Filosofimiljøet tar grep – vil ta betre vare på dei nye studentane

Etter fleire varslingssaker knytt til fadderveka på filosofi for to år sidan har både linjeforeninga og instituttet tatt grep i år.

Heine Alexander Holmen er leiar for Institutt for filosofi og religionsvitenskap. Han seier at han verken kan bestemme eller ha kontroll over kva som skjer på eit nachspiel i Midtbyen. - Men vi kan ha veldig tydelege forventningar, seier han.
Publisert

- Det eg gleder meg aller mest til er den fyste kvelden, kor vi får moglegheita til å møte alle dei nye studentane.

Bjørgund Andrea Edvardsen, linjeforeningsleiar i Apeiron

Det seier Bjørgund Andrea Edvardsen, leiar for Apeiron, linjeforeninga til filosofistudentane. Ho gleder seg til å ta i mot dei nye studentane, for no er det fadderveka som står på agendaen.

I løpet av to veker skal 17 000 nye NTNU-studentar bli kjent med studieby og medstudentar, samt studentkultur og festing. Og sjølv om fadderperioden stort sett består av hygge og fest, kan den også by på vansker når alkoholen flyt og det sosiale presset er stort. Blant dei ikkje fullt så vellykka augneblinkane frå tidlegare fadderveker finn vi bråk, fyll, konsum av eddik og varslingssaker.

Slibrige kommentarar

Også for filosofistudentane sin fadderperiode har det tidlegare vore varsla om kvinnelege fadderbarn som opplevde uønska merksemd og slibrige kommentarar frå mannlege medstudentar. Derfor er Edvardsen oppteken av å stille strenge krav til fadrar.

- Det har vore problem i fadderveka tidlegare då eg var fadderbarn. Me jobbar for at det skal bli ei betre fadderveke i år enn tidlegare. Vi vil vere trygge fadrar, og derfor har vi laga ei fadderkontrakt der ein er klar over sitt ansvar og sin oppførsel, seier ho. 

Ho seier dei ønskjer at alle skal føle seg trygge. 

- Me oppfordrar jenter på filosofi til å vere fadrar, det trur eg er positivt for miljøet.

Når Edvardsen starta på filosofistudiet var det berre éin kvinneleg fadder. Det er kanskje ikke så rart, når studiet og instituttet har ei nokså skeiv kjønnsfordeling i mennene sin favør. Ho veit om dei tidlegare varslingssakene, og er derfor oppteken av at dei som er fadrar skal vere bevisst si rolle.

- Det er obligatorisk for alle fadrar å delta på faddermøte fredagen før fadderveka. Der pratar vi med instituttet om rolleforventingar blant anna. Fadrar skal ikkje prøve seg på fadderbarn. Det skal vere uaktuelt, seier ho.

Vil sette strenge krav

Også instituttleiaren ved Institutt for filosofi og religionsvitenskap, Heine Alexander Holmen, er oppteken av å gjere fadderveka til ei god oppleving for alle dei nye studentane. For to år sidan fekk han tilbakemeldingar om at det hadde vore dårlege erfaringar i fadderveka. Han er ikkje redd for å sette strenge krav.

 - Når det er ei minoritet er det normalt at det oppstår utfordringar. Det er klart at det er utfordringar i studentmiljøet på filosofi, dette er utfordringar eg sjølv kjenner frå mi tid som student, og eg trur det er samansett og vil ta lang tid å bli heilt kvitt, seier Holmen.

- For to år sidan fekk vi tilbakemeldingar om at det hadde vore dårlege erfaringar i fadderveka. Sidan har vi jobba med dette, og vi fekk ikkje dei same type varslingane sist år. Eg vel å håpe at det er ei positiv trend vi ser fortsette, fortset han.

I fjor byrja instituttet med ein praksis med eit faddermøte rett før fadderperioden startar, som blant anna inneheld eit «bøllekurs» i regi av instituttleiaren, med formål om å bygge sjølvtillit, sjølvinnsikt og øving i å kaste seg frampå. Dette skal dei fortsette med i år. På møtet står fadder-rolla og forventingar til ansvar og oppførsel på agendaen. 

 - Sjølv om vi har dette møtet og viser at vi har forventingar til fadrane, så er det linjeforeningar og studentane sjølv som driv fadderveka. Eg er ikkje sjefen deira, og kan verken bestemme eller ha kontroll over kva som skjer på eit nachspiel i Midtbyen. Men vi kan ha veldig tydelege forventningar, seier Holmen.

Linjeforeninga har reglar om at fadrar ikkje skal flørte eller ligge med fadderbarn, og det er Holmen glad for.

Meir fokus på alkoholfrie arrangementer

Linjeforeningsleiar Edvardsen har tru på at fleire alkoholfrie arrangement kan gjere fadderveka både meir inkluderande og tryggare.

- I år satsar vi meir på edru arrangement. Omtrent eit av tre arrangement blir alkoholfrie, med fokus på fag eller å bli kjent i byen i staden. Her har vi blant anna byvandring og spelekveldar, seier ho.

- Bøllekurset satte eg stor pris på då eg var fadder i fjor. Eg ser på det som noko som bidrar godt til korleis ein skal snakke og diskutere saman. Ein skal kunne ha ein respektfull diskusjon der fag ikkje blir bruk som trojansk hest for å vere ufin med sine medstudentar, særleg med sensitive tema, seier ho. 

Vil at fadderbarna skal vere i fokus

Ho får støtte frå leiaren av Studenttinget, Didrik Nore Lønnvik, som oppfordrar alle fadrar til å huske at det er fadderbarna som er i fokus. 

Didrik Nohre Lønvik er leiar av Studenttinget for perioden 2024-2025.

 - Vi anbefaler å ha noko edru opplegg. Det skal ikkje vere slik at ein må drikke for å delta, og på dei to vekene bør ein kunne klare å ha opplegg som kan passe for alle i faddergruppa. 

Han meiner det er mange fadderbarn som gleder seg til festinga i fadderveka, og trur derfor ikkje at løysinga er å ta bort festen.

- Dei fleste klarar jo å oppføre seg heilt fint på fest. Men dessverre er det nokon som ikkje klarar det, og då er ordningar som edru vakt eller trygge kontaktkanalar viktig for at fadderbarna skal få hjelp.

I tillegg trekk Lønnvik fram viktigheita av at fadrar forstår si rolle og avstår frå flørting og upassande tilnærmingar til fadderbarna.

Følg UA på Facebook og Instagram.