Gjesteskribenten

Kva er vår samfunnsrolle – eigentleg?

- Kva er eit universitet? Det er ikkje ein interesseorganisasjon; vi er ikkje eit politisk parti, ikkje eit trussamfunn eller folkerørsle. I staden skulle akademikarar vere dei som lærer samfunnet verdien av sakleg drøfting og eit fritt ordskifte.

- Usemje er med andre ord del av ein vitskapleg metode. Når ytringsfridom ved universitetet er truga, er det difor eigentleg vår vitskaplege metode som er komen under press, skriv Anders Ulstein som gjesteskribent denne veka.
Publisert

Dette er en ytring. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens mening.

Vi står oppe i ein strategiprosess. Det betyr høgsesong for store ord. Alle gode ting skal gjerne med. I ein slik kakofoni misser vi kanskje av syne at vårt formål, verdiar og samfunnsrolle allereie er gitt, enten gjennom den vitskaplege tradisjonen eller ved Kunnskapsdepartementet sine styringsdokument.

Fakta

Anders Ulstein

Anders Ulstein
  • Utdanning: Ulstein har en cand.mag. i språk og historie fra HiV og UiB + master i samfunnsvitenskap med hovedvekt på Europeisk politikk og historie fra LSE. 
  • Nåværende jobb: Universitetslektor ved Institutt for IKT og realfag (IE), Campus Ålesund, der han også er nestleder utdanning. Hans undervisningsoppgaver er primært innenfor de alternative opptaksveiene for ingeniørutdanningen. 
  • Roller i UH-sektoren: Ulstein var medlem av språkpolitikkutvalget ved NTNU i 2022. Er leder av det nasjonale Fellessekretariatet for de alternative opptaksveiene for ingeniørutdanningen. 
  • Faglige interesser: Språk og akademisk skriving som del av ingeniørutdanningen. Språket er mer enn et kommunikasjonsverktøy, det er noe vi tenker med. Hva så når språklig kompetanse svekkes? Har ledet programarbeidet med kvalitetsseminarene ved Campus Ålesund i fire år.
  • Opptatt av: Hvordan vi verner om akademias overordnede samfunnsoppdrag og bevarer vår uavhengighet i møte med politiske vinder og økonomiske interesser. Uavhengighet forutsetter ytringsfrihet og takhøyde. Hvordan omstiller vi UH-sektoren i møte med de tunge strukturutfordringene landet står overfor, og hva betyr dette for ‘ett NTNU på tre campus’? Dessuten, universitetspedagogikken trenger et kritisk blikk og en ny start. Og: Er dagens studenter tilstrekkelig «studieforberedt»? Hvis ikke, må vi i større grad ‘studieforberede’ vår studenter selv, og hvordan gjør vi det?

Kven vil vi vere?

Strategisk arbeid må nettopp starte med kven vi er og kva vårt viktigaste formål er. Alt dette er allereie gitt. Spørsmålet er difor godt, men vi har ikkje så mange val som vi likar å tru.

Enig eller uenig?

Send oss din ytring på

Rektor Tor Grande spurte i august «Hvem vil vi være?». Han rundar av sitt innlegg i UA slik: «Trenger vi egentlig andre verdier enn de akademiske?» Det er eit godt spørsmål.

Verdien i universitetet er noko uforanderleg og «universelt» som ein så å seie per definisjon ikkje kan endre. Vi kan nok ha andre strategiske mål for organisasjonens prioriteringar og satsingar. Og så har vi mange gode allmenne verdiar som vi alle er opptekne av, men kor mykje av dette bør vi stable opp i strategidokumentet før det overdøyver det grunnleggande?

Dimensjonering

Ein stor organisasjon må sjølvsagt ha strategiar som kjem på toppen av universitetet si grunnleggande rolle. Det openberre døme i dag er omstilling for å møte strukturutfordringane i landet. Samfunn og arbeidsliv treng ingeniørar og sjukepleiarar m.fl. – og vi treng dei over heile landet.

Midt i debatten om økonomiske innstrammingar, frå styrerom til lunsjrom, har noko av dette kome i bakgrunnen. Når vi no skal dimensjonere oss, er ikkje det for å spare pengar, men for å produsere fleire kandidatar som arbeidslivet, norsk økonomi og velferdsstaten treng. Vi må etter kvart grave djupare ned i elevmassen og vi må difor gjere utdanningane tilgjengeleg for fleire, der folk bur. Elevmassen vil om nokre år gå inn i eit langsiktig fall.

Dette krev strategisk tenking, og heller ikkje her har vi stor valfridom. Dei strategiske analysane og prioriteringane ligg i styringsdokument etter styringsdokument i over ti år, slik som i Utsynsmeldinga, langtidsplanen, Profesjonsmeldinga og seinast i Perspektivmeldinga.

Ingen må difor tru at vi no går inn i ein strategiprosess med blanke flippoverar og idemyldring med post-it-lappar og tusj på seminarrommet. Eg er lei meg for å seie det, men strategiprosessen sin viktigaste del er over. Vi kan vere så autonome vi vil, men her er løypa lagt.

Metodisk skepsis

Viktigare enn strukturutfordringane er likevel dette: Universitetet skal bidra til kunnskap gjennom den vitskaplege metode, og forvalte og formidle den vitskaplege korpus til nye generasjonar. Alt anna følgjer av dette.

Grunnlaget for den vitskaplege metode er ei interessefri, saksbasert og kritisk innstilling. Skulle ein bruke berre eitt ord, så skulle det vere metodisk skepsis. Det er ikkje resultata som er viktigast for oss, men metoden og innstillinga. Som med Heraklit kan vi seie at alt er i rørsle og ikkje noko er fast og sikkert, med unntak av vår vitskaplege metode. Eit tre er ikkje det same i dag som i går, men målestokken vi målar høgda med er uforanderleg.

For oss er metoden primær og resultatet sekundært, medan samfunnet opplever det stikk motsett. Vi høyrer stadig frå politikarar at universitet er viktig fordi vi «leverer fakta». Og eg forstår kva som blir meint. Vi må ikkje ende opp som samfunnets ekspertkommentator.

Tillit

Vi kan samanlikne oss med domstolane. Der er også prosessen viktigast. Fru Justitia er blind. Og den svarte kappa er symbolet på at det personlege er lagt til sides; slik det også er for forskaren i laboratoriet. Sakstilhøvet skal tale til oss utan det subjektive. Vår rolle er å bruke logisk tenking, det heile perfeksjonert i dobbelblinda randomiserte kontrollstudiar, den vitskaplege metodes Rolls Royce.

Både domstolane og universiteta har det slik at det er riktig prosess og innstilling som gjer at folk har tillit til dei. Tillit er difor ein verdi som må prege oss. Heller ikkje her har vi stort val. Tillit er eit produkt av korleis vi forvaltar vår metode og innstilling. Det er rart, men på lengre sikt er det altså ikkje fakta som skapar tillit, men at vi er interessefrie og skeptiske. De er dette som gjer oss til universitet.

Konsensus

Det er eit paradoks at vi i dag legg så stor vekt på nyskaping, innovasjon og omstilling, samtidig som vi lever i ein konsensuskultur på viktige område. Det er sjølvmotseiande. Ein konsensuskultur er antitetisk til kritisk tenking.

Ny kunnskap er ikkje eit resultat av ein prosess der alle er einige. Kunnskapen si vekst er resultat av det stikk motsette, at folk er ueinige. Og ikkje minst skal vi vere ueinige med oss sjølve.

Kritisk tenking handlar om å vere sjølv-korrigerande. Dette er når ein arbeider aleine. Når vi arbeider i team, i organisasjonen, i samfunnet, må vi korrigere kvarandre. Eit kritisk ordskifte er for samfunnet sjølv-korrigerande. Kanskje vi skulle vere eit føredøme nettopp her?

Kritisk tenking er difor ikkje mogleg utan usemje. Frå prosjektteorien veit vi til dømes at konsensusgrupper ikkje gir dei beste resultata. Heller ikkje grupper som har det veldig kjekt, er eit teikn på suksess. Tvert om er det ofte slik at i grupper der det er motstand, kritikk og høg temperatur blir resultatet best.

Eg har møtt mange «vanskelege» personar i arbeidslivet, og eg er kanskje ein sjølv, men om ein held psykopati utanfor, så har alltid slike møte hatt det resultatet at eg enten blei tryggare på kva eg sjølv meinte, eller at eg forstod at eg ikkje hadde så rett som eg trudde …

For eit paradoks det ville vere, om vi tenkjer at vi berre aleine kan sjå ei sak frå fleire sider, medan vi saman med andre skal vere samstemte. Alt dette er nesten søvndyssande sjølvsagt.

Det kanskje største trugsmålet mot ei effektiv gruppe er når folk sensurerer seg sjølv, eller tilpassar sine bidrag til vikarierande omsyn.

Usemje er med andre ord del av ein vitskapleg metode. Når ytringsfridom ved universitetet er truga, er det difor eigentleg vår vitskaplege metode som er komen under press.

Integritet

For på same vis som at kvar av oss av og til må stå aleine, må ein organisasjon i møte med «den forbannede kompakte, liberale majoritet» av og til våge det same. For likeleis som at «den sterkeste mann i verden, det er han som står mest alene» som dr. Stockmann i «En folkefiende», er dette sant for eit universitet. Det var ikkje berre sanatoriets badevatn som var forgifta i Ibsens søvnige småby.

Ja, vi kan og må bidra til å løyse nasjonale interesser, men det viktigaste bidraget er at vi gjer dette gjennom eit uavhengig, interessefritt og kritisk arbeid.

Så vurderer vi saker ulikt – fint. Kanskje kjem det litt temperatur i debatten også, det toler vi, men innanfor visse grunnleggande reglar. Ein arbeider ikkje for å stilne motstandarar, lage stråmenn eller argumentere med guilt by association. Grensa går der.

Kva er eit universitet? Det er ikkje ein interesseorganisasjon; vi er ikkje eit politisk parti, ikkje eit trussamfunn eller folkerørsle. I staden skulle akademikarar vere dei som lærer samfunnet verdien av sakleg drøfting og eit fritt ordskifte. Ville ikkje det vere eit flott samfunnsoppdrag i vår tid? Det er knapt noko eg trur sterkare enn dette: Pro et contra!