Ytring

Dette vil me med sivilingeniørane

- Samfunnet treng sivilingeniørar som ikkje berre er fagnerdar, skriv Lars Magne Lundheim i denne ytringa. 

- Samfunnet og næringslivet taper kvart år fleire kreative, engasjerte sjeler som kunne ha vorte dyktige problemløysarar men som har vorte demotiverte av eit studieopplegg som kunne ha motivert dei men som sviktar. Det er vårt problem, skriv Lars Lundheim i denne ytringa.
Publisert

Dette er en ytring. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens mening.

Takk til Elias Eide for det utfordrande innlegget Kva skal vi med sivilingeniørar? Me treng kritikk frå reflekterte studentar. Det er synd å seia det, men alt for ofte hengjer slik kritikk seg opp i banale trivialitetar som sensurfristar og handsaming av klagesaker. Ikkje so med Eides ytring. Han reiser fleire spørsmål av prinsipiell art, og det er der me treng diskusjon nett no. 

Enig eller uenig?

Send oss din ytring på

Eg vil gripa fatt i tre slike overordna tema frå undervisarperspektiv. Eide er ærleg og fortel at han ofte har hatt låg motivasjon for studiet. Dette kan sjølvsagt ha å gjera med at han har brukt mykje tid på andre typar engasjement, og når ein ikkje brukar nok tid på eit krevjande studium, vert utbytet lågt og motivasjonen deretter. Me som driv med undervisning kunne då trekkja på skuldrane og seia at det er studenten som har vanskar med å disponera tida si, altso ikkje vårt problem. Dette vert for enkelt. Samfunnet treng sivilingeniørar som ikkje berre er fagnerdar. Samfunnet og næringslivet taper kvart år fleire kreative, engasjerte sjeler som kunne ha vorte dyktige problemløysarar men som har vorte demotiverte av eit studieopplegg som kunne ha motivert dei men som sviktar. Det er vårt problem.

Eide føreslær tre tiltak: «Gode og engasjerande forelesingar, øvingsopplegg og høg kvalitet på eksamen må vere det aller viktigaste» Eg er ikkje so sikker på det. Er det sikkert at me skal førelesa so mykje? Er det sikkert at me skal ha «øvingsopplegg»? Er det sikkert at me skal ha eksamen? Desse tre aktivitetane er vel og bra til sitt bruk, og me skal nok ikkje slutta heilt med nokon av dei. Men dei siste tiåra har mange alternative lærings- og vurderingsformer vorte utvikla og utprøvd rundt om i verda med stor suksess. Dei viser seg å kunne apellera nettopp til det store fleirtal av ungdom som ikkje i utgangspunktet er teknologinerdar.

Endå eit sitat frå Eide: «Måla og visjonane [for NTNUs sivilingeniørutdanning] verkar no diverre for å vere fråverande.» Eg tvilar ikkje på at det er slik det fortonar seg for forfattaren, men desse måla og visjonane finst faktisk. Dei vart endeleg formulert for eit par år sidan og er å finna i rapporten Teknologiutdanning 4.0: Anbefalinger for utvikling av NTNUs teknologistudier 2022–2030 som er fritt tilgjengeleg på nettet. Rapporten er eit resultat av prosjektet FTS: Framtidens tekonolgistudier.

I denne rapporten vert alle utfordringane frå Elias Eide møtt. Han nemner ikkje desse visjonane i innlegget, truleg fordi han ikkje kjenner til dei. Og igjen: Det er vårt problem. Kva har NTNU gjort for å fylgja opp FTS-rapporten? Dette bør engasjerte studentar spørja. Kva gjer ditt studieprogram? Ditt institutt? Ditt fakultet? Rapporten er stappfull av idear for å utdanna kandidatar som kan møta utfordringane me står overfor som samfunn, lokalt og globalt.

FTS-rapporten svarar faktisk på Eides spørsmål. Det er dette NTNU vil med sivilingeniørane.

UA fylgde opp Eides ytring ved å intervjua både studentar og tilsette om Hva skal vi egentlig med sivilingeniører. Mellom anna vart tre dekanar spurde. Ingen av dei tre nemnde FTS. Er det rart visjonane verkar fråverande?