Aktor var overtydd om at vanleg fengselsstraff ikkje var nok: – Den tiltalte er ein farleg person

Aktor bad om 7 1/2 års fengsel og forvaring for UiO-studenten som er tiltalt for drapsforsøk på ein person og kroppsskade på ein annan.

FORVARING: Aktor Alvar Randa var overtydd om at vanleg fengselsstraff ikkje var tilstrekkeleg for den tiltalte.
Publisert Sist oppdatert

Det var den 24. august i fjor ein farmasistudent på UiO gjekk til åtak med kniv på førsteamanuensis Ingunn Björnsdottir på Farmasøytisk institutts avdeling i Gydas vei 8. 

Det skriv avisa Uniforum. 

Ho blei redda av den kvinnelege kollegaen sin, som klarte å kasta seg over han, og til slutt fekk dei hjelp av to andre personar til å leggja han på golvet og ta kniven frå han.

Då hadde han utført 21 knivstikk frå halsen til mageregionen på Björnsdottir, medan kollegaen hadde fått kuttskader i den venstre handa og i den høgre overarmen. Den tiltalte hadde kome på eit møte med Björnsdottir og kollegaen for å få ei forklaring på kvifor han hadde stroke på konteeksamen i farmasi. 

– Han må visa at han kan handla annleis 

Rettssaka mot farmasistudenten frå Autslandet starta i Oslo tingrett på måndag, medan den blei avslutta torsdag med prosedyrane frå aktor Alvar Randa og forsvarar Petar Sukilic.

Alvar Randa gjorde det raskt klart at han ikkje berre ville be retten om å døma den tiltalte til den høgaste moglege fengselsstraffa for drapsforsøk og kroppsskade, men også døma han til forvaring. 

- Eg vil seia at den tiltalte er ein farleg person, sa han.

Derfor meinte han at det ikkje ville vera eit tilstrekkeleg samfunnsvern om den tiltalte kom ut av fengselet som 32-åring etter å ha sona ei straff på 7 ½ år. 

- Han må visa at han kan handla annleis. Samfunnet kan ikkje ha ein person som det «snappar» for midt på gata, sa aktor.

– Eg går inn for at retten dømmer han til forvaring

Alvar Randa var derfor overtydd om at vanleg fengselsstraff ikkje var tilstrekkeleg for den tiltalte. 

- Forvaring kan i teorien vara livet ut. Men det kan brukast i dei tilfella der samfunnsvernet ikkje blir tatt godt nok vare på, slo han fast. 

Han peika på at om den tiltalte blir dømt for drapsforsøk, er det ingenting i vegen for at han ikkje kjem til å bruka vald i framtida. Randa viste også til at det ikkje var noko vilkår mot forvaring at han ikkje tidlegare er dømt for noko kriminelt.

- Samtidig er han i ein tilstand som det ikkje er mogleg å få behandling for. Det skal føretakast ei individuell vurdering. Eg går inn for at retten dømmer han til forvaring, var påstanden hans. I tillegg la han ned ein påstand om at han må dømmast til 7 1/2 år i fengsel for drapsforsøk på Ingunn Björnsdottir og for kroppsskade på kollegaen hennar.

– Ingen nærliggjande fare for at han vil gjera det igjen

Forsvararen Petar Sekulic var svært ueinig med aktor i kva straff det var rettferdig å døma han til. Han meinte at det på ingen måte var nødvendig med forvaring, for det var ingen gjentakingsfare.

- Grunngjevinga for det er at han har hatt nok innsikt under fengselsopphaldet til å erkjenna at han treng å gå til behandling, og det på førespurnad frå han sjølv, ifylgje fengelspsykiater Håkon Moen Schelle. Det er heller ingen nærliggjande fare for at han vil gjera det igjen, trekte han fram.

TRE ÅRS FENGSEL: Forsvarsadvokat Petar Sekulic rådde retten til å dømma den tiltalte studenten til tre års fengsel for grov kroppsskade på Ingunn Björnsdottir, men frikjenna han for kroppsskade på kollegaen hennar. Han avviste fullstendig behovet for forvaring, slik aktor la ned påstand om.

Så ville han påvisa at det heller ikkje var meininga til tiltalte å drepa Ingunn Björnsdottir.

- Det viser det faktum at han kutta henne i halsen, men ikkje begynte å skjera. Han visste at det ville vera dødeleg. I desse to sekunda finn han ut at det heller ikkje ville vera proposjonalt med den smerta han hadde opplevd. Derfor flytta han kniven ned mot mageregionen hennar fordi han ville skada henne, men ikkje for å ta livet av henne, presiserte han.

Dessutan peika han på at han hadde vurdert sjansane for at ho ville overleva.

- Naudetaten ville koma fort til. Ja, og om han ville ha tatt livet av henne, kunne han altså gjort det då han heldt kniven mot strupen hennar, sa Sekulic.

– Har invitert oss inn i hovudet sitt

Også han la stor vekt på kor open den tiltalte hadde vore i retten. 

- Denne saka er unik, for den tiltalte har invitert oss inn i hovudet sitt, slik at han heilt ufiltrert gir oss ei skildring av det han meiner og seier, poengterte Sukilic. 

Når det gjeld skadene på kollegaen som greip inn, meinte Petar Sekulic at det var skader ho fekk frå kniven fordi ho greip inn og ville hindra knivåtaket hans på Björnsdottir.

- Derfor seier han seg skuldig i grov kroppsskade mot Björnsdottir, noko som retten kan dømma han for, men han vedgår inga skuld for kroppsskade på kollegaen hennar. For den skaden ho fekk, var ikkje tilsikta.

Forsvarsadvokat Petar Sekulic rådde derfor retten til å dømma den tiltalte til tre års fengsel for grov kroppsskade på Ingunn Björnsdottir, men frikjenna han for kroppsskade på kollegaen hennar. Om retten ville fylgja påstanden frå aktor og døma den tiltalte for drapsforsøk, meinte han straffa måtte setjast til seks års fengsel og ikkje til 7 ½ år. 

– Det blei påstått at eg ikkje erkjenner diagnosen

Under prosedyrane frå aktor Alvar Randa og forsvarsadvokat Petar Sekulic sat den tiltalte bøygd mot PC-en utan synlege reaksjonar på det som blei sagt.

Før retten blei heva, fekk han også sjansen til å seia nokre ord til retten. Då nytta den 24 år gamle farmasistudenten høvet til å korrigera noko av det som var blitt sagt. 

- At eg tok med meg to knivar i sekken, betyr ikkje at eg planla åtaket, sa han.

Og han opna for ei mogleg erkjenning av at han har Asperger. 

- Det blei påstått at eg ikkje erkjenner diagnosen. At eg ikkje trur at eg har Asperger, kan prova at eg har Asperger, sa han. 

Dommar Hanne Signe Nymoen opplyste at dommen ville vera klar om to til tre veker.

- Då har den domfelte to veker på seg til å anka dommen inn for ein høgare rett, opplyste ho den tiltalte om.