Farmasistudent frå UiO dømt til forvaring i sju år og seks månader
Ein farmasistudent som i august i fjor knivstakk ein kvinneleg førsteamanuensis og kollegaen hennar er dømt til forvaring i sju år og seks månader for drapsforsøk og grov kroppsskade.
ÅSTADEN: I denne bygningen gjekk den 24 år gamle studenten til knivåtak på førsteamanuensis Ingunn Björnsdottir. Også ein kollega som greip inn blei skadd. No er han i Oslo tingrett dømt til forvaring i sju år og seks månader.
Foto: Martin Toft
Det var 24. august i fjor den no 24 år gamle studenten frå Austlandet gjekk til åtak på førsteamanuensis Ingunn Björnsdottir med kniv på Farmasøytisk institutts avdeling i Gydas vei 8.
Ho blei redda av ein kollega som kasta seg over mannen etter at han hadde gått laus på førsteamanuensen. Den sistnemnde blei lagt inn på Ullevål sykehus med store skader, medan redningskvinna blei lettare skadd.
Det skriv Uniforum.
Misnøgd med stryk
Motivet mannen presenterte i retten var at han var misnøgd med at han hadde fått strykkarakter på konteeksamen, og ynskte å få ei forklaring frå Ingunn Björnsdottir. Rettssaka gjekk føre seg i fire dagar i slutten av førre månad.
I dag kom dommen frå Oslo tingrett. Mannen er dømt til forvaring i sju år og seks månader for drapsforsøk på Ingunn Björnsdottir og for grov kroppsskade på kollegaen. Khrono melde dette først.
Forvaring og oppreising
Dommen, som Uniforum har fått tilgang til, fører i praksis til at han vil han få ei minstetid på fem år i forvaring. Dei 374 dagane han har sete i varetekt blir trekte ifrå denne dommen.
24-åringen er også dømt til å betala oppreisingserstatning til Ingunn Björnsdottir på 390 000 kroner, i tillegg til ei erstatning på 14 885.
Han er også dømt til å betala ei oppreisingserstatning på 120 000 kroner til kollegaen som greip inn og klarte å avbryta valdshandlinga hans. Mannen må også betala ei erstatning på 5482 kroner til henne.
Dessutan er han dømt til å betala systera til Ingunn Björnsdottir ein sum på 8991 kroner. Alle erstatningssummane må betalast innan to veker etter at dommen er kunngjort.
- Ikkje avgjort om dommen skal ankast
Forsvarar Petar Sekulic seier til Khrono at det enno ikkje er avgjort om dommen skal ankast.
Hege Salomon som er bistandsadvokat for Ingunn Björnsdottir og kollegaen hennar, uttalar til Avisa Oslo at ho er godt nøgd med dommen.
– Den er i samsvar med det eg forventa, seier ho til avisa.