Kortsiktig løysing på langsiktig problem med lærarrekrutteringa

Oddmund Hoel er bekymra for den stadige nedgangen i lærarrekrutteringa. Samstundes får han kritikk for å ikkje tenke stort nok.

Oddmund Hoel meiner trenden er alvorlig.
Publisert

Dagens opptakstal viser at vi framleis går mot lærarmangel, og den årelange nedgangen held fram. Regjeringa har gjort ei rekkje tiltak for å få fleire til å velje lærarutdanningane, samstundes står det plassar ledige over heile landet.

- Det har vore ei bekymringsfull nedgang i søkjarar til spesielt grunnskule- og barnehagelærarutdanningane sidan 2019. Dette er både ei nasjonal og ei internasjonal trend, seier forskings- og høgare utdanningsminister, Oddmund Hoel.

Hoel fortel at dei sidan i haust jobba med ei rekrutteringsstrategi.

- Eg laga i vinter saman med kunnskapsministeren ei rekrutteringsstrategi. Vi prata med alle organisasjonar og parter innan utdanning og barnehage. Denne strategien har ei rekke tiltak, for å gjer læraryrka meir attraktive.

Flinke og motiverte unge som endeleg kan bli lærar

Fleire universitet og høgskular søkte om dispensasjon frå karakterkrav i år i det lokale opptaket. Det gjorde ikkje NTNU.

- Vi ser at karakterkrava har gjort at mange som er motiverte og flinke ikkje kan bli lærarar. Dei lokale opptaka med dispensasjonar har hatt stor interesse. Så vi håpar det kan føre til gode tal ved studiestart, seier Hoel.

Dei einaste lærarutdanningane som har sett oppgang, er dei innan yrkesfaga.

- Vi er svært positive til at mange er motiverte for å jobbe med dei praktiske faga i skulen, som estetikk og formgjevingsfag, seier Hoel.

Mangel på langsiktige løysingar 

Leiar for Lærarstudentane Kaspara Halkjelsvik meiner karakterdispensasjonane har vist seg å ikkje vere nok, då det stadig er ei 6,8 % nedgang i potensielle lærarstudentar som har fått tilbod i år samanlikna med i fjor. Dette kjem fram i ei pressemelding sendt ut av Lærarstudentene i Utdanningsforbundet.

- Vi er bekymra for at regjeringa forsøker å løyse problemet med eit plaster, når vi treng sterkare medisinar. Tiltaka svekker utdanningane på sikt for å få litt fleire søkjarar i år, seier Halkjelsvik i pressemeldinga.

Halkjelsvik meiner at regjeringa prøver å løyse eit langsiktig problem med kortsiktige løysingar.

- Skal vi snu trenden, er det viktigaste å skape gode utdanningar og betre arbeidskvardagar for lærarar. Her gjer regjeringa altfor lite. Regjeringa har lempa på viktige krav som sørgjer for meir attraktive studium og mindre fråfall i løpet av utdanningane, samstundes er det framleis altfor få som vil bli lærarar, seier Halkjelsvik i pressemeldinga.

Følg UA på Facebook og Instagram.