Ytring
Derfor bør masseoppseiingar ved ILU bekymre alle tilsette ved NTNU
- Dersom nedbemanninga får føregå slik NTNU har lagt opp til her betyr det at organisasjonen samla sett kan ha god økonomi, men likevel kan sparke folk på enkelte institutt eller fagseksjonar, skriv Unni Eikeseth.
- NTNU burde ha økonomisk handlerom til å finne alternativ til å sparke folk, skriv Unni Eikeseth. Biletet er frå då dekan Tine Hestbek orienterte dei tilsette om dei planlagde oppseiingane.
Foto: Eli Smeplass
Dette er en ytring. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens mening.
NTNU
er no i gang med dei første masseoppseiingane i organisasjonenens historie. I
første omgang vil NTNU seie opp 15 personar ved institutt for lærerutdanning.
Det
kan vere at du synest det er riktig og vel fortent at ILU eller andre institutt
må rydde opp i sitt eige økonomiske uføre. Eg kan ha forståing for dette synet.
Likevel
bør alle tilsette ved NTNU vere svært bekymra for korleis NTNU ser ut til å
ville gjennomføre denne prosessen. Dette kan skape presedens for korleis slike
prosessar vil foregå i framtida, og snart kan dette gjelde deg. Det kan også
skade NTNUs omdømme.
Nedbemanning
utan drøfting på nivå 1
Dersom
nedbemanninga får føregå slik NTNU har lagt opp til her betyr det at organisasjonen
samla sett kan ha god økonomi, men likevel kan sparke folk på enkelte institutt
eller fagseksjonar med grunngiving i raske og skiftande politiske og samfunnsmessige
endringar. Ved SU er fire fagseksjonar ved Institutt for lærarutdanning utpeikt
til å ta heile nedbemanninga. Ved min seksjon skal tre personar miste jobben. Nedbemanninga
er altså snevra inn til fire små utvalskretsar, mens utgangspunktet i
arbeidsmiljølova er at det er heile NTNU som er kretsen.
Ifølgje
arbeidsmiljølova skal arbeidgivar så tidleg som mogleg innleie drøftingar med
tillitsvalte med sikte på å komme fram til ei avtale for å unngå masseoppseiingar
eller for å redusere talet på oppsagte. Desse drøftingane må føregå på nivå 1 i
organisasjonen fordi det er rektor som er ansvarleg for økonomien og det er her
det er økonomisk handlerom til å finne alternativ. Nedbemanninga ved ILU har ikkje
vore drøfta på nivå 1. I følgje signala vi i naturfagseksjonen fekk i møtet om
overtalligheit onsdag 25.9 har NTNU heller ikkje til hensikt å gjere det.
Enig eller uenig?
Send oss din ytring på
I
staden ser det ut til at SU-fakultetet forskotterer nedbemanningsprosessen.
Tillitsvalte
er ikkje informert
I eit
haste-innkalla medlemsmøte med berørte fagseksjoner i regi av Forskerforbundet
og Utdanningsforbundet fredag 27.9 kom det fram at tillitsvalte verken på nivå
1 eller 2 hadde vore med på drøfte prinsipp for nedbemanninga, eller var
blitt informert på førehand om at fire fagseksjonar var valt ut til å ta heile
nedbemanninga.
Det
at fagforeiningane ikkje er informert, bidreg til å auke usikkerheit og stress
for oss som er tilsette ved dei fire utpeikte fagseksjonane. Vi sit no med
svært mange spørsmål som fagforeiningane ikkje kan svare på. Vi har blant anna blitt
informert om at det skal gjennomførast kartleggingssamtalar i nær framtid, og
vi er svært uroa for korleis utveljinga av overtalige skal føregå. Som
tidlegare tillitsvalt med erfaring frå nedbemanning i NRK veit eg at
fagforeiningar speler ei svært viktig rolle i å støtte og hjelpe tilsette i ein
slik situasjon.
Fare
for NTNUs omdømme
NTNU
har eit godt omdømme. Men eit omdømme er lett å bryte ned. NTNU har alt å vinne
på å oppføre seg som ein ansvarleg arbeidsgivar og forankre omstillings- og
nedbemanningsprosessar i organisasjonen. Det kan berre skje gjennom reelle
drøftingar og å finne fram til løysingar i samarbeid med
arbeidstakarforeiningar. Dersom NTNU hoppar bukk over dette risikerer universitetet
å bidra til mindre tillit hos eigne tilsette og i befolkninga for øvrig. Ikkje
minst risikerer NTNU negativ omtale dersom det blir rettssaker mot tidlegare tilsette
som meiner seg urettmessig eller usakleg oppsagt.
NTNU burde ha økonomisk handlerom til å finne alternativ
til å sparke folk. Det er svært dårlig ressursbruk å gå til oppseiing av svært
kompetente personar vi har investert så mykje i. Det er også stor risiko for at
masseoppseiingar vil gjere at NTNU framstår som ein mindre seriøs og attraktiv
arbeidsgivar i internasjonale forskarmiljø.
Dette bør også bekymre NTNUs styre. Vi bør forvente at handteringa av organisasjonens
aller første masseoppseiingar er øvst på agendaen i neste styremøte i oktober.