Demonstrerte mot statsbudsjettet: – Skuta kan framleis snuast

Stopp studentfabrikken! Det var hovudbodskapen då Norsk studentorganisasjon organiserte ein demonstrasjon mot regjeringa sitt forslag til statsbudsjett framfor Stortinget torsdag kveld.

SLUTTAPPELL: NSO-leiar Kaja Ingdal Hovdenak var ikkje nådig med regjeringa sitt forslag til statsbudsjett i sin sluttappell under demonstrasjonen.
Publisert

Bakgrunnen for demonstrasjonen var misnøyen med budsjettforslaget som regjeringa la fram 7. oktober. Norsk studentorganisasjon (NSO) meiner at politikarane ikkje evnar å sikra dei grunnleggjande levevilkåra til studentane.

Etter deira oppfatning legg forslaget til statsbudsjett for neste år opp til endå dårlegare råd for studentar, det skal straffa seg økonomisk å ikkje berre ta fulle gradar, og treng du høgare karakterar må du betala for ein ny sjanse. NSO kallar det å rasera kunnskapssamfunnet når regjeringa behandlar høgare utdanning som ein studentfabrikk. 

Sjølv om demonstrasjonen var ein kritikk av regjeringa sin politikk, hadde Norsk studentorganisasjon også funne plass til forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel på talarlista. Men han var nest sist, medan NSO-leiar Kaja Ingdal Hovdenak var sist av dei som slapp til med appellar, det skriv Uniforum.

Fakta

Dette er krava NSO stiller til regjeringa:

  • Aukar og knyt studiestøtta til 1,5 GMe treng ein føreseieleg auke av studiestøtta som følger pris- og lønnsvekst. Studentane skal ikkje måtta kjempa for å stå på staden kvil kvart år!
  • Stoppar innføring av eksamensavgiftRegjeringa foreslår at institusjonane skal innføra ei avgift studentane må betalaom dei treng å forbetra karakterane sine frå eksamen. Å straffa studentane for å vilja betra eigen kompetanse er feil veg å gå.
  • Reverserer endringa av konverteringsordninga, slik at studentane får mindre lån, ikkje meir. Regjeringa vil endra konverteringsordninga, så du får mindre av studiestøtta omgjort til stipend om du ikkje tar fulle grader. Årstudium, språkstudium og tverrfagligheit er også viktig kompetanse for framtida.

Kjelde: NSO

– For det er ikkje for seint

– Til alle de som står her og protesterer mot nedprioriteringane av studentane i statsbudsjettet. Det er eg så glad for at de gjer i dag. Det er sånn me viser at me ikkje er nøgde med og vil finna oss i at regjeringa legg fram eit budsjett som legg fram feil tiltak i høve til det som me studentar faktisk treng. Takk for at de viser Stortinget at dette er noko dei må ordna opp i. For det er ikkje for seint. Skuta kan framleis snuast så lenge me er mange nok ombord for budsjettet er enno ikkje vedtatt, peika ho på.

– Me set vår lit dei også i år

Kaja Ingdal Hovdenak hadde håp om at støttepartiet til regjeringa frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet, kunne sikra at budsjettet kan bli betre for studentane. 

– Eg har håp for at me står her og for at SV skal inn i budsjettforhandlingar og det gjorde store budsjettendringar for oss studentar i fjor. Me set vår lit dei også i år, sa Kaja Ingdal Hovdenakk. 

– Liv og røre er bra

Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel stod tolmodig og høyrte alle tala imot budsjettframlegget regjeringa hans presenterte for Stortinget den 7. oktober. Sjølv var han glad for at studentane brukte retten sin til å demonstrera også mot han og regjeringa. Men han forsvarte budsjettet. 

FORSVARTE BUDSJETTET: Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel forsvarte regjeringa sitt forslag til statsbudsjett overfor demonstrerande studentar utanfor Stortinget torsdag kveld.

– Det er verkeleg kjekt å sjå dykk her. Liv og røre er bra og eg tar litt av æra for det. Studietida er noko av den finaste tida i liva våre. Og me må sikra at det er rom for å leva gode studentliv i heile landet. Det inneber at ein har eit liv som gjer det mogleg. Eg har full forståing for at det er trangt å vera student, og eg har full forståing for ynska her om å ha det romslegare, sa Hoel.

– Me har auka studiestøtta med 25 000 saman med SV

Sidan alle dei andre appellantane hadde teikna eit ganske mørkt bilete av budsjettet, meinte han det var jobben hans å visa fram dei positive tinga som regjeringa tidlegare hadde gjort i samarbeid med budsjettpartnaren SV. 

– Me har auka studiestøtta med 25 000 kroner saman med SV. Det er godt over prisveksten. Me har fått fart på bygginga av studentbustader, og det er det viktigaste tiltaket for å få ned kostnadane til studentane. Rekordhøge 4500 studentbustader er no under bygging, trekte han fram.

UEINIGE: Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel og leiar for Norsk studentorganisasjon Kaja Ingdal Hovdenak er ueinige om forslaget til statsbudsjett for 2025 vil vera til fordel for studentane. Her står dei utanfor Stortinget rett før demonstrasjonen tok til.

Oddmund Hoel viste dessutan til at regjeringa hadde innført 75 prosent rabatt på tannhelse for alle under 27 år.

– Me har gjort flyreiser på kortbanenettet billegare og auka studentrabatten på tog til 50 prosent. Me har auka barnestipendet i Lånekassa, seinka barnehageprisane , seinka SFO-prisane og gjort livet lettare for studentar med barn. Altså viktige grep for å få ned kostnadane på studentbudsjettet i ei tid der prisveksten har ramma alle i samfunnet, inkludert studentane, understreka Hoel. 

– Det gir viktig erfaring

Han vedgjekk også at regjeringa hadde oppfordra studentane til å jobba. 

– Dei må arbeida ved sida av studia, berre det er med måte. Det gir viktig erfaring og gir ein mjukare overgang til arbeidslivet, den ordentlege fabrikken etter studia, og det gir gryn i kassa, slo han fast. 

Han minna dei demonstrerande studentane om at regjeringa også hadde heva frikortgrensa frå 70 000 til 100 000 kroner. 

– Me har gitt ei skattelette som monner for dei med lågast inntekt, som er studentane, trekte han fram.

– Det er ei investering i framtida

I demonstrasjonen torsdag kveld fekk han likevel lita støtte, og heller ikkje leiaren for ungdomspartiet til regjeringspartnaren Arbeidarpartiet, Gaute Skjervø var nøgd med den delen av statsbudsjettet som handla om studentane. 

– Å bruka pengar på studentar er ikkje ei utgift. Det er ei investering i framtida. Derfor forlangar me at heiltidsstudenten skal vera mogleg for alle, ikkje ein draum for nokre få. Me forlangar at bustad skal vera ein heim og ikkje eit spekulasjonsobjekt. No er tida inne for å gi eit skikkeleg løft for studentane, var bodskapen hans til regjeringa.

Lova stipend til studentar som fullfører

Tidlegare leiar for Unge Venstre Ane Breivik, kritiserte også regjeringa sin politikk for å få auka gjennomstrøyminga av studentar.

– Venstre føreslår difor at alle studentar som fullfører utdanninga si får eit stipend på 50 000 kroner. Me trur det vil motivera fleire til å fullføra på normert tid, trudde ho.

– Noreg treng ei studiestøtte som sikrar økonomisk tryggleik

For regjeringas budsjettpartnar SV stilte nestleiar Marian Hussein opp. 

– I dag kjempar de for at alle barn i Noreg uansett familiebakgrunn skal ha moglegheita til å ta høgare utdanning. Me i SV meiner at Noreg treng ei studiestøtte som sikrar ein økonomisk tryggleik gjennom studietida og at de kan konsentrera dykk om det viktigaste som er å vera studentar og ikkje om deltidsjobbane, sa ho.

Marian Hussein viste til at regjeringa har føreslått 2,9 prosent i auka studiestøtte utan å ta med prisveksten.

– Men i helse og sosial som eg jobbar med, skal helsetenester veksa med meir enn det som er kalkulert med skal vera forventa prisvekst i 2025. Så om du er student og har behov for helsetenester, må du betale meir for eigendelen enn det du får i auka studiestøtte. Me ynskjer å knyta studiestøtta til grunnbeløpet i folketrygda. Der er me på linje med NSO, understreka Marian Hussein. 

GULE HJELMAR: Studentane hadde tatt på seg gule hjelmar med teksten «Studentfabrikken» under demonstrasjonen framfor Stortinget i kveld.

Akademikarane støttar krav frå NSO

Også nyleg attvald leiar for Akademikarane Lise Lyngsnes Randeberg heldt ein appell til regjeringa med krav om å gi studentane eit betre budsjett. 

– I år trudde me ikkje at det kunne bli verre enn i fjor. I fjor vende me ryggen mot verda og smalt døra hardt igjen ved å redusera stipenddelen for utanlandsstudentar og ved å innføra studieavgift for studentar utanfor EU og EØS. Og når me trudde det ikkje kunne bli verre, kjem det også eit forslag om å innføra ei avgift for å ta opp igjen eksamen med ei grunngjeving om at det vil betra gjennomstrøyminga. konstaterte ho.

 Randeberg hadde også registrert at på grunn av frykta for kunstig intelligens, er det innført mange fleire skuleeksamenar.

– Og då kan ein dårleg dag øydeleggja mykje, var ho sikker på.

Og på vegner av Akademikarane støtta ho eit av studentane sine hovudkrav. 

– Me støttar at studiestøtta må opp til 1,5 av grunnbeløpet i folketrygda, sa ho og fekk applaus frå dei rundt 100 demonstrantane som hadde stilt seg opp framfor Stortinget på Eidsvolls plass. 

Også SU-leiar Audun Hammer Hovda, leiaren for Fagforbundet Ung Jeanett Lea Romslo og leiar for Unios studentorganisasjon Joanna Melby Myhre heldt appellar under demonstrasjonen. Også dei var kritiske til den delen av regjeringas statsbudsjett som handlar om studentvelferd og studiestøtte. 

Følg UA på Facebook og Instagram.