UiO-leiinga: akademisk boikott strir med akademisk fridom
For UiO-leiinga vil akademisk boikott av israelske institusjonar vera eit brot på den lovfesta plikta universitet og høgskular har til å fremja og verna dei som utfører den akademiske fridomen. Det går fram av sakspapira til diskusjonen om akademisk boikott i UiO-styret den 14. mai.
UiO-leiinga frårår Universitetsstyret å gå inn for akademisk boikott av Israel. Saka kjem opp til diskusjon på møtet den 14. ma
Foto: Ola Gamst Sæther/Uniforum
Den 14. mai vil spørsmålet om innføring av akademisk boikott koma opp for tredje gong i Universitetsstyret, skriv Uniforum. Den første gongen handla det om akademisk boikott som verkemiddel utan at noko spesifikt land blei nemnt. Den diskusjonen enda med at administrasjonen skulle kartleggja selskap eller institusjonar som Universitetet i Oslo hadde avtalar med.
Undersøkinga viste at UiO hadde hatt kontakt med fire israelske institusjonar, inkludert eit konsulentselskap og ein leverandør av vitskapleg utstyr. Ingen av avtalane var lenger gjeldande, forklarte UiO-leiinga på det andre styremøtet den saka blei handsama.
Akademisk boikott og hjelp til palestinske forskarar og studentar
Då blei det også endeleg bestemt at spørsmålet om akademisk boikott av Israel skulle opp som diskusjonssak i Universitetsavisa den 14. mai. Det er bakgrunnsnotatet for den diskusjonen UiO-leiinga no har publisert på nettsidene til UiO.
I denne bakgrunnsteksten grunngjev UiO-leiinga over sju sider kvifor det vil vera gale av UiO å innføra akademisk boikott av israelske institusjonar.
I ei informasjonssak inviterer UiO-leiinga også styret til å diskutera korleis UiO kan hjelpa palestinske forskarar og studentar på Gaza som har blitt råka av krigen mellom Israel og Hamas og korleis UiO kan bidra til gjenoppbygginga av høgare utdanning i Gaza.
Trekkjer fram UiOs etiske retningslinjer
I innleiinga peikar universitetsleiinga ved universitetsdirektør Arne Benjaminsen og assisterande universitetsdirektør Johannes Falk Paulsen på hovudoppgåva til Universitetet i Oslo. Dei viser til at UiO er eit internasjonalt orientert forskingsintensivt universitet og ein arena for fri kunnskapsutvikling og meiningsutveksling mellom menneske med høg fagleg integritet, evne til open dialog og kritisk tenking. “Alle våre vitenskapelige ansatte har akademisk frihet og kan innenfor våre retningslinjer for forskningsintegritet og forskningsetikk selv velge problemstillinger, hvem de vil samarbeide med , og hvor og hvordan resultatene bringes ut i samfunnet”, står det i bakgrunnsnotatet frå universitetsleiinga.
Dei viser også til dei etiske retningslinjene der UiO går sterkt imot akademisk boikott som politisk verkemiddel, og argumenterer for at vitskaplege nettverk kan nyttast på ein positiv måte i konfliktar der diplomatiske kanalar vert brotne ned.
Mange har samanlikna ein mogleg akademisk boikott av Israel med den akademiske boikotten som i praksis er sett i verk mot Russland etter invasjonen av Ukraina. Her viser universitetsleiinga til at dette handlar om å frysa kontakten med russiske institusjonar og forskarar. Ingen russiske forskarar blir heller inviterte til Noreg. Tidlegare tildelingar til norsk-russiske forskingsprosjekt, blir dermed lagde på is etter oppfordringa som kom frå regjeringa etter at krigen braut laus 24. februar 2022.
Vil ta stilling i eit utanrikspolitisk spørsmål
Ifylgje universitetsleiinga vil ein institusjon som innfører ein akademisk boikott av eit land også ta stilling i eit utanrikspolitisk spørsmål og ta på seg autoritet til å snakka og meina på vegner av alle tilsette og studentar. Samtidig blir det vist til at ytringsrommet ved universiteta i verda både i denne saka og i andre i stor grad er polarisert.
Det blir understreka at på UiO er det stor einigheit om at ein skal tola å bli eksponert for og kunna diskutera meiningar, teoriar og idear ein er djupt ueinige i. Dei meiner at ei eventuell innføring av akademisk boikott av Israel også handlar om kor vidt universitetet som institusjon skal innta ein politisk ståstad som kan “legge lokk på den åpne dialogen som et universitet skal preges av, og som i praksis utfordrer den enkeltes rett til å ha en egen mening,” står det i notatet.
Vil bidra til eit politisk press
I oppsummeringa tar universitetsleiinga også opp argumenta for å innføra akademisk boikott. Dei viser til at det handlar om å bidra til eit politisk press som kan påverka ein bestemt konflikt i riktig retning, tydeleggjera institusjonen si haldning i konflikten, og visa støtte til dei forskarane og studentane som vert råka direkte.
Konklusjonen UiO-leiinga landar på er at ein akademisk boikott av israelske institusjonar vil vera eit brot på den lovfesta plikta universitet og høgskular har til å fremja og verna dei som utfører den akademiske fridomen. Derfor bør UiO vera imot akademisk boikott som verkemiddel for eit universitet, og det vil derfor vera feil å innføra akademisk boikott av israelske universitet. Det handlar både om å ta vare på den akademisk fridomen til den enkelte vitskaplege tilsette, men også å vera ein god arbeidsgjevar for alle som jobbar på universitetet og ein god lærestad for alle studentar og tilsette.
Med dei orda blir medlemane av Universitetsstyret inviterte til å ta ein diskusjon om akademisk boikott av Israel.
Når det gjeld informasjonssaka om verkemiddel som kan støtta studentar, forskarar og akademiske miljø råka av krigen på Gazastripa, viser UiO-leiinga til fleire moglege tiltak.
Samtidig vert det understreka at UiO tydeleg har fordømt åtaka og overgrepa som sivile i krigen mellom Israel og Gaza blir utsette for, og at UiO fleire gonger har oppfordra til at folkeretten må respekterast.
Reint konkret viser UiO-leiinga til at UiO sidan februar i år har vore i dialog med Utanriksdepartementet med å få ut fire forskarar med UiO-tilknyting som har fått Scholars at Risk-stipend. Målet er få både dei og familiane deira til Noreg.
Tre av dei har klart å koma seg ut frå Gaza-stripa ved hjelp av lokale krefter, medan den fjerde framleis ikkje har lykkast med å dra ut av området. Den saka vil UiO fylgja opp vidare, går det fram av notatet.
Vil ha Students at Risk-stipend for palestinske studentar
UiO vil også føreslå at Utanriksdepartementet opprettar ekstra Students at Risk-stipend øyremerkte for palestinske studentar, slik det tidlegare har gjort for studentar frå Belarus og Russland. Dei skal koma i tillegg til dei faste 20 stipenda som blir oppretta årleg.
UiO held også kontakt med Birzeit university på Vestbreidda, som ifylgje UiO tar mål av seg til å bli eit nav for palestinske, arabiske og globale initiativ i samband med gjenoppbygginga. Tanken til Universitetet i Oslo er at også initiativet Global University College , som er ein global dugnad for å skaffa høgare utdanning til flyktningar og intern fordrivne, også skal gjelda for palestinske flyktningar på Gazastripa.
Heilt til slutt tilbyr UiO seg å vurdera moglegheita til å bidra til freds- og forsoningsinitiativ og lokal kapasitetsbygging saman med både palestinske og israelske universitet når forholda i regionen ligg til rette for det, går det fram av styrepapira før møtet den 14. mai. Det begynner kl. 12.00 i Tøyen hovedgård i Botanisk hage.