Fekk auka søkartalet, men no får dei ikkje ta opp nokon
Fire potensielle studentar gjennomførte opptaksprøven. To veker etterpå kom beskjeden om at NTNU ikkje har råd til å ta dei inn likevel.
Tove Kyvik speler ein del av stykket ho skal framføre på bachelorkonserten sin på slutten av semesteret, medan medstudent Johannes Høyland blar om i notane hennar for ho. Dei to kan for tida sjå ut til å vere blant dei siste studentane av sitt slag.Foto: Magnus Vattekar Sandvoll.
Den fireårige bacheloren i kyrkjemusikk- og orgelstudier har den siste tida fått mykje merksemd etter at opptaket til studiet vart fryst medan fire kvalifiserte søkarar stod klare til å starte på programmet.
Stor oppstandelse før påske
Studentane Tove Kyvik, Solveig Karoline Flekstad Vik og Johannes Erlendsson Høyland fortel om små opptak på studieprogrammet her ved NTNU og andre institusjonar med liknande program. No, etter eit større arbeid med rekruttering som både studentane og tilsette har vore involvert i, fekk ein auka søkartalet.
Den første veka i mars fekk ein difor inn fire potensielle studentar på prøvespeling.
Veka før påske skulle dei fire få svar på om dei fekk tilbod om å starte på studiet.
Då måtte instituttleiaren sende mail til dei fire og seie at dei eigentleg var kvalifiserte og kunne kome inn, men at med bakgrunn i den økonomiske situasjonen ved instituttet kunne det ikkje bli slik.
Dette gjorde at nokre ulike personar med tilknytting til programmet fekk organisert å forfatte eit opprop for å behalde studiet.
I skrivande stund har oppropet over 2700 underskrifter.
- Det er ikkje berre vener og bekjente som har skreve under kampanjen, men også kjende namn i organistane si verd, som Anna Lapwood, som stiller seg bak oss, seier Vik.
Ein av dei fire studentane reiste heilt frå Finnmark til Trondheim for opptaksprøven. Han skriv i oppropet at når han mottok beskjeden var det som å få ein fem tonns sjark kasta i ansiktet.
- Overraska og sjokkert
Ansvarleg for programmet, Knut Størdal, fortel at dei på instituttet ikkje var klare over at ein kom til å få fryst opptaket, trass beskjedar om den alvorlege økonomiske situasjonen ved instituttet.
Størdal viser til at eit godt arbeid med rekruttering gjorde at programmet som har slitt med søkartal i fleire år no fekk seks søkarar.
- Med heile seks søkarar var det ein oppsving som gjorde at vi såg optimistisk på opptaket, heilt til det var fryst av NTNU sentralt. Vi tenkte at vi skulle få lov sidan vi med søkartalet kom til å kunne gerere såpass mange studiepoeng at det ville gi finansiering, seier Størdal.
Frykter programmet blir nedlagt
Størdal fryktar at programmet kan bli nedlagt, og seier dei er opptekne av å få fram at departementet må gå inn og sikre at ein kan drive kyrkjemusikkutdanning i Trondheim.
- Det blir merkeleg om ein skal ha ei utdanning som denne i ei rekke andre norske byar, men ikkje i kyrkjehovudstaden Trondheim, seier Størdal.
Universitetslektor på kyrkjemusikkutdanninga, Erling With Aasgård, stiller seg kritisk til kva det vil seie at opptak til programmet er fryst.
- Tidlegare var årsstudiumet vi tilbyr fryst, no er det bacheloren. Det er nokon som er gode på å formulere seg her, for det verkar ikkje for meg som at å «fryse» er presis ordbruk her.
Han meiner nemleg at frysinga kan få fatale konsekvensar for studiet.
- Det er som at du har nokre raudlista dyr, fire sjeldne fjellrevar eller noko, også skyt du tre av dei og vil at den siste skal parre seg.
«Vil statsråden bidra til at vi som nasjon forvalter og tar vare på orgel- og kirkemusikken, og yrket, gjennom at vi tilbyr relevant utdanning for denne gruppen studenter?»
Grunngjevinga til Pettersen er i stor grad basert på det instituttleiar Nora Bilalovic Kulset ved Institutt for musikk har argumentert for i eit innlegg i Midtnorsk debatt.
Der skriv Kulset blant anna at vi risikerer at det ikkje fins kyrkjemusikarar meir. Dette forklarar ho med at vi ikkje utdannar desse i Noreg fordi det er for kostbart, for eksklusivt og at vi ganske enkelt bortprioriterer yrket.
- Ingen dramatikk reint juridisk
Kulset fortel til UA at institusjonane har høve til å trekke eit studietilbod etter at søknadsfristen er gått ut, men før studiestart.
- I dei økonomiske tidene vi er inne i no, er mangel på ressursar grunnlag for eit slikt vedtak, seier Kulset.
Ho fortel at studentar kvart år kan kome til prøvespel utan å få tilbod om studieplass. På jazzlinja hadde dei til døme nær 200 søkarar inn til andre opptaksrunde, men berre 14 fekk tilbod om studieplass.
- At studietilbodet blei trekt tilbake sjølv om dei var kvalifiserte, er det altså ingen dramatikk i reint juridisk sett, og at dei brukar tid og pengar på å kome til prøvespel, gjeld alle våre søkarar.
Å halde opptak kostar ifølge henne mykje tid og pengar.
- Vi hadde sjølvsagt ikkje køyrt opptak på orgel om vi kjende til at den økonomiske verkelegheita på NTNU ville utvikle seg på denne måten i dette tempoet. Ei kjapp lesing av sakene i UA viser jo at dette er noko som blir avdekt over heile NTNU i skrivande stund.
Både ledelsen ved instituttet og ansatte ved programmet håper no at andre kan kome inn og redde opptaket. Blant anna ønsker dei at Kunnskapsdepartementet tar ansvar. I tillegg håper dei på å få oppslutning rundt finansieringa ved kyrkjemøtet som føregår i Trondheim denne uka.
Trengs for å mette ein svolten arbeidsmarknad
I dag importerer kyrkjene i Noreg ofte organistar fordi ein ikkje utdannar nok i Noreg. Student Solveig Karoline Flekstad Vik fortel at ho før ho er ferdig på studiet allereie har fått valet mellom to attraktive jobbar.
Studentane er allereie godt i gong med arbeidslivet trass i å vere studentar enda. Alle tre fortel om å spele konsertar omkring i Trondheim og tek ofte arbeid der dei vikarierer for andre organistar i byen.
Dei tre stiller seg kritisk til at ein ikkje fortset med ein fireårig bachelor, men berre held på eittårsstudiet, som dei meiner ikkje kan erstatte kompetansen ein opparbeidar seg med ei fullverdig utdanning.
- Me har sett oss sjølv gå gjennom ei enorm utvikling som studentar her med dyktige undervisarar kring oss heile tida, seier Kyvik.
Lev på lidenskap og dyre studieplassar
Dei tre studentane fortel om store prosjekt som blir gjennomført av dei og undervisarane som er langt utanfor det ein forventer av stillingane dei tilsette har og det vanlege studentar gjerne driv med.
Kyvik trekk fram at dei ved sidan av studiet driv eit kor som etter kvart har fått ein plass mellom 30 og 40 aktive medlem, som er alle slags folk som har meldt interessa si for å drive med det. Det er berre ein av mange ting som studentane ser som eit viktig møtepunkt for mange, og noko som fort forsvinn om ein endar opp med å stenge dørene på studiet.
- Det er kor over heile Noreg, i alle slags bygder. Kven trur folk at organiserer og er dirigent i desse, spør Kyvik.
- Som NAV for musikk i distriktet
Sjølv om dei tilsette anerkjenner at utdanninga er dyr, er dei klar på at den er viktig.
- Kva verdiar skal vernast? Vi får eit trist samfunn om det berre er lærarar og sjukepleiarar som skal utdannast, seier universitetslektor Erling With Aasgård.
Han stiller seg kritisk til regjeringa sine val i kvar ein skal kutte. Universitetslektoren meiner organistar er viktige for at det skal fins nokon som kan organisere musikktilbodet i distriktet.
- Der eg vaks opp, og noko eg trur mange frå distriktet kjenner seg igjen i, var det ein organist som organiserte alt som var av musikk. Julekonsert, korps, kor, og alt det andre som foregikk på musikkfronten var det denne personen som var motor for.
- Organistane som får denne utdanninga fungerer som eit slags NAV for musikk i distriktet i mange tilfelle, slår Aasgård fast.
Viktige for å vidareføre kulturarv
Studentane er einige i at den fireårige utdanninga er nødvendig for å forvalte den klassiske orgeltradisjonen.
- Det er utruleg trist om kyrkjemusikken og orgeltradisjonen, som har vore viktig i Noreg i omkring 1000 år, skal forsvinne fordi det er dyrt å utdanne organistar, seier student Tove Kyvik.
Dei er opptekne av den lange historia til organistane er i Trondheim, som med Nidarosdomen har vore sentrum av kristendomen i Norden i mange hundre år.
- Ein må ikkje forvente at nokon med for lite eller ingen utdanning får til å spele i til dømes gravferder etter ønske, seier Kyvik.