Stadig usikkerhet kring kva formål og praksis norskkravet skal ha

- Eg er veldig positiv til norsk fagspråk, men språkopplæring av internasjonale tilsette er ei anna diskusjon som treng andre virkemiddlar, seier Sunniva Wittaker. 

- Skal ein ikkje få fullføre, om ein slit med norsk?
Publisert Sist oppdatert

Tidlegare i år meldte Kunnskapsdepartementet at det omdiskuterte kravet om norskkurs trer i kraft saman med resten av den nye UH-lova frå 1. august. Oddmund Hoel begrunner kravet med eit ønske om å bedre integrering og sørge for at fleire internasjonale midlertidig tilsette fortsett ei karriere i Noreg.

Innan tre år skal alle internasjonale tilsette nå høgare mellomnivå av norsk (B2 nivå). 

Over halvparten av stipendiatar og postdoktorar i Noreg er frå andre land.  Arbeidsgivar og arbeidstakar er begge ansvarlege for å følge opp kravet.

- Denne gruppa er allereie pressa på tid

Sunniva Wittaker meiner tvang er feil veg å gå.

Sunniva Wittaker er leiar for Universitet og høyskolerådet. Ho er kritisk til at kravet skal vere for alle. Ho meiner det er svær uheldig at andre stipendiatar får velge fagleg relevante emner, der internasjonale doktorgradsstipendiater og postdoktorar skal ta studiepoeng i norsk.

- Denne gruppa er allereie pressa på tid, og norskkravet vil bety at noko må nedprioriterast. Enten må perioden forlengast eller så må dei droppe fagleg relevante emner.

Ho peiker også på at kravet om eit spesifikt norsk nivå vil kreve svært ulik arbeidsmengde, etter kor ulikt morsmålet er norsk. 

- At det skal finnes tilbud er veldig fint, men det bør ikkje vere eit krav for alle. For det fyste er det ikkje alle stipendiatar som blir verande, det er ikkje alltid det finnes jobbar. B2-nivå er heller ikkje nok til å undervise.

Uklart korleis kravet skal følgjast opp 

Wittaker opplever at fleire både frå arbeidsgivar og arbeidstakar si sida er bekymra for ressursar og kapasitet. Særs ved eksternfinansierte prosjekter er det ikkje avtalar om at den eksterne parten skal finansiere norskudervisning. 

- Kva vil sanksjonane vere om ein ikkje klarar å oppfylle norsknivået? Om ein er flink i sitt fagfelt, men slit med det norske språket, skal ein ikkje få fullføre?

KD har meldt om nye ordningar med moglegheit for å søke om unntak frå kravet. Det er ikkje den ønska redninga i følge Wittaker.

- Det høyres ut litt vell byråkratisk ut, sier Wittaker.

I tillegg påpeiker Wittaker at ein i debatten har blanda saman forvalting av norsk fagspråk og opplæring av internasjonale tilsette.

- Eg er veldig positiv til norsk fagspråk, men språkopplæring av internasjonale tilsette er ei anna diskusjon som treng andre virkemiddlar. 

- Universitets- og høgskulesektoren har stor innverknad på språkbruken i samfunnet elles

- For at norsk skal vera eit fullverdig, samfunnsberande språk må det vere brukeleg og i faktisk bruk på alle samfunnsområde. Universitets- og høgskulesektoren er svært viktig i denne samanhengen, fordi sektoren har stor innverknad på språkbruken i samfunnet elles, seier Åse Wetås.

Åse Wetås meiner språkkravet vil gi nytte både for den enkelte tilsette og for norsk som parallellspråk i akademia.

Wetås er direktør i Språkrådet, som lenge har peika på viktigheta av tiltak for å bevare det norske fagspråket.

- Me ser på kravet til studiepoeng i norsk først og fremst som eit signal om at institusjonane òg må leggja til rette for god integrering i arbeidsmiljø og samfunn. Slik er man ei brikke i det store puslespelet som skal sikra at institusjonane får ein god parallellspråkleg praksis med preferanse for norsk.

- Når det gjeld krav til at fast tilsette i UH-sektoren skal tileigna seg norskkompetanse på B2-nivå i løpet av dei første åra dei er tilsette, handlar det ikkje minst om at dei på sikt skal kunna undervisa og rettleia på norsk, og kunna delta fullverdig i eit arbeidsmiljø der norsk er administrasjons- og verksemdsspråk. 

Ho peikar også på at engelsk er eit andrespråk for mange, som det er krever mykje arbeid å lære å uttrykkja seg godt på.

Primært eit arbeidsmiljøtiltak

Wetås meiner krava til norskopplæring for stipendiatar og postdok-stipendiatar er primært eit arbeidsmiljøtiltak, og er meint til å stimulera den parallellspråklege praksisen til institusjonane.

Kravet er på 15 studiepoeng med norsk, dette er truleg ikkje nok til å lære å skrive eller lese forsking på norsk. Har kravet då noko for seg?

- Det er ikkje meininga at ein med 15 studiepoeng skal kunna tileigna seg kompetanse i å skriva eller lesa forsking på norsk. Kravet må rettast inn mot reseptiv språkforståing og det heilt grunnleggjande ordforrådet, og det skal vera til støtte for den einskilde i møte med det norskspråklege samfunnet ein er del av for ein kortare eller lengre tidsperiode. 

Wetås meiner UH-sektoren heng etter.

- I dei fleste andre bransjar er arbeidsplassen den beste arenaen til språkleg integrering, men der har UH-sektoren utfordringar. Me registrerer at ein del argumenterer med at ferdige kandidatar likevel får seg arbeid i verksemder med engelsk som arbeidsspråk, men dei ser ut til å gløyma at ein i det norske samfunnet treng å kunna språket for å delta i samfunnsliv og demokrati og ha god rettstryggleik.

Følg UA på Facebook og Instagram.