanuensis Ingunn Björnsdottir på UiO i august i fjor. 

I BUKEN: – I byrjinga produserte kroppen så mykje adrenalin at eg nesten ikkje kjente det. Det gjorde eg ikkje før eg fekk eit knivstikk som gjekk heilt inn i buken. Slik skildra førsteamanuensis Ingunn Björnsdottir knivåtaket ho blei utsett for på Farmasøytisk institutt, då saka mot den tiltalte kom opp i Oslo tingrett mandag.
Publisert

Rettssaka i Oslo tingrett starta mandag med at aktor Alvar Randa las opp tiltalen mot den 24-årige farmasistudenten frå Austlandet. I den går det fram at førsteamanuensis Ingunn Björnsdottir ved Farmasøytisk institutt på UiO, den 24. august i fjor så vidt klarte å redda livet etter å ha blitt angripen med kniv av farmasistudenten. 

Det skriv avisa Uniforum. 

Angrepet skjedde i lokala UiO leiger i Gydas vei 8 på Majorstua. Björnsdottir blei redda av ein kvinneleg kollega som klarte å avbryta handlinga til den mannlege studenten.

Ifylgje tiltalen frå Oslo tingrett blei førsteamanuensen forsøkt drepen ved at studenten skar henne i halsen og stakk henne i buken og overkroppen med kniven. Redningskvinna og andre greip inn akkurat tidsnok til at vitale organ ikkje blei skadde. Ho fekk også raskt medisinsk hjelp. Desse to faktorane gjorde at ho overlevde. Kollegaen som greip inn, fekk kuttskader frå kniven i den venstre handa og i den høgre underarmen.

Vil berre vedgå skuld for grov kroppsskade

Forsvararen for den tiltalte Petar Sekulic gjorde det straks klart at den 24 år gamle klienten hans ikkje ville erklæra straffskuld for drapsforsøk mot førsteamanuensen, men berre vedgå skuld for grov kroppsskade. I det andre tiltalepunktet som handlar om at han har stått bak kroppsskade på kollegaen som greip inn, vedgår han ikkje noko skuld i det heile tatt.

Aktor gjorde det klart at den tiltalte er strafferettsleg tilrekneleg, men at det ikkje er fare for gjentaking.

– Han skal få si straff i fengsel, understreka han.

Petar Sukulic viste til at den tiltalte hadde vore til vurdering hos lege, og hadde fått diagnosen asberger.

– Ein av mange i ein stor flokk

Først ut i vitneboksen var førsteamanuensis Ingunn Björnsdottir ved Farmasøytisk institutt som er den hovudfornærma i saka. I retten kom det fram at ho hadde hatt korrespondanse med den tiltalte og den tidlegare rettleiaren hans hausten 2022.

– Truleg var han ein av mange i ein stor flokk eg har halde førelesing for, sa ho.

Seinare hadde ho ingen kontakt med han, før han bad om eit møte i juni, den same dagen han hadde fått vita at han hadde stroke på ein eksamen.

– Han forstod ikkje kvifor han hadde stroke, men han gjekk vidare til konteeksamen, fortalde ho. Etter at han hadde stroke også på konteeksamenen, bad han om eit nytt møte. Det var den 24. august i fjor. Då gjekk ho sjølv ned og henta han i 1. etasjen i Gydas vei 8. 

– Det måtte meg gjera på grunn av tryggingstiltak. Så då tok han og eg åleine heisen opp til 4. etasje og gjekk vidare til kontoret mitt. Det viser at eg ikkje trudde eg hadde nokon grunn til å frykta han, gjorde ho det klart i vitneforklaringa si. 

– Han trekkjer brått fram ein kniv

Inne på kontoret sat kollegaen hennar. Den tiltalte fortalde at han var ueinig i det som stod i vurderinga av prestasjonen hans under eksamen. Derfor meinte han at det var feil at han hadde stroke. Etter at dei hadde brukt opp den tilmålte tida, måtte ho gi beskjed om det.

– Då sa eg rett ut til han at den tida som var sett av til møtet var gått ut. Han ignorerer meg. Eg reiser meg, og han reiser seg. Så seier han at eg ikkje er kompetent, registrerte ho. 

Så skjer det ho aldri hadde klart å førestella seg. 

– Han trekkjer brått fram ein kniv og brukar den til å skjera meg over halsen, seier ho og demonstrerer det for retten med å føra handa over halsen.

– Eg hamnar på golvet, og så støyter han kniven mot hofta. Deretter får eg eit stikk i buken i nærleiken av tarmen. Det var stikk etter stikk med kniven, mintest ho.

– Eg kan takka dei for at eg er i live

Men ho hugsa at ho kom seg ut av rommet, men ikkje korleis. 

– Eg veit at eg kom meg inn på kopirommet, og ville låsa det. Heldigvis svima eg av på golvet, før eg fekk gjort det, slik at dei kunne finna meg der, fortalde ho i retten. Då kom fleire kollegaer til, og dei fekk lagt den tiltalte i bakken og tatt kniven i frå han.

– Dei gav meg førstehjelp, og stod klare til å ta imot helsepersonellet då dei kom. Det sparte me tid på. Eg kan takka dei for at eg er i live, sa ho med klar stemme i retten.

Aktor Alvar Randa ville gjerne vita om ho hadde lagt merke til noko spesielt med den tiltalte den dagen. 

– Ansiktsuttrykket hans viste at han var veldig sint. Eg forstod ikkje kvifor. 

– Korleis var stemninga på møtet? ville aktor vita.

Han prata nesten ikkje, sjølv om eg hadde forventa det. Det er ofte ei ubehageleg stemning med studentar som har stroke, svara ho.

– Sa du noko som kunne ha provosert han? lurte aktor på.

– Ikkje som eg hugsar. Men eg sa tre gonger til han at møtet var overstått, både bestemt og strengt. Men ikkje noko meir.

– Men han sa det var di skuld?

– Han sa det var mi skuld. Men eg hugsar ikkje akkurat det han sa. 

– Sa han det før eller etter at han hadde kutta deg i halsen?

– Eg hugsar ikkje rekkjefylgja, svara ho.

Ingunn Björnsdottir blei deretter spurt om å koma inn på korleis ho opplevde å bli stukken med kniv over heile kroppen. 

– I byrjinga produserte kroppen så mykje adrenalin, at eg nesten ikkje kjente det. Det gjorde eg ikkje før eg fekk eit knivstikk som gjekk heilt inn i buken. Eg tenkte at dette vil eg ikkje overleva, fortalde ho.

– Kvifor trudde du det?

– Fordi eg trudde det var sannsynleg at det knivstikket sannsynlegvis ville nå tarmen, og då er det nærmast garantert at det vil gi ein infeksjon, forklarte ho.

– Kvifor veit du det?

– Eg er farmasøyt, så eg har sett meg inn i det, slo ho fast.

Kunne ikkje eta kjøt

Seinare i vitneutspørjinga kom det fram at ho hadde vore sjukemeldt i eitt år etter knivåtaket. Ho hadde også store problem med å ta til seg næring, og ikkje minst å eta kjøt, noko bistandsadvokaten hennar Hege Salomon bad henne om å koma inn på.

 – Systera mi som er sjukepleiar kom hit og stelte meg i seks veker etter sjukehusopphaldet. Saman har me laga ein plan for korleis eg kan begynna å eta kjøt igjen, fordi eg såg ein bit av ein muskel i beinet etter knivåtaket. Eg klarer framleis ikkje å bruka ein skjerekniv, berre vanleg bestikk, fortalde ho i retten.

Etter at ho hadde blitt frisk nok til det, blei ho sendt til vidare behandling på Island. 

– Men då eg kom tilbake til Noreg, fekk eg vita at studenten hadde kome inn på eit kurs på eit anna fakultet vårsemesteret 2024. Det skremde meg, for dei tilsette der, kunne ikkje vita kven det var og kva han hadde gjort, sa ho i Oslo tingrett.

– Eg hadde berre halde førelesingar for han

Etter lunsjpausen var det den kvinnelege kollegaen til Ingunn Björnsdottir sin tur til å vitna. Også ho er førsteamanuensis ved Farmasøytisk institutt, samtidig som ho driv eit apotek ein stad på Austlandet. 

Også ho fekk spørsmål om ho kjente tiltalte frå før. 

– Nei. Eg hadde berre halde førelesingar for han, sa ho. 

Aktor Alvar Randa bad henne så om å forklara opplegget for studiet i farmasi. Ho viste til at studiet hadde fag som farmakologi og samfunnsfarmasi. Det kom også fram at den tiltalte mannen var i ferd med å ta det tredje året i farmasi.

– Alle må ha bestått for å kunna gå vidare, peika ho på.

– Eg hoppar på han og prøver å få tak i kniven

Også forskarkollegaen til Ingunn Björnsdottir måtte gå gjennom kva som skjedde på kontoret, då møtet med farmasistudenten starta. 

– Først gjekk me gjennom eksamenspapira. Eg oppfatta det slik at han hadde fokus på Ingunn heile tida, sjølv om eg hadde ansvaret for konteeksamen. Så sa han at Ingunn var heilt forferdeleg. Brått tok han handa ned i sekken og trekte fram ein stor kniv. Bak ryggen min må han ha reist seg, for eg ser brått verken han eller Ingunn. Så snur eg meg rundt. Då ser eg berre ryggen hans. Eg hoppar på han og prøver å få tak i kniven. Eg ser at kniven gjekk inn i sida på Ingunn. For meg blir fokuset å halda på kniven, fortalde ho. 

Deretter hugsar ho at dei begge hamnar på golvet to gonger. Då fekk eg kutt i både handa mi og i høgre overarm. Kuttet i handa fekk ho etter at ho kom bort i knivbladet, då ho prøvde å få tak i kniven.

– Me låg nesten i ei skei på golvet, sa ho.

Seinare kom kollegaene hennar springande til, og fekk tatt kniven frå den tiltalte.

– Dei bad meg om å leggja meg ned på ein sofa i gangen, men det torde eg ikkje, så dei fylgjer meg inn på eit kopirom der dei plastrar meg, hugsa ho.

– «Ver så snill å slutta»

Medan Ingunn Björnsdottir blei frakta til Ullevål sjukehus, blei ho sendt til skadelegevakta i ambulanse.

Aktor ville vita om ho hadde sagt noko til han under knivåtaket.

– «Ver så snill å slutta» ropte eg så høgt eg kunne rett i øyret hans, sa ho.

Også ho fekk sjukmelding etter åtaket.

– Til å begynna med kunne eg ikkje møta verken i Gydas vei eller på Blindern. Det var vanskeleg å ta buss og å delta på sosiale samlingar. Eg hadde nok med å få i meg mat og få meg nok søvn, fortalde ho. 

Først etter nyttår 2024 kunne ho begynna på jobb for fullt igjen.

– Før trena eg tre gonger i veka, men det har eg slutta med, sa ho.

– Eg tenkte at han hadde autisme

Forsvararen til den tiltalte Petar Sekulic ville gjerne vita om studenten skilde seg ut på nokon måte samanlikna med dei andre studentane.

– Fleire av sensorane opplevde han som merkeleg, også dei skodespelarane som spelte kundar i praksiseksamenar. Eg tenkte at han hadde autisme på grunn av dei andre sine skildringar av han, sa ho.

Og forsvararen kom med sitt inntrykk av vitneforklaringa til redningskvinna til Ingunn Björnsdottir.

– Du oppfatta situasjonen slik at han hadde fokus på Ingunn?

Det stadfesta ho.

Tirsdag var det den tiltalte 24-åringen sin tur til å gå vitneboksen i rettssal 818 i Oslo tinghus.